Nettbaserte matematikkeksamenar i 2001
Nettbaserte matematikkeksamenar kan bli innført frå hausten 2001. Det opplyser førstekonsulent Helge Galdal ved Matematisk institutt til Uniforum.
Martin Toft
Det blir eitt av tiltaka som skal innførast for å endra innføringskurset i matematikk og tilpassa det betre til det kunnskapsnivået studentane har når dei kjem frå den vidaregåande skulen.
- Me vil også ha fleire gruppelærarar enn i dag, og i staden for å stå framfor tavla for å forklara matematiske problem, skal dei meir fungera som rådgjevarar for studentane, seier Galdal. Men allereie frå hausten 2000 vil Matematisk institutt ha sett saman ein ny studiemodul for innføringskurset i matematikk. Det vil erstatta det gamle kurset MA 100.
- Meininga er at det skal vera mogleg å gjennomføra to til tre deleksamenar kvart semester, og viss dei er bestått, vil heile kurset vera nesten bestått. Førebels må dei juridiske sidene og dei sidene som har med datasikring å gjera utgreiast.
- Men både universitetspedagogane og studiekvalitetsgruppa har sagt seg villige til å hjelpa oss. Dessutan har me fått 75 000 kroner i stimuleringspengar frå studiekvalitetsgruppa for å prøva ut nettbaserte eksamensoppgåver, seier Galdal. Han legg til at Matematisk institutt allereie har røynsler med tekniske løysingar for matematikkoppgåver på nett.
- No har me sendt inn søknad om omstillingspengar for 2000 slik at me kan få finansiert endringa av studieopplegget for innføringskurset i matematikk, fortel Galdal.
Blakar oppfordrar fagmiljøa: - Lag nye eksamensformer!
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere