Første pasientar til det nye Rikshospitalet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000


På kvinnedagen 8. mars kom dei første fire pasientane til det nye Rikshospitalet på Gaustad. - Det er klart dette er spennande for oss, men nokon må også vera dei første. Det er likevel trist å forlata det gamle Rikshospitalet.

pasienter

- Det er kjekt å vera blant dei første pasientane som tar i bruk det nye Rikshospitalet, meiner Berit Trolsrud.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det sa pasient Berit Trolsrud då ho blei trilla ut av ambulansen og inn i det nye sjukehuset. - Me kjem til å mimra heile natta om kor godt me hadde det på det gamle Rikshospitalet, lova ho. Utanfor pasientromma blei dei første pasientane ynskte velkomne av sjukehusdirektør Åge Danielsen og folkemusikkgruppa Bukkene Bruse med Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Kvar av dei fire pasientane fekk overrekt boka om det gamle Rikshospitalet Rikets hospital, av Øivind Larsen.

- Dette blir nok ein stor overgang frå det gamle sjukehuset. Når dei første pasientane no er her, så skal me gjera alt som står i vår makt for å få sjukehuset til å fungera. Det er ein svært etterlengta dag etter at me har levd i uvisse i så mange år. Men no er me endeleg i gang med sjukehusdrift her på Gaustad, understreka sjukehusdirektøren.

Til saman blei åtte pasientar frå Hudavdelinga flytta opp til det nye Rikshospitalet denne dagen. I løpet av mai vil alle avdelingane frå det gamle Rikshospitalet ha flytta inn i det nye sjukehuset på Gaustad. Det blir to år etter den opprinnelege planen og seks år etter at bygginga tok til.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000

Publisert 22. mars 2000 21:37 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere