Om språksamlingane ved Universitetet i Oslo

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


Debatt:

I Uniforum nr. 1, 27. januar d.å., har tre tilsette ved samlingsseksjonane under INL (Institutt for nordistikk og litteraturvitskap) eit innlegg der dei gjev uttrykk for uro og otte over planane om å leggje språksamlingane ved INL til eit eige senter direkte under fakultetet (HF). Ein kan ha ulike meiningar om ymse sider ved korleis eit slikt senter skal drivast, men underskrivne, som også er tilsette ved språksamlingane, tek sterkt avstand frå det synet som kjem fram i innlegget, nemleg at språksamlingane no er i fare og må reddast frå HF-leiinga. Tvert om ser vi senterorganisering som eit fremjingstiltak.

Det blir for det første framstilt som ei ulykke at samlingane blir organisatorisk skilde frå INL. Vi stiller oss heilt uforståande til eit slikt synspunkt. Fysisk blir ikkje avstanden større enn den er i dag – storparten av samlingane ligg i P.A. Munchs hus, og der vil dei truleg også bli verande. INL har sine lokale i Henrik Wergelands hus, dvs. i bygningen ved sida av P.A. Munchs hus. Samlingane har dessutan levt lenge (1971-1989) som eigne institutt før dei kom inn under INL. (Før 1971 var dei sjølvstendige einingar, dels direkte under departementet, dels under Forskingsrådet.) Og organisatoriske grenser treng ikkje vere til hinder for eit samarbeid.

For det andre avviser dei tre at styring, dvs. manglande styring, skulle vere ein akseptabel grunn til å leggje språksamlingane til eit eige senter. Dei som kjenner tilhøva, veit at samlingsseksjonane treng betre styring. Språksamlingane treng synleggjering; arbeidet med utvikling og vedlikehald av dei er aldri blitt kvantifisert, langt mindre evaluert. Det er også slik at framdrifta av dei ymse prosjekt som spring ut av samlingane kan kritiserast; jamvel om det her som elles gjeld at det kjem an på augo som ser, og kva ein har som mælestav. Både ressursmangel og manglande nytenking har vore og er framleis eit problem.

Eit viktig argument for skipinga av eit senter er at i dette tilfellet vil samlingane bli tilført integrert IKT-ekspertise, som dei lenge har ønskt. Det er hardt tiltrengt i ei tid då svært mykje av bearbeiding og utnytting av språkmateriale (i redigering av ordbøker etc.) må skje ved hjelp av IKT, med programvare som er særskild utvikla og tilrettelagd for språksamlingane. Både styrkt IKT-innsats og kontakt med eksterne oppdragsgjevarar er ønskjeleg. Dette er å byggje ut arbeidet ved samlingane som vitskapleg verksemd, ikkje det motsette. Dette har fakultetet innsett; og vi har forstått, også ved fleire møte om denne saka, at fakultetet er innstilt på å hjelpe oss. Å slå alarm overfor Kollegiet på den måten dei tre konkluderer med, er å snu saka fullstendig på hovudet.

Vi har den tillit til fakultet og kollegium at dei ikkje nøyer seg med å telje kor mange som meiner det eine og kor mange som meiner det andre i denne saka, men ser på kva som på lang sikt er den beste løysinga for fagmiljøet ved Universitetet i Oslo.

Oddrun Grønvik
Tom Schmidt
Erik Simensen


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 9. feb. 2000 13:25 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere