Vet du at ...

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 2000


Vet du at ...


250 000 til alle prisvinnere

Både Forskningsprisen, Formidlingsprisen og Prisen for godt læringsmiljø er nå satt til 250 000 kroner. I tillegg skal det være en felles jury for alle de tre prisene ledet av prorektor Rolv Mikkel Blakar. Alle prisforslag skal leveres til fakultetssekretariata og alle prisene har fått felles statutter. Det har Kollegiet nylig bestemt. Tidligere var Forskningsprisen på hele 1,5 millioner kroner utbetalt over en treårsperiode, mens Prisen for godt læringsmiljø var på

150 000 kroner og Formidlingsprisen på 50 000 kroner. Alle prisene deles i år ut på en tilstelning 11. november i forbindelse med Universitetet i Oslos markering av Oslos 1000-årsjubileum. Fra neste år blir tradisjonen med å dele ut disse prisene på UiOs fødselsdag 2. september tatt opp igjen. Alle kan sende inn forslag på kandidater til sitt fakultetssekretariat innen 1. august 2000. Formålet med prisene er at de skal være en belønning som skal stimulere til økt innsats og være til inspirasjon for fagmiljøet til den eller de som får prisen. For informasjon om hvem som kan foreslå kandidater, hvem som kan motta prisen og hva de skal motta prisen for, kan dere se av de nye statuttene på http://www.uio.no/om/priser/.

Fjerner støtteordninger for privatister

Kollegiet vedtok mot to stemmer å støtte universitetsdirektørens forslag om at støtteordninger for privatister skal avvikles. Men Kollegiet fulgte derimot ikke universitetsdirektørens anbefaling om å støtte forslaget fra flertallet i et offentlig utvalg om å øke kostnadsnormen til studentene med 500 kroner per måned, og trappe opp stipendandelen til 10 prosent over flere år. Kollegiet vedtok i stedet å støtte mindretallets forslag om å heve kostnadsnormen til to ganger grunnbeløpet i folketrygden over en periode. Vedtakene var en del av universitetets høringsuttalelse til utredningen NOU 1999: 33 Nyttige lærepenger – om utdanningsfinansiering gjennom lånekassen.

Straumbrot på Blindern

Overoppheting av ein 22 år gamal transformator var årsaka til at både Administrasjonsbygningen, Lågblokka og Frederikkebygningen på Blindern mista straumen klokka 17.00 måndag 22. mai. Både Brannvesenet og politiet måtte rykka ut på grunn av brannfaren. Transformatoren er no skifta ut, får Uniforum opplyst ved Vakt- og alarmsentralen.

Profesjonsstudium i informatikk

Det blir oppretta eit profesjonsstudium i informatikk ved Institutt for informatikk. Det har Kollegiet bestemt. Kollegiet ber universitetsdirektøren om å finna finansiering av det nye studiet gjennom spesiell IT-satsing frå KUF og omdisponeringar frå UiO, inkludert eigendel frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Institutt for informatikk. Ressursane bør gjevast som opptrapping over ein femårsperiode. Dersom etterspurnaden etter studietilbodet eller etter dei øvrige studia skulle bli mindre enn rekna med, må utbyggingstakten og ressurstilgangen justerast tilsvarande, heiter det i kollegievedtaket. Samtidig ber Kollegiet universitetsdirektøren om å fylgja opp arbeidet for å sikra realiseringa av byggetrinn II til Informatikkbygningen.

Bibliotekdirektøren forsvarar kontrolltiltak

– Biblioteket og forskarane har vore opptekne av å sikra samlingane i Georg Sverdrups hus heilt sidan planlegginga av det nye biblioteket starta. For å redusera faren for svinn blei det difor planlagt bokskap og garderobeskap for yttertøy og store vesker i underetasjen i Georg Sverdrups hus. Det skriv bibliotekdirektør Jan Erik Røed i ei pressemelding i samband med at kontrolltiltaka blei kritiserte av studentar i studentavisa Universitas. Røed viser til at det var liknande kontrolltiltak den tida Universitetsbiblioteket låg på Drammensveien.

– Samlingane i Universitetsbiblioteket er ein fellesressurs, og det skal det også vera for komande generasjonar av studentar og forskarar. Biblioteket meiner det ikkje er å sløsa med pengar når me set inn tiltak for å hindra tap, meiner bibliotekdirektør Røed.

20 000 vitskapsfolk i det offentlege

I 1999 var til saman 20 000 personar tilsette i vitskaplege og faglege stillingar i universitets- og høgskulesektoren (UoH) og instituttsektoren. Dette utgjer om lag 53 prosent av det totale forskarpersonalet i Noreg. 14 300 var i universitets- og høgskulesektoren, 3100 i rekrutteringsstillingar, 1100 var eksternt finansierte forskarar og 1100 legar ved universitetssjukehus. Instituttsektoren sysselsette om lag 5750 forskarar, av desse 340 stipendiatar. Auken frå 1997 til 1999 i dei to sektorane til saman var på 350 personar (2 prosent). For det faste personalet ved universiteta og høgskulane var det ein auke på 320 personar (4 prosent), av desse auka dei statlege høgskulane åleine med 270 personar, heiter det i ei pressemelding frå Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU).

Voksne har rett til grunnskole og videregående opplæring

Dette er et av hovedpunktene i odelstingsproposisjonen om endringer i opplæringsloven som ble lagt fram for Stortinget 28. april. Voksne skal ha rett til grunnskoleopplæring i de fag som er nødvendige for å få vitnemål for fullført grunnskole. Retten til videregående opplæring gjelder personer født før 1978 og som derfor ikke faller inn under reform 94. Andre forslag til endringer i opplæringsloven er oppheving av lærebokgodkjennelsen, mulighet til å flytte elever fra nærskolen i spesielle tilfeller og rett til opplæring i punktskrift.

Nytt nasjonalt utdanningsråd

Det norske universitetsråd og Det norske høgskulerådet har slått seg saman til det felles samarbeidsorganet: Universitets- og høgskulerådet. Ei av grunngjevingane for samanslåinga er at den tradisjonelle todelinga mellom universitet og vitskaplege høgskular på den eine sida og statlege høgskular på den andre sida, ikkje er så klar og tydeleg som før. Målet skal no vera å samordna felles interesser innanfor eit råd som viser respekt for mangfald og variasjon, heiter det i den aller første pressemeldinga frå Universitets- og høgskulerådet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 2000

Publisert 25. mai 2000 12:32 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere