Redda januarløna

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


Ekstrainnsats frå USIT og OPA:

- Takka vera imponerande innsats frå dataprogrammerarane på USIT og dei datakyndige på OPA, skjedde overgangen frå det gamle lønssystemet til det oppdaterte og år 2000-sikre lønssystemet utan problem, seier assisterande personaldirektør Jan Thorsen.

thorsen og myhre
PUSTAR UT: Assisterande personaldirektør Jan Thorsen og senioringeniør Julie Myhre Barkenæs ved USIT kan pusta letta ut etter at lønssystemet har demonstrert at det fungerer.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Dermed klarte han å halda lovnaden sin om at alle ville få løn i januar. Den einaste UiO-tilsette som fekk forkasta løna si, hadde ein ugyldig konto. Prosjektleiar for innføringa av det nye og oppdaterte lønsssystemet, senioringeniør Julie Myhre Barkenæs ved USIT, synest dette gjekk over all forventing.

- Men me må vedgå at det såg ut til å bli mykje verre å få dette til i april enn kva det gjorde i desember. For å vera på den heilt sikre sida hadde me hadde tatt ein back-up av det gamle lønssystemet som me ville ha brukt, dersom me ikkje hadde klart å få oppretta det nye og oppdaterte lønssystemet, seier ho.

- Mange av dei jobba nok i overkant av det Arbeidsmiljølova set som øvre grense for overtidsarbeid. Alle fekk sjølvsagt overtidsbetaling for ekstrainnsatsen sin, seier Thorsen. Sidan det var lønsspørmålet som var viktigast då det nye systemet blei sett opp, var det ein del andre ting som ikkje fungerte heilt som det skulle.

- Difor er adresselistene til Uniforum og Apollon framleis ikkje oppdaterte. Men det håpar me at me skal ordna for Uniforums del i løpet av mars. Apollons adresselister vil det ta lenger tid å oppdatera fordi tidsskriftet brukar glansa papir, seier Thorsen, som også fortel at alle som har fått lønsopprykk vil få etterbetalt desse pengane i februar. No lovar han å gjera lønssystemet enda betre.

- Neste steg er å gjera det mogleg for fakulteta og institutta å ha eit oppslagsverk. I dag er det ikkje mogleg for dei å finna ut når ein person blei tilsett ved å gå inn i datasystemet. Difor må dei ta kontakt med Organisasjons- og personalavdelinga.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 9. feb. 2000 16:06 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere