Lag nye eksamensformer!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


studenter

TRIVEST: Studentane Arne Haugen og Randi Hoff trivest godt, men ser fram til dei nye planane for å heva studiekvaliteten ved UiO.

Blakar oppfordrar fagmiljøa:

- Søknader om tiltak for å betra studiekvaliteten, ikkje minst utprøving av nye eksamensformer og omlegging av eksamen vil stå sterkt når den årlege omstillingspotten på 100 millionar skal fordelast.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det lovar prorektor Rolv Mikkel Blakar, som trur arbeid med eksamen kan bli eit viktig tiltak for at UiO skal nå målet i langtidsplanen om å tilby eit studiemiljø på linje med det beste i Europa.

- Årsaka til at me satsar så sterkt på å prøva ut nye eksamensformer er at det ikkje er noko anna enkeltelement som styrer studentane si læring og studering så mykje som eksamen. Målet vårt er å finna fram til ei eksamensform som ikkje øydelegg eit godt studium. Diverre har altfor mange av våre eksamenar berre gått ut på å finna ut kor mykje ein eksamenskandidat har klart å pugga av pensum. Tenk deg ein jurist som skal svara på juridiske spørsmål utan tilgang til relevant litteratur og dokument? spør Blakar. Han leier arbeidsgruppa for studiekvalitet ved UiO.

Oppfyller vallovnaden

No ynskjer han ein diskusjon om sjølve eksamenssituasjonen for å finna fram til nye eksamensformer som ikkje vil bryta ned studiet. Han viser også til at dagens eksamensformer er svært ressurskrevjande både når det gjeld utgifter til eksamensvakter og til lokale.

- Viss me klarer å få dette til, vil det vera med på å oppfylla vallovnaden Kaare R. Norum og eg kom med under rektorvalkampen i 1998 om at me ville overføra ressursar frå kontroll til læring, det vil altså seia frå eksamen til undervisning, seier han.

Nye karaktersystem

Det er studiereformene ved Det juridiske og Det medisinske fakultetet som er rollemodellar for moglege endringar i karaktersystemet og eksamensformene også ved andre fagmiljø ved universitetet. Blakar trekkjer gjerne fram desse fakulteta for å visa at det går an å gjera noko med studiekvaliteten.

- Ja, ved Det juridiske fakultetet har dei innført den internasjonale bokstavkarakterskalaen som erstatning for den gamle desimalsentrerte karakterskalaen. Og ved Det medisinske fakultetet har dei gått enda meir radikalt til verks, og innført karakterane bestått/ikkje bestått. I tillegg har medisin innført problembasert læring. Alt dette har vore med på å trekkja fokuset vekk frå eksamen og over til undervisninga, meiner Blakar. Han viser dessutan til Det odontologiske fakultetet som har skore ned talet på eksamenar frå 23 til 11 gjennom heile studiet.

Betre vilkår for heiltidsstudenten

Blakar har som første mål å få gjort noko med studiemiljøet ved dei frie studia.

- No må fagmiljøa ved HF- og SV-fakultetet ta innover seg at etter innføringa av ex.fak.-eksamen får dei andre typar grunnfagsstudentar enn tidlegare. Blakar vil dessutan gi heiltidsstudenten betre vilkår enn i dag og finna fram til metodar som kan skilja tilbodet heiltidsstudenten får i høve til deltidsstudenten. - I dag har me ein frusterande lapskaus av heiltidsstudentar og deltidsstudentar, meiner Blakar.

Rådgjevar Øyvind Ytreberg ved Seksjon for læringsmiljø og studiekvalitet og sekretær for arbeidgruppa for studiekvalitet, er overtydd om at vegen som Det juridiske fakultetet har staka ut, er rette vegen å gå i arbeidet med å betra studiekvaliteten.

Sensorrettleiing

- Der er eksamen meir knytt til fakultetet enn til personar. Det gjer det lettara å innføra nye eksamensformer som kan brukast som virkemiddel for å få eit betre studiemiljø. Til kvar eksamen fylgjer det no med ei rettleiing til sensorane om korleis dei skal vurdera svara. Denne rettleiinga vil etter kvart også bli tilgjengeleg for studentane. Dessutan har tidlegare eksamensoppgåver blitt lagde ut på internett, fortel han. Han er også oppteken av å avliva den mest utbreidde haldninga til eksamen.

- Alle trur at eksamen styrer studentane si læring, medan det i røynda er studentane som let seg styra av myten om at eksamen er reproduksjon. Sensorane veit at ingen får laud om dei ikkje også presenterer ein del sjølvstendig fagleg tenking i eksamenssvara sine, seier Ytreberg.

Nettbaserte matematikkeksamenar i 2001


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 10. feb. 2000 09:37 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere