Eg er også <i>forskings</i>minister!

Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000


Ingen skal vera i tvil om at eg er forskingsminister, sa kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske i eit møte med universitetspressa nyleg.

Martin Toft

Då me gjekk inn til pressemøtet med den nye kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, slo det oss at han kanskje likevel ikkje var den personen me skulle ha intervjua. Kanskje me heller skulle ha snakka med Grete Knudsen som er blitt nærings- og IT-minister? Det er kanskje ikkje berre statsråden, men heile Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som er blitt glattbarbert? Men ei slik problemstilling avviste Trond Giske kontant. Grete Knudsen får oppdragsforskinga

- Føresetnaden for at eg sa ja til å bli statsråd i dette departementet, var at eg skulle vera kyrkje-, utdannings- og forskingsminister. Nærings- og IT-minister Grete Knudsen vil få ansvaret for ein del av den oppdragsforskinga som i dag ligg under blant anna Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet. Universitets- og høgskuleforskinga skal framleis liggja under KUF, understreka han. Han viste til at kva del av oppdragsforskinga som skal leggjast under Nærings- og IT-departementet, måtte drøftast med Noregs forskingsråd først. Men innan 12. mai når revidert statsbudsjett skal handsamast i Stortinget, vil det vera klart kva del av forskinga Grete Knudsen vil få ansvaret for.

Bodø-vedtak blir ståande

Trond Giske var også klar over at Lilletuns avgjerd om å gi Høgskulen i Bodø rett til å tildela doktorgrad i økonomi, hadde ført til ei tillitskrise mellom Universitetsrådet og KUF. Det har blant anna ført til at Universitetsrådet sine representantar i Noregsnettrådet ikkje lenger er med på rådet sine møter.

- Men eg vil likevel ikkje gjera om dette vedtaket. Noregsnettrådet er no i dialog med oss slik at me kan få arbeidet i rådet på sporet igjen. Eg håpar at me saman kan ta ein ny gjennomgang av retningslinjene for godkjenninga av slike studium, sa han.

- Korleis er du nøgd med dagens styringsmodell ved universiteta?

- Dette er eit dilemma. For på den eine sida er me opptekne av å gi universiteta den fleksibiliteten som dei har behov for, medan me på den andre sida har nasjonale behov for å leggja føringar slik at kvar einskild utdanning har ein likeverdig standard uavhengig av kva universitet studenten går på, påpeika Giske.

Mjøsutvalet viktig

Etter pressemøtet kan me slå fast at han og forgjengaren hans, Jon Lilletun, har ein ting til felles; begge viser til utgreiinga til Mjøsutvalet når dei får vanskelege spørsmål om den framtidige organiseringa av den høgare utdanninga i Noreg. Dermed får me ikkje noko svar på desse spørsmåla før Mjøsutvalet har lagt fram utgreiinga si måndag 8. mai.

Om me bestemmer oss for ein amerikansk eller ein europeisk gradstruktur ved dei norske høgskulane og universiteta, vil ikkje vera klart før utgreiinga til Mjøsutvalet har blitt vidareutvikla til ei stortingsmelding som tidlegast kan handsamast om eitt år, sa Giske, som gjerne understreka kor viktig arbeidet til Mjøsutvalet er.

Formålet med utvalet er jo at det skal gi oss ein god analyse av høgare utdanning i Noreg og gi oss gode alternativ for nyorganisering. Deretter kan det kanskje bli innført ein ny struktur for høgare utdanning. I dag er det ingen tvil om at høgskule- og universitetsstrukturen er for stiv i høve til det som krevst av næringslivet og kompetansereforma. Universitets- og høgskuletilboda må vera meir tilgjengelege og meir tilpassa dei vaksne som ynskjer å etterutdanna seg, understreka statsråden. Han fortalde også at det blir ein utdanningspolitisk debatt i Stortinget 4. mai.


Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000

Publisert 5. apr. 2000 13:02 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere