Notert

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


Humanioradagar med Jesus i sentrum

Jesus
Illustrasjon: Ragnar Aalbu

Jesus Kristus blir hovudpersonen under Humanioradagane frå 30. mars til 2. april. Dagane er meint å bli ei fødseldagsfeiring av totusenåringen Jesus. Difor er også temaet for dagane ”Jesus – 2000 ansikter”.

Foredraga under dagane vil spenna frå ”Kvitekrist – skreddersydd for vikinger” ved Gro Steinsland til ”Kristusskikkelsen hos Dostojevskij” ved Geir Kjetsaa. Men også tema som ”Jøden Jesus”, ”Jesus som mor”, ”Barnet Jesus”, ”Kristus og vinen” og ”Jesus som muslim” blir sett under lupa under Humanioradagane.

Fredag 31. mars blir det skipa til ein debatt i Georg Sverdrups hus på Blindern med tittelen Krybben i kryssild. Er religion utgangspunkt for konflikter? Panelet vil vera sett saman av blant andre statsminister Kjell Magne Bondevik, biskop Gunnar Stålsett og førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik. Filmane Jesus fra Montreal, Life of Brian, King of Kings og Jesu siste fristelse blir viste på Cinemateket under Humanioradagane.

I Nasjonalgalleriet blir det utstilling av Jesusbiletet dei siste 500 åra medan det i Domkyrkja blir ikonutstilling med ikonmålarar som bur i Noreg. Elles vil arrangementa gå føre seg både i Gamle festsal i Urbygningen, Oslo Nye og i Nationaltheatret. Opninga av Humanioradagane vil skje i Universitetets Aula torsdag 30. mars klokka 18.00 ved dekan Even Hovdhaugen, Det historisk-filosofiske fakultetet . Opninga blir avslutta med Missa Brevis, ei messe av Sigvald Tveit, som blir urframført av Kor Cantikum.


Bystyret besøkjer UiO

Bystyret i Oslo kjem på besøk til Universitetet i Oslo torsdag 16. mars. Då skal Oslo-politikarane ha politiske samtalar med universitetsleiinga og med leiinga for Studentsamskipnaden. Dei vil også bli tatt med på ein rundtur i Georg Sverdrups hus før besøket blir avslutta med ein betre middag.


Lær å bruka BIBSYS!

- Både tilsette og studentar ved UiO må melda seg på dei gratis BIBSYS-kursa. Denne oppfordringa kjem frå hovudbibliotekar Ingerid Strande ved Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap i Georg Sverdrups hus.

{short description of image}

LETTARE KVARDAG: Ingerid Strande trur BIBSYS-kursa kan gjera bibliotekkvardagen lettare både for brukarane og dei tilsette. (Foto: Ståle Skogstad)

Martin Toft

Ho viser til at biblioteket skipar til gratis kurs for alle bibliotekbrukarar kvar måndag, tysdag og torsdag både i februar og mars. Dei 45 minuttar lange kursa startar anten klokka 09.15, 13.15 eller 15.15 og er opne for alle interesserte.

Kurset er ei innføring i BIBSYS-søking og ei orientering om korleis ein skal finna fram i biblioteket. Mange skjønar ikkje kvar bøkene står, og difor må dei stå i kø for å få hjelp, seier Strande. - Det einaste kravet me stiller er at folk på førehand melder seg på kursa i rettleiingsskranken i 1. etasje i Georg Sverdrups hus. Det er nemleg berre plass til 15 personar på kvart kurs, understrekar ho.

- Mange synest jo at BIBSYS-systemet er enkelt. Er det naudsynt å halda eigne kurs i korleis dette systemet virkar?

- Nokre studentar ved Institutt for informatikk har gjort ei undersøking som viser at folk ikkje skjønar korleis BIBSYS-systemet fungerer. Dei forstår ikkje kor raffinert verktøy dette er, og difor er det viktig at dei lærer søkjeteknikken. Det er mange som til dømes skriv forfattarnamn slik : Smith R.S. i staden for Smith, R? dersom dei er på utkikk etter ein spesiell forfattar. I BIBSYS-systemet kan eit komma og eit spørjeteikn ofte skilja mellom suksess og fiasko for dei som er på leiting etter spesielle bøker, seier Strande, som gjerne minner om internettadressa til Bibliotek for humaniora og samfunnvitskap: http://www.ub.uio.no/uhs/

Dei som vil gå direkte til oversikten over BIBSYS-kurs, finn den på fylgjande internettadresse: http://www.ub.uio.no/uhs/kurs/BIBSYSkurs.htm


Lege på dagen

Influensaen og vinterinfeksjonene er nå over. Det betyr at det nå er godt med kapasitet på Helsetjenesten ved Universitetet i Oslo. Dermed kan du nå få time ganske raskt og akutt hjelp på dagen.

Studenter med betalt semesteravgift betaler ikke for legekonsultasjoner. For ansatte er det en egenandel på kr. 110,- akkurat slik det er på kommunale legesentre. Helsetjenestens åpningstid er i vintertiden kl. 08.00 - 15.30. Henvendelse ved personlig frammøte eller på telefon 22 85 31 60 som er betjent mellom kl. 08.30 og 10.30 og mellom kl. 13.00 og 15.00.

Det Kongelige Frederiks …

Filologien: Universitetet var i den første menneskealder kun utstyret med de allernødvendigste lærerkræfter i sprog, hvilket var naturlig nok, da undervisningen under de beskedne forhold ved aarhundredets begyndelse saagodtsom udelukkende maatte ta sigte paa at føre frem til de foreskrevne eksamina. Ved undervisningen i latin, græsk og hebraisk toges for en væsentlig del hensyn til den forberedende examen philologico-philosophicum, hvis hensigt var at gjøre de studerende "saa bekjendte med de forskjellige Videnskabsgrene, som de nødvendigen maa være, for siden at kunne have en sikker Grundvold at bygge deres videnskabelige Beskjæftigelser paa". […]

De filologiske studerendes antal var i den første tid meget litet. Herom faar vi oplysning i en artikelrække om universitetet i "Budstikken" I (1818): "Hvad Philologiens Studium angaaer, da er her ved Universitetet, saavidt bekjendt, for Nærværende kun tre Studerende, der ganske opoffre sig samme, og det med en saare roesværdig Flid. Imidlertid ere Udsigterne for den, der ene opoffrer sig Philologiens Studium, kun lidet tillokkende, og dette Studium fordrer ogsaa et altfor langt Ophold ved Høiskolen, til at Nogen, der ikke enten har privat Formue, eller nyder særskilt Understøttelse af Universitetet, skulde kunne hengive sig til samme, om han end dertil har Lyst og Anlæg. De Fleste lade det derfor beroe med Det, de lære til den philologiske Deel af anden Examen."

Kongelige Frederiks Universitet 1811-1911 Festskrift II

UiO-forskar vil bli likestillingsombod

Forskar Johanne Sundby ved Institutt for samfunnsmedisin ved Det medisinske fakultetet er ein av dei sju søkjarane til stillinga som likestillingsombod for ein ny åremålsperiode på seks år. Noverande åremålsperiode går ut 15. juni. Også dagens likestillingsombod, Anne Lise Ryel, er blant søkjarane til denne stillinga.

Uniforum rettar

I førre nummer av Uniforum kom me i skade for å skriva at halvparten av dei 100 tilsette ved Immunologisk institutt var tilsette ved Universitetet i Oslo. Så enkelt er det nok ikkje. For

Immunologisk institutt er eit kombinert institutt ved Rikshospitalet og Universitetet i Oslo med ein felles administrasjon. Ved instituttet arbeider det i dag altså rundt 100 personar. Av desse har 47 ei fast hovudstilling ved Rikshospitalet (av dei er tre overlegar og ein forskar som også er professor II ved UiO). Ved UiO har instituttet akkurat no sju faste hovudstillingar; tre av dei er professorar i full stilling, men dei er samtidig også overlegar i bistilling ved Rikshospitalet. I tillegg kjem eitt professorat som det er i ferd med å bli tilsett ein person i. Resten av personalet ved instituttet er åremålstilsette med lønn både frå UiO og frå diverse eksterne kjelder som Noregs forskingsråd og Den Norske Kreftforening.

Uniforum retter

Forrige Uniforums "nøtt" var, som sikkert mange av våre lesere klarte å gjette, professor Halvor Eifring ved Institutt for østeuropeiske og orientalske studier. Men Eifring er ikke lenger bestyrer ved dette instituttet, slik Uniforum feilaktig skrev. Den nye bestyreren heter Bjørn Olav Utvik. Utvik disputerer forøvrig for graden doctor artium lørdag 26. februar.



Nøtter

  1. Hvem er dette?
  2. Hvor mange studenter ble immatrikulert i 1813 da universitetet startet sin virksomhet?
  3. Når vedtok Stortinget å opprette et universitet i Tromsø?
  4. Hva står forkortelsen UNIS for?
  5. Hvilket fag forbinder du med navnet Anna Louise von der Lippe?


Svar



Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 23. feb. 2000 15:32 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere