- Me elskar studentar!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


UV studentinfo.
GODE RÅD: Førstekonsulent Tone Vold-Johansen og konsulent Kathrine Høegh-Omdal ved UV studentinformasjon gir gjerne gode råd til studentane.

- Me elskar studentane og har som mål at ingen student skal gå herifrå utan at han eller ho har fått eit svar på spørsmålet sitt eller blitt fortalt kvar dei kan få svar. Det seier Tone Vold-Johansen og Kathrine Høegh-Omdal ved UV studentinformasjon.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Studentinformasjonen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet er den siste i rekkja av studentinformasjonssentra ved Universitetet i Oslo. Frå før eksisterer SV Info-senter, HF studentinformasjon, studentinformasjonen ved Det juridiske fakultetet og studentinformasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Men UV studentinformasjon er nok det minste av desse fem sentra.

- Ja, men det utnyttar me til vår fordel og nettopp difor har me høve til å yta kvar student ein ordentleg personleg service, noko som truleg ikkje ville ha vore mogleg for dei andre sentra på grunn av den store pågangen frå studentane, seier Vold-Johansen. Dagleg tar dei imot rundt 50 telefonsamtalar og 50 studentar som dukkar opp i skranken til UV studentinformasjon, som ligg midt i landskapet i 2. etasje i Helga Engs hus. Til saman arbeider ein person på heiltid og ein person på halvtid med å informera dei rundt 2300 studentane ved UiOs yngste fakultet.

Kummerlege forhold

Studentinformasjonstenesta blei starta opp i august i fjor under ganske kummerlege forhold.

- Då var det bygningsarbeid overalt her. Me hadde verken datamaskinar eller skrivar. Det einaste som stod ferdig, var skranken, men der mangla me lys. Men me starta opp med friskt mot med ekspedisjonstid frå 09.00 til 15.00, og frå første dag blei me rent ned av spørjelystne studentar, fortel Vold-Johansen.

Studentinformasjonssentra ved UiO

SV Info-senter:
Stifta: 1992. 2 heile stillingar. 10 e-postmeldingar dagleg. 35 daglege telefonsamtalar og 50 personar møter opp kvar dag.
Ekspedisjonstid: 09.00-11.00 og 12.00-15.00

HF studentinformasjon:
Stifta 1997. 5 stillingar. 51 e-postmeldingar i desember 1999. 36 daglege telefonsamtalar og 216 personar møter opp dagleg.
Ekspedisjonstid: 09.00-15.00

MN-studentinformasjon:
Stifta 1990. Ingen faste stillingar. Ingen statistikk over telefonsamtalar og personleg besøk.
Ekspedisjonstid: 12.00-15.00

Info-senteret ved Det juridiske fakultetet:
Stifta 1997. 5 stillingar. Fekk 200 e-postmeldingar i januar.
Ekspedisjonstid: 09.00-11.00 og 12.00-15.00

UV studentinformasjon:
Stifta 1999. 1 ½ stilling. 50 daglege telefonsamtalar og 50 personar møter opp dagleg.
Ekspedisjonstid: 09.00-15.00

- Ja, me følte verkeleg at det var behov for oss, skyt Høegh-Omdal inn.

- Studentane spør oss om alt mogleg frå studietilbod på grunnfag og mellomfag, om kva undervisning me tilbyr i døvetolking og teiknspråk og korleis fakultetet har lagt opp undervisninga i pedagogikk og i den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Dei som ringjer oss, ber oss også om å få tilsendt søknadsskjema, dei vil vita korleis skjermregistreringa går føre seg, og det er også nokon som ringjer inn og vil tinga rom til forskjellige arrangement her i Helga Engs hus, seier Høegh-Omdal.

Avlastar institutta

Begge er samde om at opprettinga av UV studentinformasjon har avlasta institutta.

- Tidlegare gjekk studentane rett til institutta om dei lurte på ting som hadde med studietilbod og fag å gjera. No kan dei få svar på dei fleste spørsmåla hos oss eller me kan senda dei til rette vedkomande, seier dei. Sjølv om ekspedisjonstida er slutt klokka 15.00, så er det likevel studentar som er frampå med spørsmål så lenge dei ser at det sit nokon i skranken.

- Då seier eg: ”Det er stengt”. Og då svarar studentane som regel: ”Men du sit jo her! Og då berre gjentar eg: ”Men det er stengt! fortel Vold- Johansen og ler.

Prioriterer nye studentar

Men det er ei gruppe med studentar dei prioriterer og som dei gjerne står på pinne for.

- Det er først og fremst dei nye grunnfagsstudentane. Dei veit mest ingenting når dei kjem hit. Difor synest me det er viktig at me tar oss godt av dei og hjelper dei med dei praktiske og teoretiske spørsmåla dei har, meiner både Tone Vold-Johansen og Kathrine Høegh-Omdal.

Ingeborg Prestkvern, som tar embetsstudiet i pedagogikk, er ein av dei som har bede UV studentinformasjon om hjelp. - Eg fekk den informasjonen eg bad om, så eg må seia meg godt nøgd med dei som arbeider der.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 13. mars 2000 08:35 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere