UiO-forskarar må søkja om EU-pengar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000


- Fleire forskarar ved UiO må søkja om pengar frå forskingsprogramma til EU. Forskarane ved dette universitetet står på ingen måte tilbake for forskarar ved andre europeiske universitet.

Bruce Reed m.fl

Konsulent Bruce Reed gir gode råd til rådgjevar Morten Kvisvik og professor Dag Bruusgaard ved Det medisinske fakultetet.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det seier den britiske konsulenten Bruce Reed frå selskapet Community Research & Development Information Service. Reed er engasjert av UiO for å hjelpa forskarar med å skriva gode og lett forståelege søknader om forskingspengar frå EU (Den europeiske unionen).

Det er viktig å skriva søknadar som lett kan fanga interessa til sakshandsamarane til EU, fordi dei aller først berre skummar gjennom ein søknad før dei legg til side dei som virkar mest interessante. Her kan eg vera til hjelp med mine kunnskapar om EU-systemet og måten slike søknadar blir handsama på, seier Reed. Han har stor forståing for at det ikkje er like lett for alle forskarar å skriva slik at folk utanfor fagområdet til forskaren også vil forstå kor viktig eit prosjektframlegg kan vera.

Skriv fellessøknadar

Mange forskarar er fødde kommunikatorar som ikkje treng hjelp til å laga ei god og lett forståeleg framstilling av det dei held på med i ein søknad om pengar frå EU. Men samtidig finst det forskarar som ikkje har evna til å setja ned på papiret det dei synest er viktigast fordi dei tykkjer alt er like viktig. Desse forskarane kan eg hjelpa. Eit godt tips er at dei aller først lagar ein skriftleg disposisjon av dei tinga dei vil ha med i ein EU-søknad med grunngjevingar for kvifor det er så viktig å forska vidare på desse tinga, understrekar Reed. Han oppfordrar forskarane til å skriva fellessøknadar med eit nettverk av forskarar i land både innanfor og utanfor EU, gjerne i samarbeid med det private næringslivet, sjukehus, departement og andre statlege institusjonar.

For å demonstrera enda betre kva han meiner, pluggar han inn den bærbare PC-en sin, og viser Uniforum korleis det er mogleg for ein forskar å gå inn på ein eigen database over forskingsprogram i EU-regi, www.cordis.lu og på den måten finna forskarar som held på med prosjekt innanfor same fagområde.

Til no har EU stort sett gitt pengar til forskingsprosjekt innanfor bioteknologi, biokjemi, medisin, informasjonsteknologi og miljø. Men akkurat no pressar mange EU-land på for at EUs sjette rammeprogram for forsking skal leggja hovudvekta på dei humanistiske faga. Men også i dag blir det gitt pengar til humanistiske forskingsprosjekt som har inngått tverrfagleg samarbeid med forskarar i informasjonsteknologi. Eit EU-støtta prosjekt om språkteknologi blir leia av språkforskarar ved Universitetet i Bergen og har 104 europeiske universitet som samarbeidspartnarar, fortel Reed.

Stikkordet er internasjonalisering

- Oppgåva mi blir å få forskarane til å sjå at det dei held på med kan vera til nytte for resten av samfunnet. Dessutan må eg overtyda dei om at dei er flinke forskarar. Mi røynsle er at dei forskarane eg har treft her ved UiO, alle tilhøyrer ti-på-topp eller tjue-på-topp-lista innanfor sitt fagfelt. Eit godt døme på det er Matematisk institutt som tilhøyrer Europas meisterliga, og skal vera utklekkingsanstalt for forskarspirer frå andre europeiske land. Stikkordet for å bli god i forsking, er internasjonalisering. Difor er universitet som Cambridge, Oxford, Paris og Grenoble i verdstoppen. Av same grunn må forskarane ved UiO bli like flinke til å etablera internasjonale forskingsnettverk, seier Reed.

Forskarar som er interessert i å vita meir om korleis dei skal gå fram for å skriva ein søknad om forskingspengar frå EU, kan ta kontakt med UiOs EU-rådgjevar, Ingrid Sogner på e-postadresse: ingrid.sogner@admin.uio.no eller med førstekonsulent Kristin Aall Knudsen på e-postadresse: k.a.s.knudsen@admin.uio.no


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 2000

Publisert 26. juni 2000 16:03 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere