UiO krev 11,5 millionar kroner meir
Universitetet i Oslo ber KUF om å auka løyvingane til institusjonen med 11,5 millionar kroner på statsbudsjettet for neste år. Til saman ber UiO om ei løyving på 2,021 milliardar kroner frå staten.
Martin Toft
Medan UiO i år sit med eit budsjett på 2,009 milliardar kroner, ynskjer universitetsleiinga ein liten auke på 11,5 millionar kroner på framlegget til statsbudsjett for 2001. Det går fram budsjettframlegg universitetet nyleg sende til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. I budsjettframlegget blir det også skildra kva tiltak som blir gjennomførte dersom det blir ein realnedgang i løyvingane på 2-4 prosent og kva prioriteringar som kjem til å bli gjort i tilfelle budsjettramma får ein realvekst på 2-3 prosent.
Amputert rekrutteringsarbeid
Dersom det blir ein realnedgang på mellom 2 og 4 prosent, noko som tilsvarar mellom 40 og 80 millionar kroner, kjem det til å gå utover dei frie driftsmidlane som blir brukte til forsking (faglege reiser), undervisning, altså hjelpelærarar, IT og bokkjøp, står det i budsjettframlegget frå universitetsdirektøren. Det vil dessutan gå utover det arbeidet universitetet sjølv driv for å sprøyta interne midlar inn i omstillingsarbeidet. Denne potten er planlagt å vera på rundt 100 millionar kroner kvart år i fem år. Ein sentral del av omstillingsprosessen er oppretting av rekrutteringsstillingar. Dermed vil den alvorlegaste fylgja av budsjettkutt bli at arbeidet for fagleg rekruttering og fornying blir skadelidande. Andre fylgjer kan bli reduserte studentmåltal og opptaksrammer og nedlegging av fag- og studietilbod.
Betring av forskingsvilkåra
Ein realauke på 2-3 prosent av driftsramma tilsvarar 50 millionar kroner og vil gi UiO høve til å betra forskingsvilkåra og studiekvaliteten, står det i budsjettframlegget frå universitetsdirektøren. Dei ekstra pengane vil bli brukte til å tilsetja stipendiatar og betre driftsbudsjetta i fagmiljøa. I tillegg vil ein del av pengane bli brukt til vedlikehald av bygningar. Svaret på kva av dei to scenaria som blir røyndom for UiO, får me når regjeringa legg fram framlegget til statsbudsjett første veka i oktober.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere