Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
I Danmark er arbeidet med ei maktutgreiing godt i gang. Formidling undervegs er viktig. – Me fortel det me veit, når me veit det, seier professor Michael Bang Pedersen som leier utgreiinga.
KRONIKK: Norges militære fremtid er gjenstand for oppsiktsvekkende lite kunnskapsbasert analyse. Dette er et demokratisk problem.
Uansett kven som vinn parlamentsvalet i Ungarn, blir det politisk kaos dagen etter. Det varsla førstelektor i Aust-Europa-studiar Eva Sarfi ved Universitetet i Oslo på eit møte denne veka.
– UiO:Demokrati skal ikkje vera eit mini-forskingsråd, men eit laboratorium for tverrfagleg forsking. På denne måten byggjer me ned siloar på Universitetet i Oslo, fortel administrerande direktør Tore Rem.
– Dess meir demokratisk eit land er, dess større er sjansen for at det ikkje bryt saman. Det sa statsvitskapsprofessor Carl Henrik Knutsen på eit møte på UiO om korleis valdeleg ekstremisme kan truga demokratiet.
– Eg er sikker på at Demokratane i USA er skuld i oppslutnaden til Trump. Mange av dei som er med Trump, er tidlegare politikarar frå Demokratane. Det sa tidlegare Ap-politikar Jette F. Christensen i ein debatt på UiO i formiddag.
Senterleiar Anders Ravik Jupskås og professor emeritus Bernt Hagtvet er einige om at haustens frokostmøte på SV-fakultetet ikkje skal heita «Frokost med Bernt» sjølv om Hagtvet framleis blir ordstyrar.
Forskere ved UiO ønsker seg flere deltakere til en konkurranse om å spå hva som vil skje i politikken det neste året. Målet er å finne ut om ferdighetene som henger sammen med treffsikkerhet, kan læres.
– Det langsiktige målet til president Donald Trump og fanskaren hans er å sabotera alle som snakkar om etnisk og seksuelt mangfald og intellektualisme, altså alle som dei kallar forkjemparar for «woke». Då står universiteta lagleg til for hogg, meiner professor Kevin Leander frå Vanderbilt University i Nashville, Tennessee.
– Donald Trump er 78 år og overvektig. Om han døyr, vil det ikkje vera nokon som kan overta hans posisjon som leiar for MAGA-rørsla. Visepresident J.D. Vance har i alle fall ikkje det som skal til. Det er Trumps person som har skapt auka polarisering. Det sa statsvitskapsprofessor Scott Gates i ein samtale om Trump 2.0 i dag.
Demokratiet har i dag store slitasjeproblem og har behov for å fornya seg. Det meiner David Van Reybrouck som er årets Arne Næss-professor ved UiO.
Mange av dei som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme meistrar ikkje skulen, har laus tilknyting til arbeidslivet, har vakse opp med ein for dårleg omsorgssituasjon og fleire er utsette for vald. Det er eitt av funna Ekstremismekommisjonen har gjort etter å ha gått gjennom 20 enkeltsaker i Noreg.
Noreg er på toppen av demokratiindeksen til The Economist, samtidig som klimaskepsisen i Noreg er høgast i Europa og på nivå med Saudi-Arabia og USA.
Frå byrom på Grønland til lokaldemokrati i Drammen og demokratiutdanning i grunnskulen. Det er spennvidda i masteroppgåvene som er blitt lønna med stipend frå UiO:Demokrati.
– Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
– Å visa fram kor avhengig demokratiet og universitetet er av kvarandre, er viktig for å sikra at Noreg i åra framover også skal vera ein demokratisk stat, slo studentleiar Oline Sæther fast under lanseringa av UiO:Demokrati i går.
–Eg er imot brenning av bøker, anten det er Koranen eller Bibelen. Men me kan ikkje hindra folk i brenna sine eigne bøker, sa Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk på Blindern i dag. Klassekampen-redaktør Mari Skurdal ville setja ytringsgrensa ved gjentatt trakassering av ein minoritet.
– Me er veldig glade for tildelinga, seier Carl Henrik Knutsen som saman med Tore Wig skal forska på antidemokratiske krefter og argument. Prosjektet er eitt av fire som deler 22 millionar kroner frå UiO:Demokrati.
UiO:Demokrati vil frå nyttår overta stafettpinnen frå UiO:Norden. – No håpar eg folk frå heile bruket UiO melder seg, frå statsvitskap til medisin, og frå informatikk til litteraturvitskap, seier Tore Rem som vert direktør for forskingssatsinga.
– Det er en sterk sammenheng mellom akademisk frihet og demokrati, slår UiO-professor Carl Henrik Knutsen fast. I Hviterussland har president Lukasjenko strammet grepet om utdanning og forskning, men det er fortsatt ett universitet han ikke kontrollerer.
– I Russland er ikkje vala så interessante som det som skjer mellom vala. Det handlar om sperregrenser og avgrensingar i kven som kan delta i vala. Det sa professor i Russland-studiar Geir Flikke i ein debatt under Demokratidagane i dag.
– Alle stemmer skal fram, også dei ubehagelege. Det må vera høgt under taket på eit folkebibliotek. Det sa Knut Skansen, direktør for Deichman då han og HF-dekan Frode Helland i går opna Demokratidagane på Deichman Bjørvika.
Neste veke bles Det humanistiske fakultetet på UiO og Deichman i gang Demokratidagane. – Målet vårt er å nå alle, også dei som ikkje føler seg heime i Gamle festsal, seier HF-dekan Frode Helland.
I et nytt prosjekt skal forskere fra ARENA Senter for europaforskning se på hva EU kan gjøre for å unngå demokratisk tilbakegang blant egne medlemsland.