Det var stinn brakke i Sophus Lies auditorium på Blindern då statsminister Jonas Gahr Støre var invitert på frukostmøte av Senter for ekstremismeforsking og forskargruppa CiR (Comparative Institutions and Regimes) ved Institutt for statsvitskap.Temaet var kva eit lite land kan gjera i møte med autoritære strøymingar og demokratiske tilbakeslag.
– Må verna den akademiske fridomen
UiO-rektor Ragnhild Hennum ynskte statsministeren velkommen og minna om at i alle land der autoritære leiarar overtar, er det studentane og universitetsakademikarane dei hardaste angrepa først blir retta mot.
– Autoritære regime toler ikkje det som er kjernen i vår verksemd. Kunnskap er farleg. Derfor må me verna den akademiske fridomen, understreka ho.
Utspørjaren er ein gammal kjenning av Jonas Gahr Støre, Bernt Hagtvet som også heldt frukostmøte med Støre for over ti år sidan.
– Då måtte me flytta møtet frå auditorum 7 i Eilert Sundt hus til Georg Sverdrups hus, mintest Bernt Hagtvet. – Det er ei glede å få ein statsminister hit, la han til.
– Trump er ikkje opptatt av ideologi
Det var situasjonen for akademia i USA Hagtvet først ville ha Støres kommentar til.
– Der legg Trump ned Utdanningsdepartementet og kuttar i forsking. Der er det ein like stor revolusjon som når Gutenberg fann opp boktrykkjarkunsten for over 500 år sidan. Kva har du tenkt å gjera med dette?
– Du drar opp eit stort bilete. Eg skal som statsminister balansera eit forhold i eit land som ligg der det ligg. I den tryggingssituasjonen som me har, og med dei allierte me har, krev det ein balanse i høve til kva eg ser og kommenterer i andre land. Det er ein kutyme om kva me skal ta opp om det som skjer i andre land. Me såg nyleg korleis det blei litt meir spent mellom Noreg og Danmark då utanriksministeren vår snakka om korleis ein skal forholda seg til Gaza i Danmark.
– Du går barfot i ein mørk tunnel full av glasskår?
– Den alllegorien var heilt ny for meg, sa ein litt overraska Støre.
Så kom han inn på hovudspørsmålet til Hagtvet.
– Trump er ikkje opptatt av ideologi, men mest opptatt av det som skjer her og no. Men MAGA-rørsla er meir ideologisk. Den går til åtak mot dei demokratiske berebjelkane i USA. Me ser det igjen på det amerikanske kontinentet og også i Europa. Kva kjenner me igjen og tar innover oss? lurte han på.
– Ikkje VAR-dømming i Noreg
Då ville Hagtvet gjerne høyra kva Støre ville seia om Nasjonal Samlings leiar Marine Le Pen ville bli Frankrikes neste president i 2027.
– I Frankrike er det slik at presidenten er den som har mest makt i Europa på papiret. Men statsministeren må ha ei regjering. Presidentembetet er for sterkt på papiret, og eg trur president Emmanuel Macron er einig med meg. Noreg er einaste landet i Europa der ein ikkje kan skriva ut nyval mellom stortingsvala. Det er ikkje VAR-dømming i Noreg, understreka han.
For dei som ikkje kjenner fotballreglane ut og inn, handlar det om videodømming som gjer at dommaren på bana i nokre avgjerder som ikkje er heilt klare, kan bli overstyrt av dommarar som sit og fylgjer kampen på videoskjermar.
Støre skildra grunnen til den sterke polariseringa i Frankrike som eit resultat av at den handlar om den femte republikken på overtid.
Den femte republikken var Frankrikes femte republikanke grunnlov og innført i 1958 då president Charles de Gaulle var president. Den gav presidenten meir makt, medan nasjonalforsamlinga fekk mindre makt.
– 80 prosent av NATO er utanfor EU
Frå Frankrike gjekk Bernt Hagtvet rett over til regjeringas avgjerd i går om å kjøpa nye fregattar for 136 milliardar kroner frå Storbritannia.
– Eg fekk telefon frå den britiske ambassaden som ville dansa hula hula i dag på grunn av fregattkjøpet?
Støre lova ingen dans, men forsvarte avgjerda.
– I Noreg har alle partia på Stortinget stemt samrøystes for forsvarsplanen. Me har sju gonger meir hav enn land i Noreg. Fregattane skal driva med ubåtovervaking, sa han.
Han viste til at i Stoltenberg-regjeringa blei det kjøpt inn fem fregatttar frå eit spansk verft.
– Storbritanna er vår nærmaste geografiske partnar over Nordsjøen. Det er ein kultur og samtrening mellom det norske forsvaret og det britiske forsvaret. Summen av dette vil vera at me samarbeidar med ein strategisk partnar 30-40 år framover i tid, uavhengig av om denne partnaren er EU-medlem. Hugs på at 80 prosent av NATO er utanfor EU, medan Noreg er med i EØS, minna han om.
Støre peika også på at med fregattkjøpet vil Storbritannia bli trekt tettare inn i det europeiske samarbeidet.
– I det norske forsvaret vil det dermed bli amerikanske fly, tyske stridsvogner og britiske fregattar, poengterte han.
Etter å ha tatt ein runde om Noregs aller største forsvarskjøp gjennom tidene, svinga samtalen tilbake til situasjonen for universiteta. Då viste Jonas Gahr Støre til foredraget med Yale-professor Timothy Snyder i Universitetets aula i vår.
– Angrepet på akademia kjem, varsla Snyder. Eg jobba tidlegare i Verdas helseorganisasjon. som USA har forlate. Det er dramatisk, konstaterte Støre, før han begynte å skryta av Universitetet i Oslo.
– Den forskinga de gjer på demokrati er veldig bra. Tilliten til regjeringa og institusjonane har styrka seg i Noreg. Human kapital og sosial kapital er det førebyggjande nettverket me har mellom folk, slo han fast.
Støre skildra også situasjonen i Noreg før stortingsvalet 8. september.
– Like før eit val er det ein kritisk masse i landet vårt som har kvarandre i augehøgde. Det er små skilnader. Det er når skilnadene aukar demokratiet begynner å ryka, var han overtydd om.
Støre kom også inn på korleis det i til dømes kriminalpolittikken handlar om å vera hardast mogleg i debattane.
– Det er viktigare korleis me kan førebyggja og sikra at alle har same moglegheiter og minskar utanforskapen, var oppskrifta hans.
– No er eg nesten på topp
Støre tok også sjølvkritikk på vegner av Arbeidarpartiet på korleis valkampen gjekk føre seg førre gong.
– Me var ikkje på TikTok og nådde ikkje ungdommen. No er eg nesten på topp. Den greske statsministeren hadde sett meg på Tik Tok. "And you are doing very well", sa han til meg. Ungdommen er på sosiale media. Me må også vera der, hadde Støre lært.
– Kor vulgær skal ein vera? Kor langt skal politikarar gå til å spela det nye spelet? lurte Hagtvet på.
– Eg har eit heimeliv som eg ikkje vil opna døra til. Tilbake til demokratiet. Tilliten kan gjera mykje med å ha eit godt forsvarsverk. Problemet er om ein ikkje leverer. På statsvitskap lærte me at med to parti som i USA og i Storbritannia, var det lettare å sjå to klare frontar. Noreg har ni parti, medan Danmark har sju. Då kan folk i alle fall kjenna seg igjen i eitt av partia, trudde han.
– Me må ha eit breiare perspektiv enn nytte
Hagtvet peika på at demokratiet no er under press. Og då reduserer ein ex.phil. Han ville gjerne ha ex.phil med like lang studietid som før. Og han vedgjekk også at han hadde vore imot etablering av mange nye universitet.
– Du reknar vel også då med Universitetet i Stavanger og er imot det? repliserte Støre.
– No er dei glade i det medisinske miljøet for å få 30 plassar i psykologi i Stavanger. Og tenk om me ikkje hadde grunnlagt Universitetet i Tromsø? Var du imot det? I dag er det det verdsleiande universitetet i Arktis. Derfor lanserte me forskingssatsinga på polhavet der.
– Eg tar det med at universitetsetablering kan ha regionale effektar, vedgjekk Hagtvet.
Støre heldt fram med å skryta av at regjeringa hadde sett i gang satsing både på fleire KI-senter og på kvanteteknologi.
– Me må ha eit breiare perspektiv enn nytte. Den førre regjeringa la opp til at høgskular og universitet kunne marknadstilpassa studia.
Bernt Hagtvet insisterte på at alle studentane på alle dei ulike faga måtte ha ein felles introduksjon:
– Alle må læra om Platon, Goethe og det periodiske systemet.
– Eg har aldri tatt førebuande for eg gjekk på Sciences Po. Men alt var lagt inn i faga, fortalde Støre.
– Kva vil du helst skal stå etter deg når memoarane dine kjem om fem år?
– Regjeringskonferansar med opptil 50 saker? Nei, det viktigaste er at me har fem statsrådar som overlevde Utøya. Dei er ikkje statsrådar fordi dei overlevde Utøya, men fordi dei er gode politikarar, understreka han.
– Gir eit mørkt bilete av Noreg
Støre var ikkje nøgd med måten Noreg blir skildra på av partia på den borgarlege sida i valkampen.
– Opposisjonen gir eit mørkt bilete av Noreg om korleis det går dårleg med økonomien. Dagens Næringsliv sin gjennomgang viser det motsette. Eg er stolt over at me har klart å ta Noreg gjennom etterpandemien, sa han.
Så kom han med valløfte frå Arbeidarpartiet.
– Me vil ha fleire i arbeid. Me vil ha auka produktivet. KI vil føra til det. Eg er ikkje redd for ny teknologi, berre for gammal. Eg håpar me vil klara å få endå fleire med funksjonshemmingar inn i arbeidslivet, uttrykte han.
– Vil du arbeida for å støtta pressa slik at pengar ikkje øydelegg alt? ,lurte Hagtvet på.
– Å ha ein demokratisk kultur, kritisk presse, redaktørstyrte media, og at me opprettheld pressestøtta, vil eg arbeida for. Å selja NRK, slik det største borgarlege partiet vil, er uklokt, slo han fast.
– Alle bør bli like kloke som jenter
Til slutt blei det opna for spørsmål frå publikum. Det første handla om kva Støre meinte var grunnen til at unge menn hellar mot å stemma på høgresida medan kvinner støttar venstresida.
– Alle bør bli like kloke som jenter, meiner du. Det er klare skiljer mellom unge menn og unge kvinner. Menn hentar meir info frå nettet og sosiale media. Mange kvinner jobbar i omsorgsyrke, peika han på.
Og så lurte han på om mennene kanskje tykte det var mykje woke. – Det å vera mann er ikkje slik? meiner dei, undra Støre på.
"Dei er ikkje retta mot meg, men mot deg"
Han fekk også spørsmål frå ein student om kva han tykte om norsk våpeneksport til USA.
– All våpeneksport frå Noreg går til våre allierte, og USA er eitt av desse landa. Då eg var på besøk hos Donald Trump, såg eg at det er viktig for ein norsk statsminister å seia at Noreg er nabo til den største samlinga av atomvåpen i verda. "Dei er ikkje retta mot meg, men mot deg", sa eg. Eg stolar på USA. Det som skjedde i går, det at me kjøper fregattar frå Storbritannia, bør USA vera positivt innstilt til, sa han.
– Me skal stilla opp for Ukraina
På spørsmål frå ein student om kva Støre ville gjera med oppfordringa frå ei ukrainsk venninne av henne som nyleg døydde i eit russisk åtak, om å hindra autoritære strøymingar, lova han å halda fram med å støttta Ukraina.
– Eg var der for ei veke sidan, og såg ei bustadblokk med open vegg etter droneåtak. Det første me må minna oss om, er at me er eit lite land langt mot nord. Det er få spørsmål me kan gjera noko med åleine. Me skal stilla opp for Ukraina med 85 milliardar i år og 85 millardar neste år. Mest for at dei skal kunna forsvara seg sjølve. Utgiftene må opp for forsvaret, og det blir mindre til andre ting. Me må samtidig byggja opp og hindra at autoritære strøymingar kjem hit, sa Støre.
– Universiteta spelar ei veldig viktig rolle
Då frukostmøtet var over, greip Uniforum tak i statsminister Jonas Gahr Støre for å spørja han om kva rolle han meiner universiteta spelar for å demma for autoritære strøymingar.
– Universiteta spelar ei veldig viktig rolle. Her spreier ein kunnskap basert på respekt for kunnskap og ein metode om kva som er rett og gale. Alle som går gjennom universitetet, står i første rekkje for å stå imot lettvinte, populistiske og udemokratiske krefter, svara Støre.
– I eit intervju med Uniforum i førre månad viste professor i statsvitskap Sirianne Dahlum til at dei yngste veljarane mellom 18 og 24 år er mest tilbøyelege til å stemma på udemokratiske politikarar så lenge dei er einige med dei i sakene deira. Ho meiner at grunnen er manglande demokratiopplæring i skulen. Kva seier du til det?
– Det kan vera ein grunn og ein får gå gjennom fagplanane. Men det skal i fagplanane vera opplæring i demokrati, alt frå det du er med på om kvardagen på skulen med elevrådet og til samansetjing og kunnskap om korleis demokratiet heng saman. Så skal me ikkje trekkja ein endeleg konklusjon om den aldersgruppa. For den er no utsett for sosiale media og algoritmar for første gong eigentleg. Å trekkja ein endeleg konklusjon om korleis det verkar, må me forska på.
– Kva synest du om arrangementet i dag?
– Eg synest det var ein veldig fin start på veka, og det er motiverande at Bernt Hagtvet held dette i live.
Neste frukostmøte blir om normaliseringa av det ekstreme, og det skjer den 24. september kl.09.30. Då blir det innleiing av førsteamanuensis og sosialantropolog Cathrine Thorleifsson, og professor og statsvitar Tore Wig.
Logg inn for å kommentere