Han vil skapa ein kollektiv eigarskap til demokratiforskinga

UiO:Demokrati vil frå nyttår overta stafettpinnen frå UiO:Norden. – No håpar eg folk frå heile bruket UiO melder seg, frå statsvitskap til medisin, og frå informatikk til litteraturvitskap, seier Tore Rem som vert direktør for forskingssatsinga.

Portrett av ein mann

 MEIRVERDI: – Om du får tilslaget på eit forskingsprosjekt frå potten til UiO:Demokrati, kan du driva med tverrfagleg forsking med fagfellar over heile universitetet. Der ligg det ein meirverdi, slår Tore Rem fast.

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 21. juni vedtok Universitetsstyret rammene for den prioriterte satsinga for 2023. Saman med UiO: Energi og miljø er UiO:Demokrati dei to store tverrfaglege forskingssatsingane som skal sjøsetjast frå nyttår. Begge satsingane får 20 millionar kroner kvar på budsjetta sine, inkludert tidlegare vedtekne tildelingar. Frå før held UiO:Livsvitskap fram som ei tverrfagleg forskingssatsing.

Professor i engelsk litteratur, Tore Rem går om eit halvt år av som direktør for UiO:Norden til å bli direktør for UiO:Demokrati. No er han akkurat ferdig med teksten i utlysinga om forskingspengar til forskarar som er interesserte i setja i gang forskingsprosjekt innanfor dei fem temaområda dei vil satsa på:

1. Demokratiets institusjonar

2. Medborgarskap

3. Kunnskapens rolle

4. Krisehandtering

5. Demokrati i kvardagen

 

Kvar forskargruppe kan få mellom to og seks millionar

Ei anna målsetjing er at perspektiva berekraft, globalisering og digitalisering skal prega heile satsinga.

Alle forskargruppene kan få frå to til seks millionar norske kroner kvar. Kvart prosjekt må leiast av ein fast vitskapleg tilsett, og det må vera mins fire forskarar med i kvar gruppe frå minst to ulike fakultet.

–No håpar eg folk frå heile bruket UiO melder seg, frå statsvitskap til medisin, og frå informatikk til litteraturvitskap. For me opererer med eit generøst demokratiomgrep, understrekar Tore Rem. – Ein av ambisjonane våre er å skapa eit kollektiv eigarskap til og eit stort fellesskap omkring demokratiforskinga, seier han.

Rem trekkjer også fram nokre av dei mange områda som det er mogleg å forska på under UiO:Demokrati sine venger.

–Fake News, sosiale media, elektroniske val eller Stortingets rolle og status er moglege tema, i tillegg til korleis demokratiet utspelar seg i kvardagslivet og ulike mekanismar for inkludering og eksklusjon. Også forsking på teikn på at demokratiet er i krise, som til dømes Trump i USA, miljø, Ukraina og krigen er ting som kan gåast etter i saumane, føreslår Tore Rem.

– Kan driva med tverrfagleg forsking

Den 12. oktober går fristen ut for å senda inn ein søknad.

– Eg håpar så mange som mogleg let seg inspirera av temaene og dei moglegheitene dei har, seier Tore Rem.

Han peikar på at i tøffe økonomiske tider for Forskingsrådet, kan dette vera eit godt alternativ.

 – Om du får tilslaget på eit forskingsprosjekt frå potten til UiO:Demokrati, kan du driva med tverrfagleg forsking med fagfellar over heile universitetet. Der ligg det ein meirverdi, slår han fast.

 – For oss blir det også viktig å driva med tverrfagleg utdanning og utoverretta aktivitetar med andre samfunnsaktørar, legg han til.

Tilbyr såkornmidlar til utvikling av tverrfagleg utdanning om demokrati

Derfor trekkjer Tore Rem fram at UiO:Demokrati ikkje berre vil satsa på forsking, men også på utdanning.

– Me tilbyr såkornmidlar til dei som vil utvikla ei tverrfagleg utdanning om demokrati på masternivå. Det er ofte vanskeleg å få til, men eg trur me blant anna kan bidra på denne måten, fortel Tore Rem.

Når det gjeld moglege problemstillingar for dei forskarane som vil senda inn søknader om prosjektstøtte frå UiO:Demokrati, nemner han både autokratiseringstendensane i verda og behovet for å vedlikehalda vårt eige demokrati.

– Demokratispørsmåla blir aldri uaktuelle. Eg trur også mange forskarar vil ha stor interesse av å koma inn under paraplyen til UiO: Demokrati. Denne gongen vil både tematikken vera meir internasjonal og nedslagsfeltet internasjonalt vil bli endå større, seier Tore Rem.

Frå grunnlagsdokumentet går det fram at heile Universitetet i Oslo kan bli styrkt som forskingsuniversitet og som premissleverandør til utviklinga av demokratiet for framtida.

«Til syvende og sist handler det ikke bare om å forandre forskningen og flytte forskningsfronten, men også om å bidra til å styrke og nyskape demokratisk kultur og praksis. Ved å satse på UiO:Demokrati vil Universitetet i Oslo kunne posisjonere seg tydelig i et svært viktig forskningslandskap», heiter det.

Forskingssatsinga UiO:Demokrati skal gå frå 2023 til 2030.

• Les meir om UiO:Demokrati i Uniforum:

Universitetsstyret vedtok antatt budsjett for 2023

UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

– Vil ha fokus på  demokrati fordi det er under press

Slik skal humsam unngå å bli "hjelpevitenskap" i Oslo Science City

Ønsker storstilt satsing på  humaniora og samfunnsvitenskap

UiO får tenketank om demokrati

 

 

 

 

Emneord: Forskning, HF, Demokrati Av Martin Toft
Publisert 30. juni 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere