Notert

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000


Notert


Først kom Xanana Gusmao ...

Xanana Gusmao og José Ramos Horta

Frigjeringsleiaren Xanana Gusmao opna utstillinga om Aust-Timors lange og blodige kamp for å frigjera seg frå Indonesias okkupasjon av landet. (Foto: Khai Nguyen, Universitas)

Akkurat no føler me oss som eit lite barn like før det skal gå dei første stega på eiga hand. Det sa Aust-Timors frigjeringsleiar, Xanana Gusmao, då han og vinnar av Nobels fredspris, José Ramos Horta, saman opna SAIHs utstilling om Aust-Timor i Georg Sverdrups hus 17. mars. I talen sin takka han både det norske folket og dei norske studentane for den solidariteten dei hadde vist overfor folket på Aust-Timor og deira krav om sjølvstyre.

Me er stolte over at me endeleg har klart å frigjera oss frå Indonesia, men no byrjar den verkelege kampen når me skal byggja opp landet igjen. Me vil gjera vårt aller beste for at de skal halda fram med å støtta oss, sa Gusmao før han gjekk inn i utstillingsrommet for å sjå fotodokumentasjonen frå den lange lidingshistoria til Aust-Timor. I utstillinga står det blant anna ei eiga informasjonstavle om Xanana Gusmao og frigjeringsrørsla Fretelin som han er leiar for. Der står det at Gusmao er i ferd med å sona ein dom på 20 års fengsel i Indonesias hovudstad Djakarta. Samtidig var det nettopp Xanana Gusmao som opna denne utstillinga. Det fortel altså to ting: at utstillinga ikkje er heilt oppdatert og at både Aust-Timor og Xanana Gusmao har fått fridomen sin tilbake. Utstillinga blir ståande fram til 27. mars.


indonesisk student dansar

Balisk maskedans.
(Foto: Grethe Tidemann)

… og så kom Indonesias kulturambassadørar

Fargerike klede, vakker musikk og god mat. Det var ingrediensane i kultursalaten som blei servert av Indonesias ambassadør og 16 indonesiske studentar i Georg Sverdrups hus 17. mars. Alle studentane går på masterkurset ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Presentasjonen skjedde knappe to timar etter at frigjeringsleiarane Xanana Gusmao og José Ramos Horta hadde opna utstillinga om Aust-Timor i den same bygningen.

Den indonesiske ambassadøren håpa på eit godt samarbeid med Universitetet i Oslo, og inviterte forskarar og studentar til å besøka heile Indonesia og ikkje berre Bali. Rektor Kaare R. Norum takka på si side for at Indonesias ambassadør og dei indonesiske studentane hadde tatt seg tid til ein slik kulturpresentasjon på ein fredag ettermiddag.



Mal-apropos

Dei nye elektroniske malane for brev, notat og faks, som er laga og lagt ut i Word for PC i første omgang, har vist seg å ha så mange manglar og feil at me har måtta setja i gang arbeid med å endra og retta opp. Det opplyser grafisk medarbeidar Alv Reidar Dale til Uniforum. Han legg til at dei prøver å ta omsyn til så mange merknader og innspel som råd og difor oppmodar dei dei tilsette som har teke dei malane som no ligg ute i bruk, om å melda frå til a.r.e.dale@admin.uio.no om grafiske innvendingar og til erlend.overby@usit.uio.no om datatekniske problem. - Opprettingsarbeidet vil ta noko tid, slik at me må koma attende til framdrift og utskifting av maldokument i seinare nummer av Uniforum og etter kvart i eige skriv med nye brukarrettleiingar, seier Dale.



Westby og Tønnesen

Sittende benkpress: Idrettskonsulent Harald Westby og Finn Tønnesen, avdelingsingeniør ved Farmasøytisk institutt.
(Foto: Grethe Tidemann)

Topp moderne helsestudio på Blindern

- Kom og prøv det nye helsestudioet i Idrettsbygningen på Blindern. Denne oppfordringen til Universitetets ansatte kommer fra idrettskonsulent Harald Westby. De nyoppussede lokalene er lyse og lekre med store vinduer, nytt luftrenseanlegg og topp moderne apparater. Utstyret er identisk med det som finnes på helsestudioet i Domus Atletica. Anlegget har en sal med apparater for oppvarming og kondisjonstrening, en tilstøtende sal med styrkeapparater og en sal med frie vekter. Veggen mellom oppvarmingssalen og styrkesalen hindrer støy fra kondisjonsapparatene fra å forstyrre deg når du trener styrke. Helsestudioet har også en adskilt uttøyningsdel med matter og ribbevegg. Etter klokken 15.30 er det instruktører til stede som gir råd og veiledning om bruk av apparater og trening generelt. Bestiller du veiledningstime på forhånd, får du instruktørens fulle oppmerksomhet i halvannen time.

Finn Tønnesen, avdelingsingeniør ved Farmasøytisk institutt, trener hver dag, og veksler mellom Domus Atletica og lokalene på Blindern. Han er strålende fornøyd med det nye helsestudioet. - Jeg går rett fra jobb, og det er færre mennesker her om ettermiddagen enn i helsestudioet på Domus Atletica. Men du må skrive om ”spinningen” også, sier han. Finn Tønnesen begynte å trene i sykkelrommet på Domus Atletica i februar og anbefaler også denne treningen varmt.

Treningsstudioet på Blindern er åpent fra klokken 8 til 22 på hverdager og fra klokken 9 til 16 lørdager. Informasjon kan fås på telefon 22853260.


Det Kongelige Frederiks …

… Vi bør her gjøre en liten stans og opgjøre universitetets status av lærerkræfter sommeren 1833, 20 aar efterat det hadde begyndt sin virksomhet. I det hele hadde universitetet nu 26 universitetslærere, hvorav 16 professorer og 10 lektorer. I det samlede antal svarer dette saa temmelig til planen av 1812 med sine 25 professorer og 2 lektorer "for de nyere Sprog". Men i fordelingen paa de enkelte fag eller faggrupper er der en betydeligere forskjel. Mens de teologiske og juridiske fakulteter hver hadde de planlagte 3 lærere, hadde de medicinske opnaadd 5, hvilket var 2 mere end efter planen. Det filosofiske fakultet var efter planen av 1812 delt i 5 særskilte faggrupper. Av disse skulde filosofien hat 3, men hadde i 1833 kun 1 lærer; matematikken (med astronomi) skulde hat 3, men hadde kun 2 lærere; […] mens endelig "Statshusholdningsvidenskaberne" kun hadde 1 mot planlagt 3 lærere. Denne sidste faggruppe med planlagt undervisning bl.a. i "Kameral- og Finansvidenskaben, Land- og Forst-Oeconomie, Manufactur og Fabrikvæsen og almindelig Handelsvidenskab" kom overhodet aldrig til at indta den planlagte stilling ved universitetet og formindskedes heller end økedes i betydning ved den forandring, som foretoges i 1840.

Kongelige Frederiks Universitet 1811-1911
Festskrift I

Bystyret på UiO-besøk

politikarar og skodespelarar

Det alltid like aktuelle stykket En folkefiende av Henrik Ibsen blei framført for bystyrepolitikarane då dei var på besøk på UiO. (Foto: Ståle Skogstad)

38 av dei 50 bystyremedlemane i Oslo takka ja til invitasjonen frå Universitetet i Oslo om å delta på eit informasjonsmøte om universitetet i Georg Sverdrups hus 16. mars. Politikarane fekk høyra innlegg både av rektor Kaare R. Norum, leiar for Studentparlamentet, Jon Evang, dekan Stein A. Evensen, assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien og direktør for Studentsamskipnaden, Lisbeth Dyrberg. Dei fekk også ein smakebit av Henrik Ibsens En folkefiende, framført av Kateterkompaniet. Det blei tid til ei rask omvising i Georg Sverdrups hus før besøket blei avslutta med ein betre middag.




Nøtter

{short description of image}
  1. Hvem er dette?
  2. Når legger Mjøsutvalget fram sin innstilling?
  3. Hva heter universitetets informasjonsdirektør?
  4. Når vedtok Stortinget å opprette Universitet i Bergen?
  5. Hvilket fag forbinder du med navnet Arne Matstekaasa?


Svar



Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000

Publisert 22. mars 2000 22:07 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere