Carl Henrik Knutsen om demokratiet: – Så lenge det har støtte i folket, er det vanskeleg å velta det

– Dess meir demokratisk eit land er, dess større er sjansen  for at det ikkje bryt saman. Det sa statsvitskapsprofessor Carl Henrik Knutsen på eit møte på UiO om korleis valdeleg ekstremisme kan truga demokratiet.  

GOD DEAL: – Demokratiet er ein ganske god deal også for leiarar som vil ha meir makt og helst sitja lenger med eit autoritært system, sa Carl Henrik Knutsen på frukostmøte i Eilert Sundts hus i dag.

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag inviterte Senter for ekstremismeforsking (C-REX) og forskargruppa Comparative Institutions and Regimes (CIR) på SV-fakultetet ved UiO til  frukostmøte om korleis valdeleg ekstremisme trugar demokratiet.

Statsvitskapsprofessor Carl Henrik Knutsen ved UiO og statsvitskapsprofessor  Jacob Aasland Ravndal ved Politihøgskulen heldt kvar sine innlegg før både Arbeidarpartiets parlamentariske leiar Tonje Brenna og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre Heidi Nordby Lunde fekk sleppa til med kommentarar. Professor emeritus Bernt Hagtvet var ordstyrar. 

Jacob Aasland Ravndal kom først inn på kva type demokrati som står i størst fare for å falla saman. 

– I dei dysfunksjonelle demokratia er faren for «ekstremisme» størst.I velfungerande demokrati avstår borgarane frå «ekstremisme» fordi det ikkje er behov for det, slo han fast.

Kom med alternativ definisjon på ekstremisme

Ravndal kom også inn på opprettinga av Ekstremismekommisjonen som blei oppretta for å ta eit oppgjer med tankegodset etter terroråtaket mot regjeringskvartalet og mot AUF-leiren på Utøya den 22. juli 2011.  

 DEFINISJON: – Ekstremisme er motstand mot samfunnet sine grunnleggjande verdiar, var definisjonen statsvitskapsprofessor Jacob Aasland Ravndal hadde kome fram til. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Kommisjonen klarte ikkje å bli einige om ein felles definisjon på ekstremisme. Derfor enda dei opp med to: ekstremisme som vilje til å bruka vald for å oppnå eit politisk mål og ekstremisme som motstand mot demokratiet, fortalde han.

Professoren frå Politihøgskulen meinte at heller ikkje dei to definisjonane forklarar godt nok kva ekstremisme er.  Derfor lanserte han ein alternativ definisjon:

 – Ekstremisme er motstand mot samfunnet sine grunnleggjande verdiar. Valdeleg ekstremisme er det som går imot eit slikt verdisett, var han overtydd om.

Hjelper ikkje med førebyggjande tiltak

For Ravndal var det heilt umogleg å kunna hindra dette gjennom å setja i verk førebyggjande tiltak.  

– For om du skal gjera det, må du gå inn i det politiske. Er det då mogleg å førebyggja ekstremisme utan å gå på akkord med liberale verdiar som ytringsfridom og forsamlingsfridom? spurte han.

Han viste til at det var viktig med ein balanse mellom tryggleik og personvern.

Ravndal peika på Lund-kommisjonen som avslørte ulovleg overvaking av folk på venstresida i Noreg etter 1945 og under den kalde krigen Han viste også til PST som stadig har 3000 personar som dei overvakar på grunn av meiningane deira.

Må finna variantar av det liberale demokratiet

 – No sit Noregs mest berømte kriminelle Arfan Bhatti på tiltalebenken i Oslo tingrett skulda for å ha vore arkitekten bak terroråtaket ved London Pub i Oslo den 25. juni 2023.  Undersøkingar etterpå viser at like før åtaket hadde PST trappa ned å overvaka Bhatti fordi dei ikkje lenger mistenkte han for å driva med noko ulovleg. Kanskje det var nettopp det at han ikkje gjorde det, som skulle ha vekt mistanken om at det var akkurat det han gjorde, sa han retorisk.

Samtidig åtvara han mot å fylgja dårlege døme frå Storbritannia.

– Der arresterer dei 13-åringar for å ha laste ned terrormanifest frå nettet.  

Ravndal hadde også oppskrifta på korleis det var mogleg å byggja opp eit godt fundament for demokratiet. 

– Me må finna variantar av det liberale demokratiet, der også dei som har behov for kollektive løysingar må få plass. Den mest effektive metoden er å byggja gode samfunn, var han overtydd om.

– Vanskeleg å velta det

Professor Carl Henrik Knutsen ved Institutt for statsvitskap har forska på demokrati og på korleis demokrati kan falla saman.

– Dess meir demokratisk eit land er, dess større er sjansen for at det ikkje bryt saman. I utgangspunktet er demokratia robuste. Demokrati er, generelt, hardføre system, var konklusjonen hans.  

Knutsen trekte fram at dei aller fleste seier ja til meir demokrati.  

– Så lenge det har støtte i folket, er det vanskeleg å velta det, konstaterte han.

Knutsen trudde at også politiske leiarar med litt autoritære tendensar trass alt vil støtta opp om demokratiet.  

– Demokratiet er ein ganske god deal også for leiarar som vil ha meir makt og helst sitja lenger med eit autoritært system. Om eg kuppar, så vil eg hamna i fengsel neste gong. Om eg tapar eit val, kan eg vinna neste gong, førestilte han seg at dei ville tenkja.

– Stod betre til for 20 år sidan

Også han hadde registrert at demokratiet er i trøbbel i verda.

– Ja, det stod betre til for 20 år sidan. Frå 2012 har måleindeksen for demokrati i verda går nedover. Fram til då hadde det gått oppover sidan slutten av 1800-talet.

Carl Henrik Knutsen illustrerte korleis paradokset i at det i hovudsak er valde leiarar som driv prosessane ved å  byggja ned demokratiet litt etter litt.

– Ytringsfridom, media, sivilsamfunn, domstolar og lovstyre er spesielt utsette. Det har vore mest tilbakegang for demokratiet i folkerike land som India. Økonomisk utvikling og fråver av kriser, meinte han byggjer opp om demokratiet.

– Om du startar med eit demokrati i eit rikt land, varer det lenger enn eit demokrati som startar i eit fattig land, var nokre av funna som er gjort, ifylgje Carl Henrik Knutsen.  

Han slo dessutan eit slag for parlamentarismen framfor eit presidentstyre.

– Eit presidentstyre er ikkje så sunt, for det byggjer opp under personval. Valde leiarar kan lett gripa inn i politikken. Politiske parti betyr mykje for at demokratiet overlever, sa han, men han meinte det var under føresetnad av at dei representerte folket i det aktuelle landet og ikkje berre ein bestemt politisk leiar. 

– Avmakt og sløvheit er ikkje bra

Etter at dei to professorane hadde hatt ordet, slapp Arbeidarpartiets parlamentariske leiar Tonje Brenna til med ein kommentar:

MÅ IKKJE VERA EINIGE:–  Mi haldning eller draum må kunne formidlast, men andre må ikkje nødvendigvis vera einige i den, sa Tonje Brenna.(Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Det viktige felles oppdraget for å forvalta demokratiet handlar om forventingar. Dei som er fødde etter 2000, er dei første på lenge som reknar med at dei ikkje får det betre enn foreldregenerasjonen. Avmakt og sløvheit er ikkje bra. Dei må høyrast. Mi haldning eller draum må kunne formidlast, men andre må ikkje nødvendigvis vera einige i den, sa ho.

– Må slåast ned på autoritære tendensar

Og Høgres tidlegare stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde og leiar for Europabevegelsen i Noreg tok opp tråden.

– Me må ha eit felles språk. Meiningsbryting må vera tolerant og akseptert. På begge sider av politikken må det slåast ned på autoritære tendensar, understreka ho.

Etter at frukostmøtet var over, fekk Uniforum ein kort prat med både Arbeidarpartiets parlamentariske leiar Tonje Brenna og Høgres tidlegare stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde.

– Burde gjera det kvar torsdag

Tonje Brenna var svært nøgd med frukostmøtet om trugsmåla mot demokratiet.

– Eg starta med å seia at dette burde me gjera kvar torsdag for å få lov til både å læra av dei flinke professorane som innleia først, men også for å  reflektera over det me veit, både frå forskarane og politikarane, det synest eg er veldig spennande. Det treng me også forsking for, for oss som arbeider med politikk kvar dag.

– Fekk du nokre gode idear?

– Det kjem eg heilt sikkert til å ha i kjølvatnet av dette. Det er alltid viktig å tenkja på korleis me kan byggja eit samfunn der flest mogleg får leva gode liv. Korleis me tenkjer førebygging og på korleis demokratiet kan utvidast, det er noko eg ofte går og grublar på. Så dette var veldig bra å få med seg, sa Tonje Brenna til Uniforum.

– Ein debatt med innestemme

Heidi Lunde Nordby, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og no på jobbjakt, var også nøgd med møtet:

NØGD: Det høyrdest ut som om det var stor semje om utfordringane, sjølv om me ikkje har alle svara, og svara er kompliserte, sa Høgres tidlegare stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde etter at debatten var over. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Dette er ein kjempeviktig arena for faktisk dialog. Nettopp fordi det var ein debatt med innestemme som tok for seg dilemma ved det liberale demokratiet og kva utfordringar me står overfor. Det høyrdest ut som om det var stor semje om utfordringane, sjølv om me ikkje har alle svara, og svara er kompliserte.

– Så i denne debatten var høgre- og venstresida stort sett einige?

– Det er avhengig av kor langt ut du går på venstre- eller høgresida. Eg kan peika på autoritære krefter på venstresida med wok-debatten og om å vera for aggressiv på klimapolitikk som Greta Thunberg, til dømes.

– Det har skapt ein motreaksjon blant dei unge på høgresida, som me såg svært tydeleg under det siste valet.  Så kan svaret på høgresida då vera å vera illiberale og driva eit selektivt forsvar av ytringsfridomen der ein kjenner seg knebla om ein faktisk får motstand eller brukar illiberal retorikk og forkler det som konservatisme, noko eg meiner det ikkje er.

– Kva norske verdiar meiner dei me skal forsvara?

Heidi Lunde Nordby erklærte seg under debatten som både ein trufast Høgre-veljar og ein varm forsvarsvenn som var både for kutt, men også for kuler og krutt. Det finst likevel ei grense for henne:

– I debatten om norske verdiar, når folk no utfordrar både det at det er blitt litt for mykje Pride, at likestilling er gått litt for langt, då spør eg meg sjølv: Kva norske verdiar meiner dei me skal forsvara? For meg så handlar det norske flagget på brystet til soldatane sin uniform å forsvara mine homofile venner og ikkje minst mi stilling som kvinne i det norske samfunnet. Viss ikkje dei gjer det, er eg ikkje interessert i å rusta opp, slo ho fast i intervjuet med Uniforum.

• Les meir om demokrati i Uniforum:

– Demokratane har skulda for oppslutnaden om Trump

Jonas Gahr Støre: – Det viktigaste er at me har fem statsrådar som overlevde Utøya

Emneord: Statsvitskap, Demokrati, Stortinget Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2025 19:59 - Sist endra 7. nov. 2025 09:20

Logg inn for å kommentere