Oldsaksamlinga kan få utgravingsprosjekt til <br clear="all"> 43 millioner kroner

Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000


Oldsaksamlinga kan få ansvaret for dei arkeologiske utgravingane i samband med utbygginga av det militære skytefeltet i Gråfjellet på Rena i Hedmark. Utgravingane vil kosta 43 millionar kroner og sysselsetja opptil 40 personar i tre feltsesongar.

Egil Mikkelsen
(Arkivfoto)

Martin Toft

- Dette vil vera det aller største utgravingsprosjektet Oldsaksamlinga har fått ansvaret for nokonsinne, seier direktør for Universitetets kulturhistoriske museum, Egil Mikkelsen (bilete). Føresetnaden for at utgravingane kan koma i gang er likevel at Stortinget ikkje omgjer vedtaket om utbygging av skytefeltet frå 23. mars i fjor, når dei økonomiske konsekvensane blir presentert i ei eiga melding i mai.

Då vedtaket blei gjort, hadde utbyggingsfeltet ei samla kostnadsramme på 1,1 milliardar kroner. Også dei sivile ulydnadsaksjonane mot feltet, kan føra til at prosjektet blir utsett. Regionfeltet skal opprettast i Gråfjellet i Åmot kommune i Hedmark. Til saman omfattar det rundt 226 kvadratkilometer i eit skogsområde som ligg 400-900 m.o.h. Det er Forsvarets bygningsteneste som er byggherre, og som vil finansiera dei arkeologiske utgravingane til Oldsaksamlinga.

Fangstgroper og buplassar

- Dei arkeologiske utgravingane skal først og fremst dokumentera og formidla den kulturhistoriske kunnskapen som går tapt ved at Gråfjellet blir nytta til skyte- og øvingsfelt. Hovudoppgåva vår blir å dokumentera gjeremåla til menneska i dette området i førhistorisk tid og i mellomalderen før 1537. Men det blir også registrert samiske kulturminner eldre enn 100 år. Dei er automatisk freda, fortel Mikkelsen. Blant dei tinga som arkeologane ventar å finna i dette området, er buplassar og lokalitetar frå steinalder og bronsealder, fangstgroper, kullgroper, jernframstillingsanlegg, restar av hus, eldstader, spor etter jordbruk og dyrking og graver. Arkeologane vil vera på jakt etter spor etter ferdsel som vegar og bruer.

3000-4000 kulturminner

- Me reknar med at det finst mellom 3000 og 4000 kulturminner som er automatisk freda i dette området. Hedmark fylkeskommune, som vil bruka 20 millionar kroner til registrering av kulturminner, ynskjer å verne mest mogleg av dei kulturminnene som blir registrerte. Kor mange kulturminner ein klarer å finna, vil vera ein viktig premissleverandør for resten av planlegginga av skytefeltet. Og dersom utgravingane skulle visa at det finst kolgroper frå mellomalderen på over 70 prosent av området og variasjonane elles er svært små, då vil ikkje kvantiteten i seg sjølv vera viktig for vernevurderinga, forklarar han.

Men viss det skal takast omsyn til dei arkeologiske utgravingane som blei gjorde på Rødsmoen i Åmot i 1993-96, berre nokre kilometer unna Gråfjellet, så vil det truleg finnast fleire nedgravde hustufter frå steinalderen som kan visa til ei spesialisert utnytting av elgen som ressurs. Desse utgravingane gav viktig kunnskap om utviklinga av produksjon og vidareforedling av jernet i jernalderen og mellomalderen.

Fangstgraver for elg og seterdrift

Undersøking av fangstgroper vil vera svært viktig i Gråfjellet. Me ynskjer å finna ut om det fins murte eller gravne reinsdyrgraver, og om ulike etniske grupper har drive fangst i området. Når det gjeld framstillinga av jern, vil me vera på jakt etter den såkalla Evenstadomnen for å avklara kronologi og samanheng med den eldre gropsjaktomnen. I tillegg vil me sjå på forholdet mellom gard og seter, og finna nye opplysningar om korleis seterdrifta oppstod, forklarar museumsdirektøren. Etter planen skal prosjektet opprettast frå 1. mars 2001, og det er rekna å vara i fire år fram til 28. februar 2005. Det blir tilsett ein prosjektleiar, to prosjektmedarbeidarar og ein sekretær. I dei tre feltsesongane vil det bli tilsett åtte feltleiarar og 32 feltassistentar i 14 veker.

Dette personalet blir i hovudsak rekruttert blant studentar i arkeologi, men assistentgruppa kjem også til å vera sett saman av lokal arbeidskraft, seier Mikkelsen. Innan 1. oktober må Oldsaksamlinga ved Universitetets kulturhistoriske museum ha endeleg stadfesting på om regionfelt Austlandet blir utbygd. Det er fristen Oldsaksamlinga har sett for å kunna gå i gang med utgravingane frå sommaren 2001.


Innhold Neste Uniforum nr. 5 2000

Publisert 5. apr. 2000 11:49 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere