UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

Forskingssatsingane Demokrati og Energi og miljø og det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv får mesteparten av potten på 42 millionar til nye prioriteringar på UiO i 2023. Samtidig er det også sett av  61,9 millionar kroner i tilknyting til bygginga av Vikingtidsmuseet. 

Portrett av ein mann som ser ut av eit vindauge

URO: I budsjettdokumentet til Universitetsstyret uttrykkjer universitetsdirektør Arne Benjaminsen uro over dei økonomisk utsiktene: «Risikoen for redusert bevilgning i årene framover anses større enn mulighetene for økt bevilgning", skriv han. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Førstkomande tysdag 21. juni skal Universitetsstyret handsama antatt budsjett for 2023. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har rekna ut at UiO vil få ei løyving på 6,189 milliardar kroner frå Kunnskapsdepartementet i statsbudsjettet for neste år.

Dette er forslaget til prioriteringar for 2023:

• Satsinga på Demokrati vert føreslått tildelt 13 mill. i 2023, og får til saman 20 millionar kroner

• Satsinga på Energi og miljø vert føreslått tildelt 7 millionar i 2023, og med tidlegare tildeling får prosjektet 20 millionar kroner

• UH SAK(det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv) og UiO sitt innføringsprosjekt er føreslått tildelt 12 millionar kroner

• UiOs mottaksprosjekt for Livsvitskapsbygget får ei tildeling på 3 millionar kroner• Investeringar i tannlegeunitar ved Det odontologiske fakultetet er føreslått tildelt  5 millionar i 2023 og 5 millionar i 2024

• Satsinga på Circle U, vert føreslått auka med 2 millionar, slik at det samla blir 7 millionar kroner. (Kjelde: UiO)

"UiO har over flere år tapt terreng"

I budsjettkommentaren sin skriv universitetsdirektøren at UiOs handlingsrom no er under press. «Risikoen for redusert bevilgning i årene framover anses større enn mulighetene for økt bevilgning. UiO har over flere år tapt terreng i den nasjonale kampen om ressursene til UH-sektoren», står det.

Han peikar også på den nasjonale og internasjonale konkurransen om eksterne midlar. Der trekkjer han fram Forskingsrådets alvorlege økonomiske situasjon. Han varslar at Forskingsrådets moglege tiltak vil få store fylgjer for heile sektoren.  Arne Benjaminsen legg vekt på at det ikkje berre vil gå utover forskinga, men også setja press på andre aktivitetar på UiO.

Allereie gjort bindande vedtak for 465 millionar

Av den samla potten på 6,189 milliardar kroner som UiO reknar med det vil få som løyving frå Kunnskapsdepartementet, har Universitetsstyret allereie vedtatt prioriteringar til institusjonelle tiltak som når opp til åtte prosent av løyvinga frå KD. Det vil seia ein samla sum på 465 millionar kroner. Dermed blir det berre igjen ein pott på 42 millionar kroner til nye prioriteringar for 2023. Desse går til satsingane Demokrati med 13 millionar og med sju millionar overført frå UiO-Norden frå tidlegare, får prosjektet til saman 20 millionar kroner,  til Energi og miljø med 7 millionar no, og med ei tidlegare løvying på 13 millionar, får prosjektet til saman 20 millionar kroner.  Det nasjonale prosjektet for sakshandsaming og arkiv er føreslått ei tildeling på 12 millionar kroner. Føresetnaden er sjølvsagt at Universitetsstyret stemmer for forslaget til vedtak. I tillegg er det lagt inn eit rammekutt på 0,5 prosent for alle einingane som ein konsekvens av det som er igjen av den utskjelte ABE-reforma som regjeringa til Erna Solberg innførte i byrjinga av perioden den sat med makta. UiO har også lagt inn ein sannsynleg lønns- og prisvekst på 3,4 prosent i sine utrekningar. Det samsvarar med Statistisk sentralbyrå sin prognose for 2023.

Må betala husleige til OUS og AHUS

I budsjettdokumentet vert det dessutan trekt fram at UiO vil ha ein del oppgåver som må  løysast når det gjeld utgifter til auka drifts- og investeringskostnader til areal framover. Sidan UiO er ein av fem sjølvforvaltande institusjonar, vert det kravd at det må handtera oppgradering og vedlikehald av bygningar på eiga hand.

Innanfor denne utgiftssida har det kome eit nytt element. For då Helse- og omsorgsdepartementet la fram sitt budsjettforslag for 2019, blei det vedtatt at UiO må betala husleige for bruk av areal i Oslo universitetssykehus og AHUS. I budsjettkommentaren vert det understreka at dette bryt med ein 150 år lang tradisjon og at det beste dei kan håpa på er å få ein kompensasjon på 75 prosent av denne husleiga. 

Når det gjeld Livsvitskapsbygget som skal stå ferdig i 2024/25, skal det driftast innanfor rammene til UiO. Trass i at dritskostnadene til dagens kjemibygg og farmasibygg på Nedre Blindern blir lågare, vil driftskostnadane auka. Samtidig må UiO rekna med utgifter knytte til rehabilitering av bygningane på Nedre Blindern, står det i budsjettdokumentet.

Men for UiO handlar det også om inntekter. Dei blir delte inn i tre hovuddelar. 70 prosent er direkteløyvinga frå Kunnskapsdepartementet (basis), rundt 20 prosent er eksternt finansiert bidragsforsking frå Forskingsrådet og EU, medan dei siste 10 prosenta er sette saman av oppdrag av ulik art og billettinntekter frå musea. 

Reduserte inntekter frå resultatindikatorar

UiO har dessutan gjort ei førebels utrekning som viser at det vil få ei redusert utteljing på 67 millionar kroner i 2023 for dei åtte resultatindikatorane. Inntektene frå indikatorar som studiepoeng, kandidatar, utveksling og doktorgradar får ein reduksjon på 54 millionar kroner. Dei andre indikatorane som gjeld inntekter frå EU, NFR og bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) og vitskapleg publisering vil få ein reduksjon på 13 millionar kroner.

Av budsjettdokumentet går det også fram at UiO må betala 15 millionar for programvarelisensar til Microsoft og for leveransar frå DFØ (Direktoratet for økonomistyring).

Trass i at straumprisane har stige for folk flest i Noreg, har ikkje UiO så langt lagt inn ei auka ramme til energi. Det er heller ikkje forslag om investeringar i nye bygg og IT i 2023, står det i budsjettdokumenta. Men potten som går til utgifter i samband med bygginga av nytt Vikingtidsmuseum, vil i 2023 utgjera 61,9 millionar kroner.

Dette er forslaget til budsjettfordeling for kvar eining for 2023: 

FORDELING AV 6,189 MILLIARDAR: Slik blir UiOs sannsynlege budsjett føreslått fordelt på dei ulike einingane. (skjermdump frå budsjettdokumentet) 

 

 

 

 

 

(Oppdatert 17. juni kl 09:07) med opplysningar om fordelinga av satsinga på Demokrati og Energi og miljø frå tidlegare og føreslått tildeling i 2023)

Emneord: Økonomi. Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2022 04:30 - Sist endra 17. juni 2022 09:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere