– Legg LØP-utgiftene på bordet!

ForrigeInnhold Neste Uniforum nr. 11 2000


– Universitetsleiinga må no leggja alle kostnadane ved innføringa av LØP-systemet ved UiO på bordet. Det krev dei tre største fagforeiningane ved universitetet.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Samtidig har prosjektleiinga utsett innføringa av lønsdelen av systemet ved UiO med sju månader til 1. januar 2002. I sommar trekte også assisterande personaldirektør Jan Thorsen seg som nasjonal prosjektleiar.

Fagforeiningane ved UiO krev no at universitetsleiinga legg alle utgiftene i samband med innføring av nytt løns-, økonomi- og personalsystem (LØP) på bordet. Dei vil også ha alle opplysningar om kostnadane ved innkjøpssystemet og budsjett- og rekneskapssystemet. Dei vil ha ein kostnadsoversikt basert på år, fordelt på eksterne og interne utgifter. Kravet blei lagt fram på eit møte Forskarforbundet, Norsk Tenestemannslag og LUHF hadde med økonomidirektør Stein Helgesen og assisterande personaldirektør Jan Thorsen 22. august. Men ingen av desse spørsmåla fekk dei svar på, opplyser NTL-leiar Anita K. Solhaug til Uniforum.

– Me ville gjerne vita kva nytte universitetet har hatt av desse investeringane utan at universitetsleiinga kunne gi oss eit klart svar på dette. Fagforeiningane ynskjer ikkje at sentraladministrasjonen skal få urettvis kritikk på grunn av store utgifter til nytt administrativt datasystem. Det må jo vera viktig for UiO å kunna leggja slike tal på bordet når det skal visa politikarane og departementet kor mykje det kostar å driva universitetet, seier Solhaug. Difor må også Kollegiet ta opp denne saka.

Betre opplæring

– Problemet er at dei har fått opplæring i eit heilt anna administrativt datasystem enn det som er tatt i bruk. Dette har dette vore bortkasta pengar. Difor vil me gjerne ha svar på kva dei vil gjera med økonomiopplæringa av dei tilsette i tida framover, seier Solhaug. På møtet fekk dei inntrykk av at universitetsleiinga synest økonomisystemet er bra nok, men at brukarterskelen er blitt høgare.

– Difor må dei som arbeider med dette systemet ha større forståing for økonomi enn det som var naudsynt tidlegare for å koma godt inn i dette systemet. Fagforeiningane vil ha eit nytt møte med universitetsleiinga seinare i haust. Då skal opplysningane dei har bedne om, etter planen leggjast på bordet. Det felles budsjettet for innføringa av LØP-systemet ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim viser at det etter planen skal kosta 27 millionar kroner. Det er dette talet fagforeiningane trur vil bli mykje høgare når dei interne utgiftene også blir inkluderte.

KUF ber UiO og dei to andre universiteta om å gi opplysningar om kva tidsplan dei har for å ta i bruk det nye systemet og gi ein oversikt over kva røynsler dei har hatt me systemet så langt. LØP-systemet held på å bli innført både ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

Førebels er NTNU kome lengst av dei tre universiteta. Medan universiteta i Bergen og Oslo enno ikkje har innført løns- og personaldelen av dette systemet, blei det gjort ved NTNU i mars i år. Det gjekk bra heilt til dei 5000 tilsette ikkje fekk utbetalt lønna si 9. juni på grunn av dataproblem med det nye lønssystemet. Desse problema har blant anna ført til at universiteta har vore inne på tanken om å gå til søksmål mot leverandøren IBM. Den opprinnelege planen var å innføra heile systemet ved dei tre universiteta frå 1. januar 1998.

Jan Thorsen går av som nasjonal prosjektleiar for LØP

Assisterande personaldirektør Jan Thorsen ved Universitetet i Oslo har nyleg trekt seg som nasjonal prosjektleiar for innføring av nytt løns-, personal- og økonomisystem, det såkalla LØP-prosjektet.

– Det er stort arbeidspress og reiseverksemd i samband med innføringa av LØP-systemet og ynskjet om å konsentrera seg meir om sitt faglege arbeid i Organisasjons- og personalavdelinga som er årsaka til at Jan Thorsen trekkjer seg som nasjonal prosjektleiar for innføring av LØP-systemet, seier personaldirektør Grethe Fjeld Heltne til Uniforum. Lars Olaf Sterud frå konsulentselskapet Pharos overtar som nasjonal prosjektleiar.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000

Publisert 24. aug. 2000 13:20 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere