Vet du at ...

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000


Vet du at ...

Ikkje berre eit hovudfagsuniversitet

- Universitetet i Oslo ynskjer framleis å ha kontrollen med alle ledd i utdanninga både på lågare og høgare grad for å sikra kvaliteten, understrekar prorektor Rolv Mikkel Blakar. Etter eit intervju med Universitas i førre veke blei han oppfatta som om om han ville at UiO skulle leggja ned ein haug med grunnfag til fordel for hovudfagsundervisninga. - Eg har trekt fram at me bør laga to parallelle utgåver av grunnfaga, ein grunnfagsvariant av høgare kvalitet for dei som vel å fylgja faget som heiltidsstudent og ei enklare utgåve for dei som vil vera deltidsstudentar. I samband med dette diskuterer me ein større grad av nasjonal arbeidsdeling i høgare utdanning. Det var som eit døme på dette at eg kom med den uheldige utsegna mi om å leggja ned grunnfag, seier Blakar.

Også Studentparlamentet har kome med ein kraftig reaksjon på utsegna til UiOs prorektor. - Utspelet virkar lite gjennomtenkt. Dersom dette blir vurdert gjennomført, må det kunna skildrast som ei fallitterklæring frå leiinga si side, seier leiar for Studentparlamentet, Jon Evang. Han understrekar at grunnutdanninga på universitetet må skilja seg frå den som blir gitt på høgskulane ved at den bør vera meir forskingsbasert.

Misforstått likestillingspolitikk

- Endelig signaliserer ledelsen ved UiO at de er villige til å føre en aktiv likestillingspolitikk. Da er det synd at dette blir fullstendig misforstått av enkelte, sier Jon Evang, leder av Studentparlamentet i Oslo i en kommentar til stipendiatene Dag Øistein Endsjøs og Katrine Lund Ores utspill i Dagbladet. I innlegget i Dagbladet omtales UiOs likestillingspolitikk som diskriminering satt i system. Evang opplyser at tre stillinger i året skal øremerkes kvinner. I tillegg ønsker Studentparlamentet at miljøer med ekstremt lav kvinnerepresentasjon skal pålegges å bruke radikal kjønnskvotering ved ansettelser. - Dette vil likevel dreie seg om så få stillinger at mannlige søkere ikke vil bli diskriminert av den grunn, hevder Evang i en pressemelding fra Studentparlamentet.

Villa Grande-saka ikkje avgjort

Det er enno ikkje avgjort om Senter for studier av Holocaust og livsynsminoritetars stilling i Noreg kan etablerast i Quislings gamle førarresidens, Villa Grande på Bygdøy. Det opplyser informasjonsrådgjevar Kari Aamli i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Uniforum.

Ny og kontroversiell versjon av Ibsens Gengangere

Studentteatret framfører i disse dager teaterstykket Gengangere. Forestillingen som er regissert av Gaute Næsheim, kretser rundt åpningen av asylet Kaptein Alvings Minne. Det hele utspiller seg i nåtiden, og teaterscenen er omgjort til en moderne festarena. For ytterligere å høyne feststemningen vil det bli servering av vin og øl. I det opprinnelige Gengangere var det et strengt kirkesamfunn som satte reglene for atferden. I Næsheims oppsetning er det dagens glamorøse mediestyrte samfunn som har denne rollen. Stykket setter spørsmålstegn ved hvilke verdier vi bygger våre liv på og hvem det er som setter reglene for vår søken etter det lykkelige liv?

Gengangere framføres på Teaterscenen i Chateau Neuf fra og med 6. april til og med 13. april 2000. Spilletid er kl 19.30 alle dager unntatt lørdag 8. april da forestillingen begynner kl.16.00. Billettpris er kr. 75 og kr. 60 for medlemmer av Det Norske Studentersamfund. Billetter kan bestilles på tlf: 22 84 45 29 og mob: 98 81 35 56

Politiske utnemningar i KUF

Rektor Randi Øverland er blitt utnemnt til statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Øverland er i dag rektor ved Tangen vidaregåande skule i Kristiansand. Ho var også statssekretær i KUF i perioden 1990 – 1995.

Wegard Harsvik er tilsett som ny politisk rådgjevar i KUF. Han kjem frå stillinga som informasjonssekretær i Norsk Kommuneforbund. Harsvik har tidlegare vore redaktør av AUF-avisa Praksis og avisa Sosialdemokraten.

Edlundska priset til Mats Carlsson

Professor Mats Carlsson ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved UiO blei i førre veke tildelt Edlundska priset for år 2000 av det svenske vitskapsakademiet. Han delte prisen på 50 000 kroner med dosent Ariel Goobar ved Fysiska institutionen i Stockholm. Carlsson får prisen for sine teoretiske arbeid innanfor solfysikk, som har ført til eit gjennombrot i forståinga av korleis den ytre atmosfæren til sola, kromosfæren, blir oppvarma. Prisen blei delt ut av kong Carl Gustav i Aula Magna, Stockholms universitet. Carlsson er i dag styrar ved Institutt for teoretisk astrofysikk, der han leier ei forskingsgruppe og det strategiske universitetsprogrammet ”Modellering av astrofysiske plasma”.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000

Publisert 6. apr. 2000 10:53 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere