Fire UiO-prosjekt får 22 millionar for å forska på demokrati

– Me er veldig glade for tildelinga, seier Carl Henrik Knutsen som saman med Tore Wig skal forska på antidemokratiske krefter og argument. Prosjektet er eitt av fire som deler 22 millionar kroner frå UiO:Demokrati.

ANTIDEMOKRATISKE KREFTER: Carl Henrik Knudsen og fagfellane hans på statsvitskap og historie skal sjå på antidemokratiske krefter i  verda. Prosjektet får millionstøtte frå UiO:Demokrati. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det kom til saman inn 22 søknader frå fagmiljø innanfor UiO til den samla summen på 22 millionar kroner. Internasjonale fagfellar plukka ut dei beste kandidatane før styret for UiO: Demokrati tok den endelege avgjerda måndag 19. desember.  

– Då plukka dei ut dei fire høgast rangerte som no deler denne potten over tre år, fortel Tore Rem som er direktør for UiO:Demokrati

– Skulle gjerne kunna dela ut til fleire

Direktør Tore Rem er glad for responsen frå forskingsmiljøa på UiO.

Dei fire prosjekta som blei plukka ut er desse:

Science and Democracy (SciDem), leia av Øystein Linnebo (IFIKK)

The Voicing Democracy Research Group, leia av Eirik Vatnøy (ILN)

The Medicalisation of Democratic Rights in the Debate about Abortion (MEDRA): The US, Ireland and Argentina, leia av Eivind Engebretsen (Centre for Sustainable Healthcare Education, MED)

Objections to Democracy (ODe): Investigating anti-democratic arguments in the past and present, leia av Tore Wig og Carl Henrik Knutsen (Statsvitskap)

(Kjelde: UiO:Demokrati)

– Me er svært nøgde med den skarpe konkurransen om midlane, og skulle gjerne kunna dela ut til fleire, seier han til Uniforum. 

Han avslører at det blir ein ny utlysing i løpet av våren 2023.

– Over nyttår vil me koma med ei «open utlysing», der me lyser ut mindre midlar til tverrfagleg demokratiforsking, og me har dessutan ute ei utlysing om såkornmidlar til tverrfaglege utdanningsinitiativ, opplyser Tore Rem til Uniforum.

– Vil kartleggja kor langt folk vil gå for å forsvare demokratiet

Professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen er svært nøgd med at han, prosjektleiar Tore Wiig, også frå statsvitskap, og fleire andre har fått pengar til forskingsprosjektet «Objections to Democracy».

– Me er veldig glade for denne tildelinga og ser fram til eit samarbeid mellom historikarar og statsvitarar, seier han til Uniforum etter at han har fått nyhendet frå UiO:Demokrati.  

– De skal forska på anti-demokratiske tendensar i fortid og notid. Kva konkret vil det gå ut på?

– Me vil mellom anna setja i verk eit stort eksperiment der me vil kartleggja kor langt folk vil gå for å forsvara demokratiet, og under kva vilkår folk vil uttrykkja  og støtta antidemokratiske argument. Vil det vera når dei meiner at demokratiet ikkje er godt nok til å få gjennomføra politikken dei sjølve meiner er viktig, til dømes for handtering av økonomiske kriser? spør han. 

Og dei vil sjå på antidemokratiske tendensar både i Europa og i andre verdsdelar.

– Mange trekkjer fram Kina som eit døme på eit land der ein autoritær leiar klarer å skapa økonomisk vekst. Nokre brukar det som argument for å ha eit autoritært styre. Samtidig viser forskinga at demokrati lønner seg økonomisk også på lang sikt. Dei autoritære regima kan halda ut i mellom 10 og 20 år, og så skjer det ei brå endring. Og det er teikn på at noko slikt også kan skje i Kina, fortel han.

No synest han det blir spennande å få sett i gang dette prosjektet saman med fagfellane på statsvitskap og historikarane på HF. 

– For meg blir det interessant å sjå kor langt folk er villige til å forsvara til dømes ytringsfridomen, viss det fører til at det kan gå hardt utover nasjonaløkonomien, seier han.

– Ser du teikn til antidemokratiske tendensar i Noreg?

– Det er eit land der demokratiske verdiar står veldig sterkt. Men me kan også koma i situasjonar der antidemokratiske haldningar kan få fotfeste, det såg me til dømes under pandemien.

– Skal forska på antidemokratiske tendensar innanfor klimarørsla

– Tradisjonelt har det vore antidemokratiske haldningar både på venstre- og høgresida. Men de skal også sjå på eit anna område?

– Ja, me skal forska på antidemokratiske tendensar innanfor klimarørsla. Nokre meiner at sterke leiarar og udemokratiske ordningar må til for å få gjennomført klimamåla, seier Knutsen.

Og i mars 2023 vil forskingsprosjektet han er ein del av, og dei tre andre formelt lanserast av UiO:Demokrati.  Då er planen å setja i gang for fullt. 

Skal sjå på forholdet mellom vitskap og demokrati

Eit anna forskingsprosjekt som har fått pengar frå UiO:Demokrati kallar seg for Science and Democracy. Der skal filosofiprofessor Øystein Linnebo frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK) saman med professorkollega ved samme institutt, Cathrine Holst leia eit forskingsprosjekt som skal sjå på forholdet mellom vitskap og demokrati. Også han er nøgd med at dei har fått tildelt pengar frå UiO:Demokrati.

– Det er eit fint nyhende, seier Øystein Linnebo til Uniforum. Han trekkjer fram at både filosofar, statsvitarar og juristar skal jobba saman i denne gruppa.

– Då skal me sjå på rolla vitskapen har i eit demokrati. Det er nokre viktige kjenneteikn: Vitskap og ekspertar  står på den eine sida, medan borgarar og demokratiske institusjonar står på den andre sida. Borgarane og dei demokratiske institusjonane skal ta avgjerder, men dei må vera rette, understrekar han.

Dei skal sjå på problemet med både filosofiske, statsvitskaplege og juridiske auge.

– Me skal sjå på normative og deskriptive forhold. Korleis fungerer det, og korleis burde det fungera. Dette blir kjempeinteressant, er han sikker på.

• Les meir om UiO:Demokrati i Uniforum: 

Han vil skapa ein kollektiv eigaskap til demokratiforskinga

Universitetsstyret vedtok antatt budsjett for 2023

UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

– Vil ha fokus på  demokrati fordi det er under press

Slik skal humsam unngå å bli "hjelpevitenskap" i Oslo Science City

Ønsker storstilt UiO-satsing på humaniora og samfunnsvitenskap

UiO får tenketank om demokrati

 

Emneord: Demokrati, Forsking, Statsvitskap, HF Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2022 17:05 - Sist endra 21. des. 2022 10:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere