Opna Demokratidagane: – Det må vera høgt under taket

– Alle stemmer skal fram, også dei ubehagelege. Det må vera høgt under taket på eit folkebibliotek. Det sa Knut Skansen, direktør for Deichman då han og HF-dekan Frode Helland i går opna Demokratidagane på Deichman Bjørvika.

Ein mann og tre kvinner deltar i ein debatt

KLIMADEBATT: Demokratidagane 2022 blei opna med ein klimadebatt i Deichman Bjørvika. F.v. Linn Stalsberg (debattleiar), Ella Marie Hætta Isaksen, Arne Johan Vetlesen og Mette Halskov Hansen. 

Foto: Martin Toft

Rundt 100 personar hadde dukka opp i femte etasje på Deichman Bjørvika måndag ettermiddag for å høyra HF-dekan Frode Helland opna Demokratidagane 2022. I to veker skal det vera debattar, samtalar og diskusjonar om demokrati på mange forskjellige Deichman-bibliotek i heile Oslo.

Frode Helland var svært nøgd med at Universitetet i Oslo og Deichman i fellesskap hadde klart å få til eit så stort arrangement.

– Viss det ikkje finst forskingsbasert kunnskap, vil ikkje demokratiet fungera. Biblioteket og universitetet gir folk det. Dei engasjerer innbyggjarane og er demokratibyggjande institusjonar, understreka Frode Helland.

• Les også: – Vil ha fokus på demokrati fordi det er under press

Det skal vera debatt

Også direktør Knut Skansen ved Deichman brukte store ord under opninga.  

– Det skal vera debatt. Alle stemmer skal fram også dei ubehagelege. Det må vera høgt under taket på eit folkebibliotek, slo han fast. Deichman-sjefen lovprisa samarbeidet med Universitetet i Oslo.

OPNING: Direktør Knut Skansen ved Deichman var svært nøgd med samarbeidet med UiO om Demokratidagane 2022. (Foto: Martin Toft)

– Det passar oss som hand i hanske. Me blei grunnlagt i 1785 av ei testamentarisk gåve frå Deichman. Det gjer oss til ein av Noregs eldste kulturinstitusjonar, trekte han fram.

– Har hatt problem med demokratiet

Etterpå var det sceneskifte, og då var det klimakrisa og demokratiet som skulle debatterast. Deltakarar var aktivist og artist Ella Marie Hætta Isaksen, filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen ved UiO og viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit ved UiO Mette Halskov Hansen.

Debattleiar Linn Stalsberg ville gjerne at dei skulle svara på om det var mogleg å løysa klimakrisa demokratisk.

– Ja, det må me klara, meinte Ella Marie Hætta Isaksen.

– Er demokratiet i ferd med å løysa klimakrisa? Nei. Då eg var yngre såg eg ein isbjørn drivande på eit isflak, og isbjørnen hadde store problem med å skaffa seg mat. Strukturelle forhold spelar også inn her. Folket mitt har hatt problem med demokratiet både når det gjeld rettsvesenet og rasisme, peika ho på.  

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen viste til at no handla det om eit viktig val.

 – Meir demokrati og mindre olje. Om demokratiet er i ferd med å laga eit klassesamfunn, må me vera kritiske til det, sa han. Og når det gjeld demokratiet som reiskap for å løysa klimakrisa, kom Vetlesen med fylgjande melding.

– Det er lite som tyder på at det er raskt gjort. Det møter både politiske, økonomiske og psykologiske motkrefter, var han overtydd om.  

– Også eit autoritært styre må høyra kva folket vil

Heller ikkje viserektor Mette Halskov Hansen trudde demokratiet var løysinga på klimakrisa. – Demokratiet kan stansa ein del av klimakrisa, men har samtidig vore med på å fremja dagens utvikling. Om me skal venta til Kina blir demokratisk før me får gjort noko med klimakrisa, må me venta lenge, konstaterte ho.  

– Forskarar som ikkje nektar for klimakrisa, har makta i Kina. Samtidig må styresmaktene i Kina ha brei støtte hos folket for å setja i verk tiltak som kan bremsa klimaendringane. Fordelen er også at mesteparten av industrien er eigd av staten. Staten kan difor bestemma på eiga hand kva industrien skal gjera. Men også eit autoritært styre må høyra etter kva folket vil, sa Mette Halskov Hansen.

– Me må bruka sivil ulydnad

Debattleiar Linn Stalsberg ville også vita om dei tykte det var antidemokratisk å bruka sivil ulydnad mot avgjerder dei var ueinige i.

– Nei, det synest eg ikkje, svara Ella Marie Hætta Isaksen.

– Når styresmaktene er så passive, så må me bruka sivil ulydnad i slike saker som er udemokratiske og urettferdige. Det er eit sikringsnett. Det var ein metode som til dømes blei brukt i kampen mot apartheid i Sør-Afrika, og det viste seg at det var rett, slo ho fast.

STØTTA SIVIL ULYDNAD: Både Ella Marie Hætta Isaksen og Arne Johan Vetlesen kunne forsvara bruk av sivil ulydnad. (Foto: Martin Toft)

 Også Arne Johan Vetlesen slo eit slag for fredeleg sivil ulydnad.

– John Rowls har skrive utførleg om dette. Det må vera aksept gitt ein del kriterium. Dei må vera ikkje-valdelege, og så kjem det an på kva ting dei øydelegg. Både Gandhi, Martin Luther King og suffragetene dreiv på med det, men dei var før si tid, meinte han.

Delte grupper med felles krav mest effektive

Vetlesen peika på at sivil ulydnad var mest effektivt dei gongene kreftene bak var delte i ei moderat og ei radikal gruppe.

– Då kan den moderate gruppa presentera krava for statsminister og regjering og bruka som eit pressmiddel at om dei ikkje får gjennomført krava, vil den meir radikale gruppa ta i bruk meir militante metodar, forklarte han.

– Sametinget er mitt demokrati  

Ella Marie Hætta Isaksen meinte at aksjonen mot det planlagde deponiet for gruveavfall i Repparfjorden i Finnmark er eit døme på vellykka sivil ulydnad.

– Me har slått Altaaksjonen i talet på dagar med sivil ulydnad. Og me har fått stansa prosjektet, og dessutan har me funne fram til kva artar som finst i fjorden. For meg er Sametinget mitt demokrati. Det stemte også imot eit deponi i Repparfjorden, samtidig som regjeringa gjekk inn for det. Me treng andre metodar om demokratiet ikkje tar omsyn til minoritetar, var ho krystallklar på.

– Ganske opne innanfor dei grensene dei har

Mette Halskov Hansen trekte fram sine ulike roller som forskar og privatperson.

– I forskinga må eg bruka vitskaplege metodar og halda alle meiningane mine borte vekk. Som privatperson kan eg lesa og forstå kva som skjer. Kinesiske forskarar er meir styrte enn andre. Om dei forskar på kjenslevare ting, er dei svært forsiktige. Men dei er godt utdanna, og er ganske opne innanfor dei grensene dei har, sa ho.

Mette Halskov Hansen helte også malurt i begeret til dei som trur at det er mogleg å stansa veksten i Kina.

– Målet er å få mellom 400 og 500 millionar menneske opp frå ein litt låg levestandard til ein endå høgare levestandard. Til det trengst det meir produksjon av varer, som krev meir energi, og i hovudsak kjem den energien frå kol, slo ho fast.  

– Urfolka ser klimaendringane først

Ella Marie Hætta Isaksen var viss på at om klimakrisa skal løysast er det viktig å læra av urfolk over heile verda.

– Det er urfolka som ser klimaendringane først. Det har vore 16 store beitekriser for reinsdyra i Noreg, 14 av dei har me opplevd sidan 1960-talet. Samtidig må reineigarane konkurrera med hyttefelt, gruvedrift, vegbygging og med skuldingar om å vera klimaskeptikarar fordi dei går imot bygging av vindmøller. Me møter rasisme og trakassering med ein gong me protesterer mot dette, var erfaringa hennar.

– Politikarane sitt ansvar

Mette Halskov Hansen meinte at dette var noko politikarane måtte ta ansvaret for.

– Ja, det er politikken som må samla dette i ein felles salat. Det er politikarane sitt ansvar uansett kva politisk system dei representerer. Me andre må gjera det me er gode til. Me forskarar må formidla forskinga vår, var rådet frå Mette Halskov Hansen.

Høyr heile debatten

DEICHMAN BJØRVIKA: HF-dekan Frode Helland inviterte til den første debatten under Demokratidagane 2022. (Foto: Martin Toft) 

Les heile programmet for Demokratidagane 2022 på denne sida

Emneord: Demokrati, HF, Formidling Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2022 04:30 - Sist endra 22. mars 2022 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere