Full fres for fysikarane

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000


Treng du ei metallkule med spesielle mål til eit laboratorieforsøk? Eller mista måleinstrumentet ditt ein skrue som det berre er mogleg å få tak i i USA? Viss du er fysikar, vil då tusenkunstnarane på Instrumentverkstaden vera redninga.

Hostad

Verkstadleiar Finn Hostad demonstrerer korleis dreiebenken kan laga metallkuler.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Djupt nede i underetasjen i Fysikkbygningen, i Instrumentmakarverkstaden finn du dei gode hjelparane til fysikarane. Dersom ein fysikar manglar ein del til eit måleinstrument, eller har spesielle ynskjer for korleis ein metalldel skal sjå ut, kan ynsket bli oppfylt av ein av dei 10 tilsette på denne finmekanikkverkstaden.

– Ein av fysikarane kom ein gong til oss med ei teikning som han hadde laga utanpå matpakka for å forklara kva type utstyr me skulle laga til han. I samarbeid mellom fysikar og instrumentmakar kom me fram til det utstyret som han ynskte seg. Det fins mange døme på korleis ein idé på denne måten har blitt utvikla til eit produkt, fortel forskingsteknikar Helge Stangebye-Nielsen Instrumentmakarverkstaden er godt utstyrt med dreiebenkar, fresemaskinar og datateikneprogramma Delta CAD og Auto CAD.

Lagar metallkuler

– Eg er sikker på at dette er den best utstyrte verkstaden på heile universitetet, seier verkstadleiar Finn Hostad. Nestleiar Steinar Skaug Nilsen er einig, og begge viser fram ein dreiebenk som er spesialkonstruert for å laga små metallkuler.

– Fysisk institutt sa seg villig til å kjøpa denne dreiebenken for 800 000 kroner nettopp fordi me kunne dreia kuler med den. Desse kulene blir blant anna brukte til justering av måleinstrumenta på forskingsfartøya til UiO. Skulle instituttet ha kjøpt desse kulene, ville dei ha kosta 5000 kroner for stykket, fortel dei. Mange forskarar kjøper utstyr i utlandet, ikkje minst i USA.

– Viss dei mister ein skrue eller metalldel til slikt utstyr er det mest heilt umogleg å få tak i det i Noreg. Men me kan laga ein ny del for dei som passar instrumentet deira. Dessutan samlar me på metalldelar og skruar frå USA, slik at me etter kvart har fått oss eit lite lager av delar frå det landet, seier Hostad og Skaug Nilsen. I dag er det eit godt forhold mellom forskarane og dei tilsette ved Instrumentmakarverkstaden, men det har ikkje alltid vore slik.

Stangebye-Nielsen

Forskingsteknikar Helge Stangebye-Nielsen lagar finmekaniske delar til ein forskar på Radiumhospitalet.

Forhandlingskort

– Men no har me eit glimrande forhold til forskarane, fortel dei. Det har ført til at forskarar har brukt finmekanikkunnskapane til dei tilsette ved Instrumentmakarverkstaden som forhandlingskort når dei har inngått forskingssamarbeid med andre universitet.

– Det har ført til at me har laga utstyr til forskingsprosjekt i CERN i Geneve og til forskingssenteret DESY i Hamburg. For CERN utvikla verkstaden blant anna fleire metodar for korleis det var mogleg å støypa komposittmaterialet kevlar og seinare blei kretskort støypt i kevlar av dei tilsette på verkstaden, seier Hostad. Det har også vore mykje reising for å utføra arbeid ved andre forskingsinstitutt. I 1991 førte det ein del av dei tilsette til Ny Ålesund på Svalbard der dei sette opp fem antenner til ionosfære-radar. Dei lagde også emulosjonskammer av lag av 8 tonn blyplater og røntgenfilm for å måla ultrahøyenergetiske prosessar i kosmisk stråling på Gaustatoppen.

– Og me lagde spesialkassar som blei plasserte ombord i SAS-fly som skulle frå København til USA fordi forskarane meinte at det ville vera mogleg å måla kosmisk stråling enda betre på den måten, seier Hostad. Alle tre trivest svært godt på jobben.

Godt sosialt miljø

– Det er ikkje på grunn av løna, men på grunn av alle dei varierte arbeidsoppgåvene og krevjande prosjekt saman med Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og Tandberg Data. Dessutan har me eit godt sosialt miljø her.

– Ikkje ein einaste dag har eg grua meg for å gå på jobben, seier Stangebye-Nielsen. Likevel er det av og til skjer i sjøen.

– Kvar gong det er skifte av dekan ved fakultetet, tyder det at det blir ein kamp for å overleva for oss. Den nyvalde dekanen trur alltid at dette er slike tenester som kan kjøpast eksternt. Men kvar einaste gong har Fysisk institutt støtta oss og forklart kor viktig det er for forskarane at Instrumentmakarverkstaden eksisterer, fortel Finn E. Hostad.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000

Publisert 22. juni 2000 09:55 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere