IBM kan bli saksøkt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000


- Det kan bli aktuelt å saksøkja IBM etter at dataproblem førte til at 5000 lønsmottakarar ved NTNU ikkje fekk løn, opplyser assisterande personaldirektør Jan Thorsen ved UiO til Uniforum.

Martin Toft

5000 lønsmottakarar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim fekk ikkje utbetalt løna si den 9. juni på grunn av dataproblem med det nye lønssystemet. Dette er løns- og personaldelen (PR 2000) del av det berykta LØP-systemet som både NTNU i Trondheim, Universitetet i Bergen og Universitet i Oslo i fellesskap har kjøpt hos IBM. Hovudmålet med innkjøpet var å få eit datasystem som integrerte både løn, rekneskap og personopplysningar. LØP står for løn, økonomi og personal, og økonomidelen av systemet blei innført både ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Oslo frå 20. januar 1998. Meininga var at heile systemet skulle bli innført då, men store startvanskar gjorde at innføringa av resten av systemet måtte utsetjast til i år.

I fjor førte dei store problema til at dei tre universiteta held på å seia opp kontrakten med IBM. Til slutt blei partane einige om å reforhandla kontrakten og gjera det beste ut av det datasystemet som allereie var levert. Etter kvart blei det også klart at NTNU i Trondheim skulle vera prøvekanin for innføring av løns- og personalsystemet PR 2000. Det blei innført ved NTNU i Trondheim 1. mars i år, medan Universitetet i Bergen innfører systemet frå 1. januar neste år og Universitetet i Oslo er sist ut med oppstartingsdato 1. mai neste år.

Assisterande personaldirektør Jan Thorsen ved Universitetet i Oslo er nasjonal prosjektleiar for innføringa av det nye løns- og personalsystemet. I førre nummer av Uniforum uttalte han at det hadde vore ein del barnesjukdomar under innkjøringa av det nye systemet ved NTNU. Men han såg ikkje på dei som særleg alvorlege.

- Kva seier du i dag etter at 700 NTNU-tilsette måtte stå i kø for å få løna utbetalt i form av sjekk etter at PR 2000 svikta?

- Det er alltid leitt når dei tilsette ikkje får løna si i tide. Det var totalt 5000 personar som dette gjekk utover. Alle fekk tilbod om forskot på løna, og det var om lag 700 som nytta seg av dette tilbodet.

- Kom dette som lyn frå klar himmel på deg, eller visste du om problema som kunne oppstå?

- På det tidspunktet då eg blei intervjua (2. juni) var dette ikkje kjent. Eg refererte til ein del problem me hadde hatt frå starten av. Ferielønskjøringa er ein spesiell type lønskjøring i og med at den er ein kombinasjon av vanleg løn og feriepengar. Dette takla ikkje det nye systemet på ein god nok måte, noko som gjorde at feilkjeldene var så store at tida som måtte nyttast til feilretting ikkje strekte til for utbetaling den 9. juni. Eg har i dag vore i kontakt med den lokale prosjektleiaren ved NTNU som forsikrar om at NTNUs tilsette skal få feriepengane inn på sine lønskonti tysdag 20. juni.

- Vil dette få fylgjer for når PR 2000 blir innført ved UiB og UiO?

- Det er det for tidleg å seia noko om.

- Vil det koma på tale å gå til søksmål mot leverandøren IBM?

- Det kan vera aktuelt.

- Vil liknande tilfelle også kunna skje ved UiO etter at systemet er blitt innført her frå 1. mai neste år?

- Eg har ikkje høve til å spå inn i framtida, men eg kan forsikra om at me som held på med dette prosjektet, arbeider hardt for å minimalisera feila.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr.10 2000

Publisert 21. juni 2000 12:50 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere