Frå langtidsplan til handling

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


- Det er no arbeidet verkeleg begynnar. Det seier rådgjevar Olaug Kristine Bringager ved Universitetsdirektørens kontor som er koordinator for langtidsplanen.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

I januar vedtok eit samrøystes Kollegium planen, og no startar arbeidet med å få sett i verk dei tiltaka det blir gjort framlegg om for å få Universitetet i Oslo til å koma på same nivå som dei beste europeiske universiteta. Det målet skal bli oppnådd i løpet av perioden 2000 - 2004, går det fram av langtidsplanen. Det er først og fremst fakulteta som no må fylgja opp måla som langtidsplanen set.

Mål og prioriteringar i langtidsplanen:

  • UiO skal styrkja stillinga som eit forskingsuniversitet av høg internasjonal standard.
  • UiO skal utgjera eit attraktivt læringsmiljø for studentar og tilsette på høgde med dei beste europeiske universiteta.
  • UiO skal vera ein open og initiativrik samarbeidspartnar.
  • Leiing, styring og personalpolitikk skal auka fleksibilitet, kreativitet og kvalitet i organisasjonen.
  • Universitetsområda skal auka trivselen hos studentar og tilsette og vera gode møteplassar for universitetssamfunnet og innbyggjarane i byen, offentlege styresmakter og gjester.

- Ja, i framdriftsplanen vil me forankra hovudansvaret for iverksetjinga av langtidsplanen hos leiinga ved fakulteta. Difor vil rektor Kaare R. Norum også kalla alle fakultetsstyra inn til eit møte for å drøfta innhaldet i denne planen. Dessutan vil langtidsplanen også vera hovudtema på styringsdialogmøtet i vår, seier Bringager. Førebels har ho registrert liten motstand mot dei tiltaka og måla som blir lista opp i planen.

- Men det har kome fram ein del tvil om kor realistisk det er å få gjennomført desse tiltaka. Ikkje minst studentane har kome med desse innvendingane i sine kommentarar til langtidsplanen. Dei er i tvil om intensjonane i planen let seg realisera i praksis, seier ho. Studiekvalitet er eitt av hovudsatsingsområda i planen. Både undervisningsformer og eksamensformer skal endrast, og heiltidsstudentane skal få betre arbeidsvilkår enn deltidsstudentane. Det som truleg blir vanskelegast å få til er å plukka ut og identifisera kva forskingsmiljø som skal bli spissmiljø ved Universitetet i Oslo.

- Dette må fagmiljøa gjera sjølve ved hjelp av nasjonale fagvurderingar og Forskingsrådet. I tillegg skal UiO setja i gong ei sjølvevaluering av heile institusjonen i 2001 før universitetet blir sett under lupa av både norske og utanlandske ekspertar når dei skal gjera ei internasjonal institusjonsevaluering av UiO i 2002. Det er viktig for universitetet å få gjennomført ei slik evaluering fordi det kan spela ei viktig rolle når det blir bestemt kva universitet som skal få flest spissmiljø (Centres of Excellence), meiner ho. Ein anna krevjande prosess som er komen godt i gang ved HF- og MN-fakultetet, er fagdimensjoneringa.

- Her vil også planane om ei nasjonal arbeidsdeling innanfor dei forskjellige faga spela ei stor rolle. No må fagdimensjoneringa koma i gang ved dei andre fakulteta. Det vil føra både til ei styrking og ei nedbygging av fakulteta, men det er naudsynt for å kunna skapa eit økonomisk handlingsrom som kan skapa kvalitet, gi betre arbeidsvilkår og gi rom for auka rekruttering av forskarar. Eg har stor tru på at eit slikt grep vil kunna frigjera eigne ressursar som kan setjast inn i kvalitetsfremjande tiltak, slår ho fast. Når ho har ferdig eit framlegg til framdriftsplan, skal den vurderast av Kollegiet, før ho får grønt lys til å setja den i verk.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 23. feb. 2000 15:15 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere