Rett før nyttår blei det klart at den tre år gamle forskingssatsinga UiO:Demokrati blir ein del av UiOs Senter for global berekraft og om nokre år derfor kan flytta inn i Berekrafthuset på Nedre Blindern.
Det er administrerande direktør Tore Rem svært glad for.
– Å koma inn i eit større miljø er bra for alle. For meg gir det eit signal om at UiO satsar. Me kan tilføra demokratidimensjonen i berekraft, medan me får eit større tverrfagleg miljø og verdifulle impulsar ikkje minst når det gjeld det internasjonale. Det er til dømes mange sterke forskarar som forskar på nord-sør-problematikk, fortel Rem til Uniforum.
Dette er UiO:Demokrati:
- oppstart i 2023, men skal vara til 2030
- finansierer totalt 12 forskingsgrupper i 2026
- arrangerer den årlege demokratikonferansen, i tillegg ei rekkje andre arrangement gjennom året
- ein del av Senter for global bærekraft
- årleg budsjettramme på 20 millionar kroner, der det meste går til å støtta forsking. Får også arrangementsstøtte frå Sparebanksstiftelsen DNB.
- ein frittståande etterfylgjar av satsinga UiO:Norden
(Kjelde: UiO:Demokrati ved UiO)
– Forskinga er kjernen i alt me gjer
Han ynskjer også å framheva korleis UiO:Demokrati gjer ein forskjell.
– Forskinga er kjernen i alt me gjer. Det synlegaste me har gjort er å skapa desse arenaene som kulminerer med den årlege demokratikonferansen. Då ynskjer me å få inn representantar for forskinga, forvaltninga, skulen, politikken, sivilsamfunnet, media, arbeidslivet og næringslivet i samtalen. understrekar han.
Når det gjeld forskinga, har UiO:Demokrati klare føringar på kva dei ikkje skal vera og kva dei skal vera.
– Me skal ikkje vera eit mini-forskingsråd, men eit laboratorium for tverrfagleg forsking. På denne måten byggjer me ned siloar på UiO. Dei fleste av desse prosjekta ville ikkje ha kome i stand utan UiO:Demokrati. Det er eg heilt sikker på, slår han fast.
Tore Rem synest UiO:Demokrati har tatt mange viktige steg sidan satsinga kom i gang i 2023.
– Det er full fart på forskingssida. Me har tverrfaglege forskargrupper som dekkjer eit stort spenn av tema som vedgår demokratiet. Der har me lykkast med å knyta saman forskarar frå alle fakultet på UiO, bortsett frå Det odontologiske fakultetet, seier han.

Og Rem kan også peika på at resultata har vist seg i form av bøker, artiklar og formidling.
– Me har skapt heilt sentrale arenaer for samtalar om utfordringane til demokratiet, seier han.
Tore Rem listar opp demokratifrukosten i Domus Bibliotheca, den årlege demokratikonferansen og studentretta aktivitetar, som demokratilunsjane og demokratidagen til studentane.
Han peikar også på den tredje pilaren i UiO:Demokrati:
– Me er aktive i å ta kunnskapen i bruk eller i å driva samfunnskontakt. Det arbeidet er litt meir usynleg enn det andre me held på med, men me har møtt ein heilt utruleg respons frå organisasjonar og institusjonar som har sakna ein fagleg partnar på demokratifeltet, fortel han.
Som døme nemner han både Sparebankstiftelsen DNB, Stortinget, Kommunanes sentralforbund, 22. juli-senteret, Wergeland-senteret og Nordisk ministerråd. Til saman reknar han med at dei var i kontakt med over 60 ulike organisasjonar og institusjonar det første halvtanna året etter at UiO:Demokrati blei etablert.
– Denne samfunnsaktiviteten har vore på eit heilt anna nivå enn det eg tiidlegare har opplevd i min lange karriere på universitetet. Og det har vore veldig meiningsfullt, synest han.
– Skal markera 250-årsjubileet for demokratiet i USA
Den 24. april arrangerer UiO:Demokrati Demokratikonferansen 2026 i Georg Sverdrups hus på Blindern. Programmet vert lagt ut i desse dagar. og han kan avsløra litt av det som skal skje.
– Her skal alle ikkje minst få ei oppdatering på korleis det står til med demokratiet både i verda og i Noreg. Men i år tenkte me å starta med at det er 250 år sidan det moderne demokratiet blei til i USA i 1776. Det har lenge vore eit ideal for oss. Me tar ei lita markering av det ved å spørja korleis det amerikanske demokratiet var då, og så spolar me fram til det som no skjer med Trump.

Men han lovar at det ikkje vert eit reint USA-seminar.
– Me vil bruka dette utgangspunktet for å ta opp om det er i ferd med å byggja seg opp ein ny verdsorden, og om kva ting som kan vera trugsmål mot kunnskapen både i skulen og for vitskapen. Og me vil diskutera om det er mogleg å oppretthalda eit fellesskap der folk er ueinige, eller om me er på veg inn i polariseringa si vonde tid, også her. Dessutan skal me koma inn på tekoligarkane og Big Tech, og den påverknaden dei har på det offentlege ordskiftet, seier han og avslører nokre av smakebitane frå programmet.
Bernt Hagtvet blir utfordra
Der gir dei også statsvitskapsprofessor Bernt Hagtvet ei stor utfordring.
– Då skal han på ti minutt fortelja oss kvifor me treng demokrati, fortel Rem.
Bernt Hagtvet er ikkje den einaste kjente personen som stiller opp. Det gjer også demokratiforskaren Carl Henrik Knutsen, Midtausten-forskaren Marta Heien-Engdal, Russlands-forskaren Karen Anna Eggen, utviklingsforskaren Dan Banik og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. Aftenposten-redaktør Trine Eilertsen og den svenske kulturjournalisten Åsa Linderborg, kjent frå programmet Norsken,svensken og dansken i NRK P2. vil også delta.
I tillegg kjem den kjente forskaren Fara Dabhoiwala frå Princeton-universitetet i USA.
– Han skal fortelja oss kva det amerikanske demokratiet var i 1776, fortel UiO:Demokrati-direktøren.
– Oslo-skulen har meldt på 150 rektorar
Tore Rem er også svært glad for at Oslo-skulen har gripe moglegheita demokratikonferansen gir dei med begge hender.
– Dei har allereie meldt på 150 rektorar. Det gjorde dei to månader før påmeldingsfristen gjekk ut. Dette viser at UiO kjem andre delar av samfunnet i møte, seier han fornøgd.
Tidlegare har Uniforum skrive om ei predikasjonsturnering der vanlege folk kunne melda seg på for å spå om kva politiske hendingar som ville skje i framtida. Bak turneringa står forskarar frå UiO:Demokrati-gruppa Vitskap og demokrati.
– Der vurderer dei om lekfolk er like flinke som ekspertar på å gjera dette. På Demokratikonferansen blir resultata lagde fram, seier Rem.
Sjølv er han opptatt av å få fram at Kunnskapsbyen Oslo (Oslo Science City) er medarrangør på denne hendinga som UiO:Demokrati står bak.
Tore Rem brukar gjerne store ord om satsinga han leier.
– Eg er glad for at UiO har tatt leiinga på demokratifeltet på denne måten. «Business as usual» er ikkje nok i situasjonen me står i. Med 12 forskargrupper og 150 involverte forskarar har UiO:Demokrati blitt den største satsinga på demokratiforsking i Norden, seier han.
Les meir om UiO:Demokrati i Uniforum:
UiO-forskere inviterer til turnering i å spå framtiden
Svein Stølen om UiO:Demokrati: – Dette handlar om å ha ein demokratidugnad
Han vil skapa ein kollektiv eigarskap til demokratiforskinga
Logg inn for å kommentere