«... for Ivar Aasens skuld»

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000


«Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld.» Desse fyrste orda frå Tarjei Vesaas sitt hyllingsdikt innleidde den offisielle opninga av Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda 22. juni. Opningsprogrammet «Då nynorsken kom til verda» heidra ein smålåten mann som er stor i språksoga.

Aasen-tunet

Ivar Aasen er komen i nytt hus på heimegarden og har sett sin signatur på den bautaen i betong som er reist, eit praktbygg teikna av arkitektane Sverre Fehn og Henrik Hille. Det er dei som vil kalla Nynorskens katedral for Nynorskens sarkofag, men Ivar Aasen-tunet vil vera oppegåande opplevings-, formidlings- og forskingssenter.

Alv Reidar Dale (tekst og foto)

Vesaas sitt dikt om Aasen vart fyrste gongen framført i Universitetets Aula i 1950, i høve 100-årshøgtida for då «Ordbog over Det norske Folkesprog» kom ut. No femti år seinare er Universitetet i Oslo ein av stiftarane bak Nynorsk kultursentrum og var til stades med bokgåve og helsing i høve opninga av nybygget. Førsteamanuensis Dagfinn Worren helsa og gav boka «Ivar Aasen og Universitetet», som professor Kjell Venås har skrive, i gåve frå UiO til det nye nasjonale senteret for nynorsk skriftkultur.

Worren representerer UiO i rådet for senteret og peika i helsinga si på at kunnskapssøkjaren og vitskapsmannen Aasen korkje var student eller vart lærar ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Aasen hadde heller ikkje mykje med universitetet som institusjon å gjera, men di meir med dei fremste fagfolka der i hans tid. Og han vart sjølv rekna som fagmann og granskar fullt på høgd med dei.

Nynorskens katedral

Nynorskens katedral, som fleire kalla nybygget, er teikna av arkitektane Henrik Hille og Sverre Fehn, kjend for dei lange linjene og dei mange detaljane. Det ber bygget preg av, det er langstrekt og innhaldsrikt, ikkje akkurat rettlinja, men fylgjestrengt likevel, nett som nynorsken, språket det hyser og syner. Utstillingane er mangfaldige og svært varierte, litt likt Bremuseet i Fjærland i Sogn, som også Fehn har teikna. Mellom mange måtar å nærma seg språket på, er det råd å prøva seg på dialektprøver på data, som førsteamanuensis Arne Torp frå UiO har vore fagansvarleg for. Det appellerte sterkt til dei unge, såg me.

Offisielt skal senteret både syna «språket på utstilling, men levande», vera ei dokumentasjonssamling for nynorsken og by på språkfagleg ekspertise. Professor Rolf Theil Endresen frå UiO har medverka sterkt til at opplegget er fagleg forsvarleg. Senteret er også tenkt knytt til Ivar Aasen-instituttet på Høgskulen i Volda, der Stephen Walton, nynorsklærar ved Den internasjonale sommarskulen på UiO, er professor i nynorsk.

Worren og Venås

Førsteamanuensis Dagfinn Worren hadde med boka «Ivar Aasen og Universitetet», skriven av professor Kjell Venås, i gåve frå UiO. Styreleiar Narve Bjørgo i Nynorsk kultursentrum tok med takk imot.

Aasen - ein døropnar

Tidlegare kulturstatsråd, Åse Kleveland, sette ned grunnsteinen til praktbygget i Ivar Aasen-året 1996. Vår nokså nye kulturminister, Ellen Horn, fekk æra av å opna det nynorske senteret og meinte i sin tale at det var ein merkedag i landets kulturhistorie - og då tenkte ho nok like mykje på kunngjeringa seinare same dag av kven som hadde vunne arkitektkonkurransen om den nye operaen.

Ho hadde elles kome over kortleiken Målstokken av Einar Økland og Arne Bendik Sjur frå 1986, der Ivar Aasen med teksten «den vesle nøkkelen til den store låsen» hadde fått plass på det dårlegaste kortet, kløver 2, men med ein av dei beste tekstane, som det vel sømde seg. Og med dei orda gav kulturministeren «lyklemakta» til senteret over i direktør Ottar Grepstad sine hender.

Ordets tenarar

I framhaldet av opningsdagen vart Dei nynorske festspela skipa til i helga 23.-25. juni, både for å æra mannen bak målet og få fram nynorsken i bruk i dag. Universitetet i Oslo var representert i det høvet òg. Professor Otto Hageberg presenterte såleis den nyaste nynorskklassikaren i føredraget «Mitt portrett av diktaren Olav H. Hauge», og professor Berge Furre heldt preika på festgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet sundagen. «Gudsfrykt med nøysemd» var essensen i tekstane den dagen, og det kan nok stå som ettermæle om mykje av Ivar Aasen sitt liv òg.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000

Publisert 24. aug. 2000 14:06 - Sist endra 1. sep. 2014 14:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere