Første flyttelass til det nye Rikshospitalet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


Denne veka gjekk det første flyttelasset frå Immunologisk institutt til det nye Rikshospitalet. Om to veker vil heile institutet ha flytta inn i nye lokale på Gaustad.

Anne Brit Thorsen

FLYTTESJAU: Flyttekoordinator Anne Brit Thorsen ved Immunologisk institutt synes flytteprosessen til det nye Rikshospitalet går bra.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Måndag klokka 09.00 gjekk den første flyttebilen frå Immunologisk institutt på Rikshospitalet til det nye Rikshospitalet på Gaustad. 6. etasje i Patologibygningen var samtidig eit einaste kaos av kassar, øskjer, flyttefolk, avdelingsingeniørar og legar som alle gjerne ville ha eitt ord med i laget om det som galdt flyttinga. Medisinprofessor Erik Thorsby er ein av dei som ser fram til at flyttinga til det nye Rikshospitalet endeleg er i gang etter ei utsetjing på nesten to og eit halvt år.

- Innan fredag skal denne etasjen vera heilt tom, og om litt over to veker vil heile Immunologisk institutt vera i full drift på det nye Rikshospitalet, fortel Thorsby. Dette instituttet er samansett av det tidlegare Institutt for transplantasjonsimmunulogi og Institutt for generell og revmatologisk immunologi. Halvparten av dei 100 som arbeider der er tilsett ved Universitetet i Oslo.

Ikkje pasientbehandling

Og det var slett ikkje tilfeldig at valet fall på dette instituttet då det skulle avgjerast kva institutt som skulle få gleda av å flytta først til det nye Rikshospitalet.

- Me driv nesten ikkje med pasientbehandling. Over 90 prosent av verksemda vår er aktivitetar som har ingenting med pasientbehandling å gjera. Difor er det veldig praktisk å bruka dette instituttet for å prøva ut brukarpresset ved det nye Rikshospitalet. Det er letttare å få gjort det med eit institutt utan pasientar enn med eit institutt som driv med pasientbehandling, seier han. Først i mars vil dei første avdelingane som driv med pasientbehandling flytta til Gaustad. Då vil Hudavdelinga og Revmatologisk avdeling også ha flytta inn i nye lokale.

Innflyttinga over til sommarferien

Førebels er planen at alle institutt og avdelingar ved Rikshospitalet skal ha flytta inn før sommarferien.

- Men dette blir ikkje endeleg avgjort før me ser kor stort brukarpresset blir og om det vil vera trygt for pasientane. Det er spesielt viktig for dette sjukehuset fordi me har så mange spesialfunksjonar som me er åleine om i Noreg. Sidan Rikshospitalet har landsfunksjon på transplantasjonar, må det alltid vera operativt, understrekar han. Flyttekoordinator Ann Brit Thorsen er godt nøgd med flytteprosessen så langt.

- Ja, så langt har flyttinga gått veldig bra. Dei mest kritiske tinga våre, skattane våre, som er celler som ligg i flytande nitrogen som held frå 170 til 180 minusgrader, flytta me opp til Gaustad i løpet av helga. Og det ser ut til at dei har klart flytteprosessen heilt fint, fortel ho. Også beinmargsøket på data går fint, og dette datasystemet er allereie kopla til datasystemet på det nye Rikshospitalet.

Og i dag blir det for første gong også halde ein doktordisputas i det nye Rikshospitalet på Gaustad. Det skjer når sivilingeniør Tanja Aarvak disputerer for den filosofiske doktorgrad i Store Auditorium i føremiddag.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 9. feb. 2000 16:02 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere