Trond Giske møter store forventingar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000


Trond Giske
Trond Giske er den yngste KUF-ministeren gjennom tidene.
(Foto: Universitas)

Både rektor Kaare R. Norum og leiar for Studentparlamentet, Jon Evang, håpar den nye kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, Trond Giske, vil vera ein forkjempar for auka overføringar til høgare utdanning og for ei betring av læringsmiljøet.

Martin Toft

Den tidlegare AUF-leiaren, stortingsrepresentant Trond Giske, blei altså utnemnt til ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i Jens Stoltenbergs første regjering. Han er 33 år og dermed den yngste kyrkje-, utdannings- og forskingsminister nokonsinne. Giske er cand.mag. med faga sosialøkonomi, statsvitskap og jus, og har dermed ei høgare akademisk utdanning enn forgjengaren sin, Jon Lilletun, som berre kunne skilta med avslutta handelsskule. Rektor Kaare R. Norum ser fram til å samarbeida med den nye statsråden.

Musikalsk

- Han er ein ung og svært dugande politikar. Eg håpar at han har forståing for rolla til universiteta og grunnforskinga. Han er musikalsk, og slike menneske er vanlegvis flinke til å lytta. Difor trur eg at me skal vinna gehør for synspunkta våre. At han også ser på forsking som noko som kan få mykje å seia for framtida, lovar også godt. Det blir likevel spennande å sjå kor langt han vil vinna fram i kampen om pengane i regjeringa, seier Norum. Han minner om at Arbeidarpartiet var heilhjarta med på fleirtalsinnstillinga frå KUF-komiteen som krevde ei styrking av Noregs forskingsinnsats. Den komiteen blei leia av den nye nærings- og IT-ministeren, Grete Knudsen.

Læringsmiljø

- Det er grunn til å tru at ho vil prøva å stimulera til auka forskingsinnsats både når det gjeld oppdragsforsking og langsiktig grunnforsking. Eg trur både Giske og Knudsen har forståing for vilkåra til studentane og vil vera med på å slå eit slag for eit betre læringsmiljø. Men akkurat som tidlegare må me nok gjera det meste sjølv. Og då håpar eg at me får større fridom og mindre byråkratisk overstyring enn tidlegare. Difor skal det bli interessant å sjå korleis den nye regjeringa ser på rolla til Mjøsutvalet, seier UiO-rektoren. Studentparlamentet i Oslo ber om at den nye KUF-ministeren blir talsmann for studentane i regjeringa. Leiar for Studentparlamentet, Jon Evang, håpar også at utnemninga av Giske får økonomiske konsekvensar.

- Det bør setjast større fokus på høgare utdanning gjennom auka overføringar til utdanningspolitisk sektor. Dessutan håpar me at den nye statsråden vil føre ein politikk som vil fremja likestillinga av kvinner og menn ved tilsetjingar i vitskaplege stillingar ved UiO, seier studentleiar Jon Evang.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000

Publisert 22. mars 2000 22:19 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere