– Vil ha fokus på demokrati fordi det er under press

Neste veke bles Det humanistiske fakultetet på UiO og Deichman i gang Demokratidagane. – Målet vårt er å nå alle, også dei som ikkje føler seg heime i Gamle festsal, seier HF-dekan Frode Helland.

KUNNSKAP: – Demokratiet kviler på mange måtar på kunnskap. Kunnskap som er både tilgjengeleg og etterspurt av folk. Dei må ha tilgang på relevant og kvalitetssikra kunnskap som dei kan stola på, seier HF-dekan Frode Helland. Måndag startar Demokratidagane i Oslo som er eit samarbeid mellom UiO og Deichman. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Måndag 21. mars går avsparket for Demokratidagane-Humaniorafestivalen 2022 i Oslo. Det er eit samarbeid mellom Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Oslo og Deichman-biblioteka i hovudstaden. Arrangementa spenner frå samtalar om oppsmuldringa av demokratiet i Aust-Europa, Midtausten og Asia til klimakrisa, og frå bruken av minoritetsord i norsk på Austlandet til kva som kan reknast som kulturminne i Noreg. Det blir til saman 20 arrangement på 16 forskjellige bibliotek både aust og vest og i sentrum av Oslo.

HF-dekan Frode Helland er svært stolt over å ha fått sjøsett Demokratidagane i Oslo.

– Det er det største formidlingsarrangementet me nokon gong har gjort. Tanken er at det er viktig at Universitetet i Oslo blir ein synlegare del av livet i Oslo som by, seier Frode Helland til Uniforum.

–Vil bli synlege der UiO ikkje har vore det tidlegare

Det humanistiske fakultetet hadde fram til byrjinga av 2000-talet årlege humanioradagar.

– Dei var meir interne arrangement som fann stad i lokala til universitetet. Det er hyggeleg med dette samarbeidet med Deichman som gjer det mogleg å ha arrangement overalt i heile byen, også i delar av byen der HF og UiO ikkje har vore særleg synlege tidlegare, fortel han.

– Korleis fekk de dette til, og kven tok initiativet til det?

– Det var eg som tok kontakt med Deichman. Det passa som hand i hanske fordi Deichman også hadde på sin plan for året og i sin strategi at dei skulle ha meir fokus på demokrati. Og det at fleire enn oss vil ha fokus på demokrati, er fordi demokratiet no er under press også i delar av verda som er nære oss. Demokratiindeksane viser at talet på demokrati i verda er på veg nedover og har vore det ei stund. Det blir færre demokrati, og dei demokratia som står igjen er ofte mindre demokratiske enn tidlegare, konstaterer han.

– Kan ikkje takast for gitt

HF-dekan Frode Helland trekkjer fram storminga av Kongressen i USA i fjor som eit døme på dette:

– Og det som skjedde i USA i januar i fjor, var ein vekkjar som viser oss at demokratiet ikkje kan takast for gitt, understrekar han.

Programmet under Demokratidagane frå 21. mars til og med 2. april er sett saman av ei mengd foredrag og arrangement.

– Hovuddelen er å nå ut til folket med desse tilskipingane som alle har demokrati som tema i vid forstand. Me har også nokre arrangement på nokre vidaregåande skular for å nå ungdommen, og i tillegg har me ei byvandring,

Frode Helland omtalar møta som ei fin blanding av relevante og dagsaktuelle tema innanfor humaniora.

– Kva har sosiale media å seia for utvikling av demokratiet? Korleis er det med samfunnsdebatten og det offentlege? Er det sånn at me blir meir og meir lettkrenka, eller er det ein meir legitim debatt om kven som er eigar av ordet i det offentlege?, spør han.  

–Tar opp flyktningkrisa

Men det er ikkje dei einaste spørsmåla HF og Deichman vil invitera til debatt om.

– Me tar også opp flyktningkrisa som framleis eksisterer, og som ikkje blir mindre etter det som skjer i Ukraina no. Me skal også debattera klimakrisa og spørja om den inneber ei krise eller ei oppblomstring for demokratiet. Er det mogleg å utvikla eit slags grønt demokrati? trekkjer han fram.

Og det er ikkje berre hans eige mannskap frå Det humanistiske fakultetet som skal stilla opp på arrangementa.

 – Nei, det er også ein del eksterne som er inviterte inn. Mange av dei tema som blir tatt opp, har historisk fokus. Og historiske dimensjonar vil alltid vera viktige for humaniora. Noko av det handlar om bruken av historie, korleis ekstreme grupper brukar historiske symbol og sin versjon av historia for å fengja folk og nå ut. Mange vil kalla det misbruk av historia, men det finst likevel. Dessutan skal me snakka om demokrati i antikken og i opplysningstida og på 1930-talet som mange meiner har parallellar til situasjonen vår i dag. Det kan det vera noko i, men det er også viktig å sjå skilnadene, synest han.

KAN STOLA PÅ: – Dei må ha tilgang på relevant og kvalitetssikra kunnskap som dei kan stola på. Elles blir det vanskeleg for dei å vera demokratiske borgarar, seier dekan Frode Helland på Det humanistiske fakultetet ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Frode Helland dveler endå litt lenger med samfunnsutviklinga på 1930-talet.

– Det var ein periode då verda endra seg fort. Det gjeld også i dag. Og det er klart at når me ser korleis Putin snakkar om eit naboland, så kan det vera nokre parallellar til den gongen det blei snakka om eit naboland til eit stort land i Europa då, minner han om.

– Begge er demokratibyggjande institusjonar

HF-dekan Frode Helland ser også eit felles kjenneteikn ved både Universitetet i Oslo og Deichman.

– Begge er demokratibyggjande institusjonar. Demokratiet kviler på mange måtar på kunnskap. Kunnskap som er både tilgjengeleg og etterspurt av folk. Dei må ha tilgang på relevant og kvalitetssikra kunnskap som dei kan stola på. Elles blir det vanskeleg for dei å vera demokratiske borgarar. Det er også eit viktig poeng, slår han fast.

Demokratidagane tar ikkje berre sikte på å nå ei bestemt gruppe av folk i Oslo.

– Målet vårt er å nå alle. I det ligg det også at denne måten å gjera det på er i eit håp om at me kan nå nye grupper, dei som tradisjonelt ikkje ville gå på UiO-arrangement. Om me kan nå breiare ut til den delen av folket som ikkje føler seg heime i Gamle festsal, så ville det ha vore fint, seier Frode Helland til Uniforum.

– Vil utdanna lærarar som vil stå i multikulturelle klasserom

HF-dekanen underslår ikkje at fakultetet også har ein liten baktanke med Demokratidagane.

– I handlingsplanen for likestilling og mangfald som fakultetsstyret vedtok for ei tid sidan, gjekk det fram at det ikkje var så mange med multikulturell bakgrunn som begynte på studium på HF. Dei hadde lettare for å studera jus eller medisin enn humaniora. Det er synd, for me treng også dei, og det er også ein veg til gode og sikre jobbar, forsikrar han dei om.

 – Så det vil vera like sikkert som å få jobb som advokat eller lege?

– Lønna blir truleg ikkje like god, men dei fleste hos oss får jobb i det offentlege. Det er ordentlege jobbar som er viktige for samfunnet. Me vil utdanna lærarar som vil stå i multikulturelle klasserom.

Sjølv vil han prøva å få med seg flest mogleg av arrangementa.

 – Ja, eg skal gå på det eg klarer å gå på utan å bryta fysikken sine lover, smiler han.

Demokratidagane – Humaniorafestivalen 2022 opnar med ein klimadebatt i Deichman Bjørvika måndag 21. mars kl. 17.00. Då blir det spurt om klimakrisa kan løysast demokratisk. Deltakarar er artist Ellen Marie Hætta Isaksen, filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen, viserektor Mette Halskov Hansen på UiO og stortingsrepresentant Lars Haltbrekken frå SV.

Les heile programmet på denne sida.

 

Emneord: HF, Humaniora, Humanioradagene, Demokrati, Historie Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2022 04:30 - Sist endra 18. mars 2022 11:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere