Odontologi under lupa

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000


Eit nettverk av lærestader skal koma med framlegg til betring av tannlegeutdanninga i Europa. Det odontologiske fakultetet har nyleg blitt evaluert av dette internasjonale nettverket.

sensorane

Det odontologiske fakultetet har vore oppe til eksamen hos dette internasjonale faglege utvalet. Frå venstre Arild Stenvik (prodekan), Marie Podesta, Malta, Denis O`Mullane, Irland, Winfried Harzer, Tyskland, Corrado Paganelli, Italia, Josie Beeley, Skottland og Hans R. Haanæs, dekan.

Martin Toft
Håkon Størmer (foto)

Eit internasjonalt nettverk av 70 lærestader i heile Europa er no gått saman i den EU-finansierte organisasjonen DENTED (Dental Education) for at det skal bli enklare både for tannlegar og innbyggjarar å flytta på seg og likevel ha ei tannlegeteneste som kvar og ein av dei kan kjenna igjen.

- Fram til no har det vore store kvalitetsskilnader mellom tannlegeutdanningar i Nord- og Sør-Europa. Samtidig har ikkje tannlegeutdanningar utanfor EU blitt godkjent innanfor EU. Det er grunnen til at dette internasjonale nettverket av 70 lærestader er blitt etablert. Det seier studieleiar Sverre Gundersen og fakultetsdirektør Bente Torgersen ved Det odontologiske fakultetet til Uniforum.

- Meininga med dette nettverket er at internasjonale faglege utval skal dra på besøk til kvar lærestad og evaluera den og gi tilbakemelding på kva som er bra og kva som kan betrast. Slik kan kvaliteten på tannlegeutdanninga bli enda betre, seier Gundersen. I slutten av mai fekk Det odontologiske fakultetet besøk av eit slikt internasjonalt fagleg utval. Då gjekk eit utval på fem personar gjennom heile odontologistudiet, lokalitetane og forholdet mellom studentar og dei vitskapleg tilsette. Den førebels konklusjonen er både Gundersen og Torgersen godt nøgde med.

- Ja, ikkje minst er me glade for at dei peikar på kor positivt det er at alle studentane trivest ved fakultetet og har eit godt forhold til forelesarane sine. Dessutan får me ros for den lange tradisjonen med tannlegeutdanning ved dette fakultetet. I tillegg er lærarstaben godt motivert, samtidig som studentane både er modne og reflekterte. Dei gir også ros for lokala og det vitskaplege utstyret ved OD, seier begge to, før dei legg til at det nok også vanka litt ris til utdanninga.

- Dei trekkjer ganske riktig fram at den første delen av studiet som tannlegestudentane tar saman med medisinstudentane, skaper ei manglande kjensle av å tilhøyra odontologistudiet i begynnarfasen. Også det faktum at me har eitt opptak, men må dela kvart opptak i to kull som begynnar i haust- og vårsemesteret blir trekt fram som eit problem. Dette fører nemleg til overlapping av undervisning og ekstra logistikkvanskar, konstaterer Gundersen og Torgersen. Mange av desse tinga var dei allereie merksame på fordi fakultetet har gjennomført ei sjølvevaluering i samband med omstillinga av tannlegestudiet.

- Desse positive tilbakemeldingane viser at me er på rett veg, og slik gir dei oss eit moralsk oppsving, er dei einige om. Kvar lærestad som sjølv tar på seg eit besøk av utvalet, deltar i evalueringa av andre lærestader i Europa. Tre professorar ved vårt fakultet har deltatt i slike grupper.

- Når evalueringsarbeidet er ferdig til hausten, vil nettverket koma med ei tilråding overfor EU-kommisjonen om kva som er naudsynt å gjera for å betra tannlegeutdanninga i Europa, fortel Sverre Gundersen og Bente Torgersen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000

Publisert 22. juni 2000 09:10 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere