Dyslektikarar får øvingsrom

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000


Holly Pellicer

Førstekonsulent Holly Pellicer ved Konsulenttenesta for funksjonshemma studentar viser fram øvingsrommet for studentar med dysleksi.

- Studentar med dysleksi får snart tilgang til eit eige øvingsrom i kjellaren i Niels Henrik Abels hus. Der kan dei trena på spesiallaga dataprogram for dyslektikarar som kan gjera kvardagen lettare for dei, opplyser førstekonsulent Holly Pellicer ved Konsulenttenesta for funksjonshemma studentar til Uniforum.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Ho ber studentar som er usikre på om dei har dysleksi om å ta kontakt med Konsulenttenesta for funksjonshemma studentar slik at dei kan få utført ein dysleksi-test .

- Testen, som er utvikla ved Institutt for spesialpedagogikk ved UiO, er gratis og kan gi oss eit bilete av kor stor grad av dysleksi ein student har. Synspunktet vårt er at ein student med dysleksi bør få nok hjelp til å kompensera for dysleksien, seier Pellicer.

100 studentar testa

- Til no har me testa om lag 100 studentar for dysleksi, men me har kontakt med 170 studentar som i større eller mindre grad har denne funksjonshemminga. Mange av dei har også blitt testa tidlegare, men av logopedar som berre har røynsle med barn. Ein ny test kan vera naudsynt når dei begynnar her på universitetet. Det går vanlegvis greitt og raskt å få gjort unna den testen, slår ho fast, medan ho understrekar at dei som har dysleksi ,på ingen måte er noko einsarta gruppe.

- Mange av dei har klart seg bra sjølv om dei har dysleksi. Nokre av dei som me oppdagar, er eldre studentar som ikkje er blitt testa for dysleksi tidlegare, men har streva med lese- og skrivevanskar. Dysleksi er arveleg, og ny forsking tyder på at det finst eit eige dysleksi-gen, fortel ho. I rom 032 i Niels Henrik Abels hus vil alle studentar med dysleksi ved UiO snart få høve til å prøva ut dataprogram som kan hjelpa dei med å overvinna vanskane funksjonshemminga deira fører med seg.

- Der vil dei kunna få prøva ut eit leseprogram med syntetisk tale, og dei kan også få høve til å scanna tekst frå ei bokside med scannaren som står der. Men rommet er framleis under utbygging og manglar ein del programvarer, understrekar ho.

Sjølvhjelpsgrupper

Konsulenttenesta for funksjonshemma studentar vil oppfordra dyslektikarar til å etablera sjølvhjelpsgrupper. - Mange dyslektikarar har utvikla eigne strategiar for å takla denne funksjonshemminga, og me trur det vil vera ein god idé om dei kunne ha utveksla gode studieteknikkar og andre metodar med kvarandre. Difor kjem me til å senda ut eit brev til dei studentane som deltok på informasjonsmøtet vårt og oppfordra dei til å setja i gang slike grupper, seier Pellicer, som er optimistisk på dyslektikarane sine vegner.

- Det er spennande å jobba med studentar med dysleksi som ynskjer å gjera noko med funksjonshemminga si, og som seinare i livet likevel klarer seg bra.

Ho minner om at studentar som har ein alvorleg dysleksi, kan få utvida tid til eksamen, og eventuelt få bruka PC. Søknad om dette må sendast til fakulteta innanfor eksamensfristane. Studentar som ynskjer å ta ein dysleksi-test, kan ta kontakt med Holly Pellicer på e-postadresse h.k.d.pellicer@admin.uio.no eller med Ellen Solheim på e-postadresse e.m.solheim@admin.uio.no


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000

Publisert 6. apr. 2000 13:43 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere