Nye æresdoktorar ved Universitetet i Oslo

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000


Den 1. september skal det utnemnast 13 nye æresdoktorar ved Universitetet i Oslo. Utnemninga skjer i Universitetets Aula i samband med årsfesten som byrjar kl. 11.00 denne dagen. Då vil biskopen i Oslo, Gunnar Stålsett halda eit foredrag som han har kalla for ”Images of Christ for a new Millenium”.

Under fylgjer ein presentasjon av alle æresdoktorane med unnatak av Jan Erik Vold som blir grundig presentert i portrettintervjuet: Dikter og doktor


Ursula King

Det teologiske fakultetet

Ursula King

King er fødd i 1938 og har sidan 1989 vore professor ved University of Bristol ved Department of Theology and Religious Studies. Professor King har ein solid fagleg bakgrunn innan teologi, filosofi og sosiologi, med utdanning frå Tyskland, heimlandet hennar, Frankrike, England og India. Frå studiar av tidleg-kristne tekstar gjekk ho etter kvart over til systematisk teologi. Men det er spesielt innsatsen hennar innan feministisk teologi som har vekt mest oppsikt. Innan dette feltet har ho gjennom ei rekkje publikasjonar ytt bidrag av høgaste internasjonale klasse, noko som har gitt henne akademiske heiderstitlar i fleire land. Den internasjonale statusen hennar langt ut over den vestlege verda, blir også reflektert i dei mange verdifulle bøkene ho har redigert. Sidan 1999 har ho vore tilknytt fakultetet som gjesteprofessor innan kvinne- og kjønnsteologi med regelmessige arbeidsøkter i Oslo.


Det juridiske fakultetet

Rosa Greaves

Ho er i dag ein leiande forskar innanfor europarett i Storbritannia og også i resten av Europa. Samanlikna med andre europarettsforskarar, er styrken hennar den store breidden forskingsinnsatsen hennar har. Greaves er no leiar av Durham European Law Institute ved University of Durham i England. Ho var tidlegare tilsett ved University of Southampton. Greaves har spela ei sentral rolle ved oppbygginga av europarettsleg kompetanse ved Det juridiske fakultetet og i det samla norske miljøet. Ho har vore gjesteprofessor ved fakultetet med arbeidsplass ved Senter for Europarett frå 1992. Greaves har vore ein viktig brubyggjar til europarettsmiljøet i Europa elles, både til Europadomstolen og til Kommisjonen.

Thomas Wilhelmsson

Han er fødd i 1949 og tok i 1977 doktorgraden på avhandlinga Om styrning av forsäkringsvillkår. Han har vore professor i civil- og handelsrätt ved Helsingfors Universitet frå 1981. Wilhelmsson har ein omfattande produksjon innanfor kontraktsretten. Han har vore oppteken av forbruksspørsmål, til dømes i avhandlinga Standardavtal frå 1984. Gjennom boka Social civilrett frå 1987 har han gitt forbrukarretten ein ny dimensjon som har vekt stor internasjonal merksemd.


Det medisinske fakultetet.

Ingemar Björkhem

Han er fødd i Lund i Sverige i 1941 og har den medisinske utdanninga si frå Karolinska Institutet, der han tok doktorgraden i 1969. Sidan 1986 har han vore professor i atheroskleroseforsking ved Karolinska Institutet, Institutionen för medicinsk laboratorievetenskap och teknik, Enheten för klinisk kemi, Huddinge sjukhus. Hovudtyngda av forskinga hans er studiet av dei reaksjonane som omdannar kolesterol til gallesyrer. På dette området er Björkhem blant dei fremste i verda. Med eit breitt spektrum av avanserte metodar har han studert fleire av dei enzyma som katalyserer reaksjonane, deira reaksjonsmekanisme og regulering. Han har studert og lokalisert genetiske defektar i gallesyredanninga ved fleire metabolske sjukdomar og på den måten også klargjort dei normale reaksjonsvegane hos mennesket. For studiane sine av gallesyredanninga blei han i 1986 tildelt Adolf Windaus-prisen.

Alfred George Knudson

Han er fødd i Los Angeles i 1922 og fekk doktorgraden i biokjemi og genetikk ved California Institute of Technology i 1956. Sidan 1976 har professor Knudson arbeidd ved Fox Chase Cancer Center i Philadelphia der han framleis er aktiv. I 1971 formulerte Knudson sin berømte to-trinns hypotese ved å samanlikna ei rekkje studiar av pasientar med arveleg og sporadisk retinoblastom (RB), ein sjeldan form for augekreft. Ved hjelp av komplekse genetiske analysar meinte Knudson å kunna visa at barn med den arvelege formen var fødde med eit gen med ein defekt i alle kroppen sine celler og at dei seinare tok opp i seg ein ny defekt i den andre kopien av genet i retina-celler som så gav kreftutvikling. Barn med den sporadiske formen av retinoblastom, postulerte han, var fødde med to normale utgåver av genet, og at den første defekten kom først i ei differensiert retina-celle, som så seinare blei råka av ein ny defekt med påfylgjande kreftutvikling.


Det historisk-filosofiske fakultetet

Marianne Mithun

Ho er fødd i 1946 og tilsett som professor ved University of California, Santa Barbara. Ho er ein av verdas leiande lingvistar innan feltet språktypologi og ein av dei fremste autoritetane på amerikanske indianarspråk. Gjennom forskingsarbeidet sitt har Mithun i avgjerande grad vore med på å styrkja sjansane for at mange truga indianarspråk kan overleva. Ho har særleg arbeidd med språka mohawk, tuscarora og central pomo. Mithun har utført grunnleggjande førstegongsskildringar av grammatikken til fleire av dei, har utarbeidd lærebøker og undervisningsmateriell for dei, og har undervist og gitt kurs i desse språka frå tidleg på 1970-talet. Innan internasjonal typologisk lingvistikk er Mithun kjent for sine framifrå studiar av nomeninkorporering og klassifisering av såkalla aktive språk, ein språktype som ein før arbeida hennar hadde liten kjennskap til.


Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Alain Connes

Connes har i fleire år vore ein av dei leiande matematikarane i verda. Han blei fødd i 1947 i Frankrike og har sidan 1984 vore professor ved Collège de France i Paris. Han mottok den høgste utmerkinga ein matematikar kan få, Fieldsmedaljen, i 1982. Connes har i hovudsak arbeidd med operatoralgebraer, som er ei grein av funksjonsanalysen som utvikla seg frå studiet av kvantemekanikk og grupperepresentasjonar i 1930-åra. Dei mest feira resultata hans var dei han gjorde innan klassifikasjonen av Neumanns algebraer. Det var for desse resultata han mottok Fieldsmedaljen i 1982. På denne tida starta Connes å studera differensialgeometri, og i dei neste fem åra var forskinga hans delt mellom geometri og operatoralgebraer. Connes utvikla så gradvis feltet som no blir kalla Ikkjekommukativ geometri, der boka hans med same tittel er det sentrale verket.

Bjørn Reino Olsen

Olsen er fødd i Skien i 1940. Han avla medisinsk embetseksamen ved UiO i 1967 og disputerte for dr.med.-graden same år ved same universitet. Avhandlinga var ein studie av ultrastrukturen til kollagener og molekyl i nær familie. Frå 1967 til 1976 var Olsen tilsett ved Anatomisk institutt, UiO, og frå 1972 var han også tilsett ved Department of Biochemistry, UMDNJ-Rutgers Medical School, New Jersey, USA. Frå 1985 har han arbeidd som Hersey Professor ved Harvard Medical School i Boston. Han har også vore leiar for opplæringsprogrammet i celle- og utviklingsbiologi ved Harvard. Olsen forskar framleis på struktur og syntese av kollagenmolekyl, men han studerer også den ekstracellulære matriks meir generelt og korleis denne påvirkar fosterutviklinga, spesielt med omsyn til utvikling av skjelettet og blodbanane.


Det odontologiske fakultetet

Diarmuid B. Shanley

Shanley er fødd i 1942 i Irland og har forskar- og spesialistbakgrunn frå Storbritannia og USA. Han er Professor of Oral Health ved Trinity College, Dublin, der forskinga og undervisninga hans i stor grad har vore knytt til periodonti (tannkjøtsjukdom) og HIV/AIDS-relaterte orale lidingar. Han har mange gonger blitt utpeika til rådgjevar for Verdas helseorganisasjon (WHO). Shanley var Director ved School of Dental Science, Trinity College, Dublin frå 1980 før han blei dekan same stad i 1986. I løpet av hans dekanperiode er store endringar blitt gjennomførte ved at institusjonen har gått gjennom ein full reorganisering, innført ny studieplan og eksamensordning, og gjennomføringsprosenten for studentane er auka frå 50 til mest 100 prosent. Han har også vore leiande i utarbeidinga av dei europeiske retningslinjene for tannlegeutdanning som EUs Adisory Committee har lege til grunn.


Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Juan J. Linz

Linz er professor i politikk og samfunnsvitskap ved Yale University, USA. Han er ein leiande person i moderne samfunnsvitskap og har vore ein av dei mest framifrå i studiet av demokratiet og demokratiet sine fiendar i det 20. hundreåret. Linz er i dag ein av dei forskarane som klarast og mest systematisk har studert stabilitets- og restorasjonsvilkåra til demokratiet. Han har vore med på å utforska dei historiske, sosiale, økonomiske og politiske årsakene til samanbrot i demokrati, stabilitetsvilkår i demokrati som er sterkt etnisk, sosialt og politisk segmentert, forholdet konstitusjonelle reglar/demokratisk stabilitet, bakgrunnen for at demokrati blir restaurerte etter diktaturperiodar og den sosiale basisen og maktteknikkane til militærregime. Gjennom arbeidet sitt har Linz vore med på å forma omgrepsapparatet vårt og dei empiriske kunnskapane våre om fascistiske regime.

Arlie Russell Hochschild

Hochschild er professor i sosiologi ved University of California, Berkeley. Blant dei mest kjende bøkene hennar er The Second Shift: Working Parents and the Revolution at Home (1990) og The Time Bind: When Work Becomes Home and Home Becomes Work (1997). Desse bøkene er blitt inspirasjonskjelder i internasjonale fagmiljø, også utanfor sosiologien. Samtlege har nådd eit stort publikum også utanfor forskingsverda. Det viser det faktum at dei er framheva av New York Times Book Review som notable book of the year. Hochschilds hovudtema er grensesnitta mellom arbeidsliv, familie og personlegdom. I dei to nemnde bøkene utforskar ho ei veksande kløft mellom familie og arbeidsliv og mellom barn og vaksne. Ho skildrar ein urovekkjande sirkel som oppstår ved at foreldre i alle sosiale grupper brukar meir tid på jobben blant anna for å forsyta familien på ein akseptabel måte, noko som skaper stress i heimen, som så fristar dei vaksne til å leggja meir av det sosiale livet sitt til arbeidsplassen for å sleppa unna dei sosiale spenningane.


Det utdanningsvitskaplege fakultetet

Linda Darling-Hammond

Darling-Hammond byrja karrieren sin som lærar. Ho blei Bachelor of Arts ved Yale University i 1973 og tok doktorgraden i pedagogikk ved Temple University i 1978. For dette arbeidet mottok ho Phi Delta Kappa George E. Walk Award for beste disputas innan pedagogikk i 1978. Ho har vore Senior Social Scientist og direktør for RAND Corporation's Program for utdanning og menneskelege ressursar. Ho er tidlegare president i American Educational Research Association, medlem av National Academy of Education og har vore rådgjevar i fleire amerikanske komitear og utval, også for Det kvite hus. Darling-Hammond er anerkjent for det djupe engasjementet sitt i arbeidet med å forbetra og utvikla skular, slik at dei fokuserer meir effektivt på læring. Ho er æresdoktor ved universitet i USA og Canada, men dette er første gong ho mottar eit æresdoktorat ved eit europeisk universitet.

Æresdoktorenes gjesteforelesninger 2000

Dr.juris Rosa Greaves: EC Competition Law: Centralised or Desentralised Enforcement
Dr.juris Thomas Wilhelmsson: Private Law in the EU: Harmonised or Fragmented Europeanisation?

Seminar i biblioteket ved Institutt for privatrett, Domus Media, 2. etasje, Karl Johans gate 47
Torsdag 31. august kl. 14.15 - 16.00

Dr.med. Ingemar Björkhem: From Brain Cholesterol to Bile Acids. A Novel Mechanism for Removal of Cholesterol from the Brain

Gjesteforelesning i Store auditorium, Rikshospitalet, Gaustad
Torsdag 31. august kl. 15.00 - 15.45

Dr.med. Alfred G. Knudson: Lessons from Hereditary Cancers

Gjesteforelesning i Store auditorium, Rikshospitalet, Gaustad
Torsdag 31. august kl. 16.00 - 16.45

Forfatter Jan Erik Vold: Om den norske poesien

Gjesteforelesning i Auditorium 1, Georg Sverdrups hus, Blindern
Torsdag 31. august kl. 14.00

Dr.med. Bjørn Reino Olsen: Angiogenesis in Development and Cancer – Regulation by Cell and Matrix Dependant Mechanisms

Gjesteforelesning i Store auditorium, Rikshospitalet, Gaustad
Torsdag 31. august kl. 14.15 - 14.45

Dr.odont. Diarmuid B. Shanley: A global Perspective of Dental Education

Gjesteforelesning i Store auditorium, Geitmyrsveien 71
Mandag 4. september kl. 12.00

Dr.philos. Arlie R. Hochschild

Gjesteforelesning i Auditorium 1, Helga Engs hus, Blindern
Torsdag 31. august kl. 10.00 - 11.30

Dr.philos. Juan J. Linz: Nation State, State Nation and Democracy

Gjesteforelesning i Auditorium 1, Helga Engs hus, Blindern
Torsdag 31. august kl. 11.30 - 13.00

Dr.philos. Linda Darling-Hammond: Teaching and Learning for the 21st Century

Gjesteforelesning med påfølgende mottakelse i Auditorium 1, Helga Engs hus, Blindern,
Torsdag 31. august kl. 14.15 – 15.30


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000

Publisert 24. aug. 2000 14:44 - Sist endra 1. sep. 2014 14:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere