- Ingen eig Jesus

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000


- Ingen kan krevja eigarskapen til Jesus. Han blir framstilt både som opprørar og representant for det etablerte, som pasifist, forsvarsvenn, kapitalist og kommunist. I tillegg dukkar han også opp i mange andre religionar enn i kristendomen. Me vil visa ein del av dei 2000 ansikta til Jesus.

Alexa Døving og Knut Aukrust

- Me vil visa ein del av dei 2000 ansikta til Jesus under Humanioradagane, seier Alexa Døving og Knut Aukrust .

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det seier leiar for Humaniorakomiteen, Knut Aukrust og koordinator Alexa Døving. Dei er hovudansvarlege for programmet under Humanioradagane som tar til torsdag 30. mars og varer fram til og med sundag 2. april. Og i år vil altså alt dreia seg om totusenårsjubilanten Jesus under desse dagane, som Det historisk-filosofiske fakultetet ved UiO står bak.

Jesus som muslim

- Me ynskjer å få fram nye og ukjente sider ved personen Jesus. Difor blir ikkje desse arrangementa noko bønnemøte, derimot vil me setja ein del spørjeteikn ved framstillinga av Jesus, også for dei som bed innimellom. Kva som er sant og kva som ikkje er sant ved Jesus, kan andre ta seg av. Poenget vårt er å visa forskjellige Jesusbilete. Mange vil kalla det for ei relativisering av Jesus, men målet vårt er å visa korleis Jesus har blitt tolka av folk opp gjennom historia.

Difor har me sett opp tema som ”Jøden Jesus”, ”Jesus som mor”, ”Jesus frå Jæren” og ”Jesus som muslim”, seier Alexa Døving. Humanioradagane opnar torsdag 30. mars klokka 18.30 i Universitetets Aula med urframføringa av Sigvald Tveits nye messe ”Missa Brevis”. Då vil også skodespelaren Jan Grønli lesa eit utdrag frå stykket ”Bøddelen” av Pär Lagerkvist, før dekan Even Hovdhaugen vil opna Humanioradagane.

Gunnar Stålsett deltar

Knut Aukrust vil gjerne trekkja fram debattmøtet fredag 31. mars klokka 13.00 i Georg Sverdrups hus på Blindern. Det har fått tittelen ”Krybba i krysseld – er religion utgangspunkt for konfliktar?

- Då vil tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet, Janne Haaland Matlary, innleia med eit foredrag om religion og konflikt. Ho vil fortelja om sine røynsler frå fredsarbeid og internasjonalt samarbeid. Førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik vil stilla spørsmål ved om religiøst engasjement er eit trugsmål mot fred i Midtausten. Også biskop Gunnar Stålsett og forskarane William Lafferty og Inger Furseth vil delta på dette debattmøtet, der konflikten i Nord-Irland og kva høve muslimar har til å praktisera religionen sin i Noreg blir tatt opp, fortel Aukrust. I Nasjonalgalleriet blir det utstilling av korleis Jesus har blitt framstilt i kunsten, medan det i Oslo Domkyrkje blir vist 80 ikonbilete av 10 norske ikonmålarar. Og i Cinemateket skal det visast filmar med Jesus som tema. Både Jesus fra Montreal, Babettes gjestebud, Life of Brian og Matteusevangeliet er filmar som blir sette opp i samband med Humanioradagane.

Hoem, Bringsværd og Dahl

Og så må me ikkje gløyma å få med at forfattarane Edvard Hoem, Tor Åge Bringsværd og Tor Edvin Dahl sundag 2. april klokka 16.00 har ei tilskiping i Gamle festsal i Urbygningen. Den har me kalla for Forfattarane sin Jesus, og dei vil fortelja om korleis dei har blitt gripne av Jesus både litterært og personleg. Alle desse forfattarane har forresten vore studentar ved Universitetet i Oslo, understrekar Aukrust, før både han og Døving legg til:

Også dagens studentar i religionshistorie brukar Jesus og kristendomen som tema for hovudoppgåvene sine. Det viser at Jesus framleis er like aktuell.

Arrangementa under Humanioradagane vil gå føre seg i Georg Sverdrups hus (nye UB) på Blindern, Universitetets Gamle festsal i Urbygningen og Universitetets Aula i sentrum, Nationaltheatret, Filmens hus, Historisk museum, Oslo Domkyrkje, Nasjonalgalleriet og Olaf Norlis bokhandel.

Dersom du vil sjå heile programmet, kan du gå inn på nettadressa til Humanioradagane:
http://www.hf.uio.no/humanioradagene-2000/


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000

Publisert 22. mars 2000 21:35 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere