Meir nynorsk ved UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000


  • Forelesingskatalogen skal berre gjevast ut på nynorsk
  • Universitetets årsmelding skal gjevast ut på nynorsk kvart fjerde år
  • Den interne adresse- og telefonlista med institusjonelle orienteringar skal berre koma ut på nynorsk

Martin Toft

Dette er blant dei tiltaka Universitetet i Oslo kjem til å setja i verk for å få opp nynorskprosenten ved institusjonen. Tiltaka er eit svar på kritikken frå Norsk språkråd som har vist til at UiO som statsinstitusjon er forplikta til å ha 25 prosent av alt skriftleg materiell på nynorsk. Universitetet vil også gi ut parallelle utgåver av brosjyren studietilbod/studietilbud, og seinare språkkløyva denne brosjyren for å sikra at stoffet kjem på nynorsk i elektronisk utgåve. Dessutan vil orienteringsheftet ”Velkommen til Universitetet i Oslo” halda fram med å bruka 40 prosent nynorsk og 60 prosent bokmål.

Studiekort og semesterkort skal finnast i begge målformer. Det same skal det sentrale søknadsskjemaet for opptak og rettleiing. Også alle eksamensoppgåver skal liggja føre både på nynorsk og bokmål. Dei same retningslinjene skal fylgjast når det gjeld dei elektroniske sidene til UiO. Her vil det også bli arbeidd inn metadata som kan registrera mengda av stoff på bokmål og nynorsk nettopp på dei elektroniske sidene. I tillegg oppfordrar universitetsleiinga fakulteta til å nytta nynorsk i studiehandbøkene.

Opplæring i nynorsk

I eit brev til Norsk språkråd lovar assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien og informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal, på vegner av UiO, å gi dei tilsette større kompetanse gjennom opplæring i nynorsk. Slik skal det utviklast ein kultur for å bruka nynorsk i det daglege arbeidet, står det i brevet.

- Har UiO no lagt seg heilt flat for kritikken frå Norsk språkråd, assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien?

- Eg veit ikkje om det er riktig å seia det sånn. Men Språkrådet peikar på ting som ikkje har vore oppfylte tidlegare. No set me i alle fall i gang med tiltak som kan oppfylla krava langt på veg.

- Kjem ikkje dette til å vekkja debatt?

- Heilt sikkert.

- Regelen om at ingen av dei to målformene skal vera representert med mindre enn 25 prosent i det trykte materiellet til ein statsinstitusjon, blei jo innført for mange år sidan. Kvifor har ikkje UiO tatt denne regelen alvorleg før no?

Det er mange statsinstitusjonar i Oslo-området som strevar med dette fordi mange sakshandsamarar ikkje er vane med å skriva på nynorsk. Dessutan har det vore vanskeleg i ein travel kvardag å påleggja sentrale sakshandsamarar å skifta målform, seier Stray Lien.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000

Publisert 6. apr. 2000 11:04 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere