Vebjørn Selbekk: – Me kan ikkje hindra folk i å brenna sine eigne bøker

–Eg er imot brenning av bøker, anten det er Koranen eller Bibelen. Men me kan ikkje hindra folk i brenna sine eigne bøker, sa Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk på Blindern i dag. Klassekampen-redaktør Mari Skurdal ville setja ytringsgrensa ved gjentatt trakassering av ein minoritet.  

Portrett av ei kvinne og ein mann

TANKEVEKKJANDE: – Og når norsk politi forbyr SIAN (Stans islamiseringen av Norge/red.merknad) å driva med koranbrenning utanfor Tyrkias ambassade på grunn av frykt for at Noreg kan bli eit mål for IS og andre terrorgrupper, så er det tankevekkjande, tykte Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk. I formiddag møtte han Klassekampen-redaktør Mari Skurdal til debatt  på UiO om kven skal ha lov til å hata. 

Foto: Martin Toft

Det kom fram då redaktørane for dei to meiningsavisene Klassekampen og Dagen møttest til politisk frukost i Eilert Sundts hus på Blindern i formiddag. Debatten blei organisert av forskingsprosjektet Demokratiets tekstkulturar og er støtta av UiO:Demokrati.

Temaet redaktørane Mari Skurdal og Vebjørn Selbekk skulle diskutera, var kven som skal ha rett til å  hata. Ordstyrar Tor Gaute Syrstad bad debattantane om å vurdera situasjonen for ytringar i Noreg.

– Ytringsfridomen fungerer godt i Noreg

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk fekk ordet først.

– Ytringsfridomen er fantastisk i Noreg samanlikna med dei aller fleste landa i verda. Der risikerer mange at politiet kjem på døra, berre for noko dei har sagt, skrive eller teikna, slo  han fast.

Klassekampen-redaktør Mari Skurdal var einig. 

– Ytringsfridomen fungerer godt i Noreg. Og me har institusjonar som tar godt vare på den. Det finst arenaer slik som her med frukost rundt eit bord, trekte ho fram.

Så kom ho inn på dei siste nasjonale diskusjonane. 

– I Noreg har me diskutert eit måleri og redigeringa av Roald Dahls bøker. Her på UiO er styremøta opne, men det har vel hendt at nokre kanskje har vore litt redde for å opponera mot ein instituttleiar, trudde ho. 

Koranbrenninga framfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm tidlegare i vinter, var også ei sak ordstyrar Tor Gaute Syrstad ville ha dei to redaktørane sine synspunkt på. 

– Den mest uttrykte rasisten i Norden, Rasmus Paludan finn eit hol i  lovgjevinga om ytringsfridom og får dra rundt i heile Norden for å håna folk i desse landa. Politiet kan berre bruka trafikkproblem som grunn til å stansa han. Det kunne ha vore prøvd juridisk, for dette tillét jo rasistar å dra rundt, tykte ho. 

– Det er eit dilemma

Vebjørn Selbekk meinte det ikkje var så enkelt.

– Eg er kritisk til det dei gjer. Grunnlova vår gir ikkje domstolane lov til å straffa folk for noko dei kan koma til å seia. Dei kan berre bli straffa for noko dei har sagt i etterkant, peika han på. 

Han tok også opp konsekvensen av Paludans koranbrenning.

– Når det gjeld Paludans aksjonar i Sverige og i Danmark, har det også gått storpolitikk i dette. Erdogan krev at Sverige skal endra ytringsfridomslovgjevinga si for at Tyrkia skal seia ja til å sleppa landet inn i Nato. Det er eit dilemma. Og når norsk politi forbyr SIAN (Stans islamiseringen av Norge/red.merknad) å driva med koranbrenning utanfor Tyrkias ambassade på grunn av frykt for at Noreg kan bli eit mål for IS og andre terrorgrupper, så er det tankevekkjande, tykte han. 

– Kva er vitsen med å brenna Koranen? Er ikkje det ein rein provokasjon? Dei spørsmåla  ville ordstyraren ha svar på. 

– Det som me diskuterer i dag var endå meir kontroversielt tidlegare. Eg er imot brenning av bøker. Det er blitt sagt at om ein brenner bøker, vil ein til slutt brenna menneske. Dessutan er det dårleg folkeskikk. Men om du sjølv eig ei bok og vil brenna den,kan du ikkje gå inn og forby det. Både Paludan, og til dels også SIAN er rasistar. Men det er skilnad på rasisme og religionskritikk. For det må vera legitimt å seia at Koranen og Bibelen er både kvinneundertrykkande og imot homofile. Men me er på heilt feil vegar om me forbyr brenning av bøkene, meinte Selbekk.  

– Me kan ikkje tillata Arfin Bhatti å brenna Toraen framfor synagoga kvar torsdag

Klassekampen-redaktør Mari Skurdal tykte at dette handla om to heilt ulike haldningar.

– Er dette ei Øverland-haldning eller er det ei haldning frå undergruppene til Anders Lange? Det kan ikkje vera slik at ei minoritetsgruppe skal finna seg i å bli hundsa ein gong kvar einaste veke gjennom eit langt tidsrom. Me kan ikkje lata Arfan Bhatti stilla seg opp framfor synagoga i Oslo og brenna Toraen kvar einaste torsdag heller.Den muslimske minoriteten i Noreg er også under press, peika ho på. 

Vebjørn Selbekk meinte at forbod mot bestemte ytringar ikkje var vegen å gå.

 – I Tyskland og fleire andre land er det innført forbod mot Holocaust-fornekting. Men det er ikkje blitt mindre av det av den grunn. Det er mykje betre å ta den debatten i ope lende, var han overtydd om.  

Det skeive miljøet er felles mål for høgreekstreme og radikale islamistar

På det området var Skurdal einig med redaktørkollegaen sin.

– Du kan ikkje undertrykkja meiningar og synspunkt. Men samfunnet skal vera ålreit for dei fleste.  Skal politiet verna Paludan og hans kumpanar heile tida? spurte ho. – Dei opnar ein veg for andre rasistar.  Og skal det vera lov å hundsa likekjønna par?

For Mari Skurdal meinte også at i dag er det ei bestemt gruppe som er eit felles mål for både høgreekstreme og radikale islamistar. 

– Det er dei homofile og lesbiske, transpersonar og heile det skeive miljøet. Dei er ute etter å ramma dei symbolsk  og dei er truga uansett kvar og når dei har forsamlingar, slo ho fast.

– Publiserte bilete av Jesus i eit homoerotisk miljø

For 17 år sidan publiserte Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk ei muslimkritisk karikaturteikning i avisa.  Ordstyrar Tor Gaute Syrstad lurte på om det var greitt å hengja ut muslimar på den måten.

– Dette var ein illustrasjon til ein artikkel om ein pågåande debatten om karikaturteikningar i Danmark, forklarte han.  

– Ville du ha gjort det med Jesus også?

– Ja, og det har me faktisk gjort i samband med utstillinga «Ecce Homo». Då publiserte me eit bilete av Jesus i eit homo-erotisk miljø, parerte han med.

 Sjølv om dette skjedde for 17 år sidan, viste han til at det framleis får fylgjer i dag. 

– For to år sidan kutta ein elev hovudet av ein lærar i Frankrike fordi han hadde vist fram karikaturteikningane i ein time som handla om historia rundt desse teikninga. Då reagerte den franske staten resolutt med å hengja karikaturteikninga på offentlege bygningar rundt omkring i heile landet, nettopp for  å visa at dei ikkje let seg kua, sa Selbekk.

Mari Skurdal gjekk over 30 år tilbake og til ayatolla Khomeinis fatwa mot Salman Rushdies roman «Sataniske vers».

 – Formålet til det iranske presteskapet var å visa motstand mot Vesten. På den same måten kom karikaturstriden inn i ein identitetspolitisk kontekst. Og etter Rushdi-saka blei muslim ein identitet. Før hadde dei vore pakistanar eller iranar, konstaterte ho. 

– Det finst ikkje hat i desse meiningane

Klassekampen har også vore ute  i hardt ver fordi det har vore mange innlegg og eit mangfald av meiningar om transpersonar og transkvinner. Nokre har gått så langt at dei har kalla innlegga for hatefulle.

Ordstyrar Tor Gaute Syrstad spurte om ikkje Mari  Skurdal som redaktør hadde ansvaret for dette.

– Eg tar ansvaret, men eg kan ikkje kontrollera fortolkingar av desse meiningane. Det finst ikkje hat i desse meiningane. Nokre av desse organisasjonane reknar alt som ikkje er i samsvar med deira meiningar som hat.Transpersonar skal ha rett til legehjelp. Eg meiner at hat-omgrepet deira er svært utvida.  Alle må få koma til orde, understreka ho.  

– I motsett fall blir det berre dei som er imot alle transpersonar og faren for at dei vil øydeleggja verda og dei transpersonane som meiner at dei som ikkje støttar akkurat deira  syn, dei hatar oss, som vil delta i  denne debatten, frykta ho. 

 

STUDENTTETT: Det var tett med studentar i veste Auditorium 6 i Eilert Sundts hus då forskingsprosjektet  Demokratiets tekstkultur inviterte til debatt om kven som skal ha lov til å hata med Klassekampen-redaktør Mari Skurdal og Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.  (Foto: Martin Toft)

– Det er bra at han får sleppa til

Etter debatten fekk deltakarane spørsmål om ikkje media hadde ansvaret for dårlege haldningar overfor muslimar fordi til dømes Aftenposten hadde sleppt til Fareed Qureshi,  leiaren for Islam Net som talsperson for muslimar i Noreg.

 – Det er bra at han får sleppa til, meinte Vebjørn Selbekk, før han la til: 

– Eg er ikkje einig i alt han står for som talsperson for muslimar i Noreg. Det er veldig mange andre som står fram som talspersonar for muslimar. Det finst likevel nokre som også støttar Quereshi. I Noreg er det uansett eit mykje sunnare ordskifte enn i Sverige.

Også i dette spørsmålet var Skurdal på linje med Selbekk:

– Eg støttar at han skal sleppa til.Tidlegare sa Querishi at han representerte eit avradikaliseringsmiljø. Det var før mange kvinner drog og blei IS-brurer i Syria. Me må dekkja dette reint journalistisk. Det er mange muslimske stemmer i Noreg i dag, sa ho.

– Og Querishi har jo gått litt tilbake på dei tidlegare meiningane han hadde om dei homofile. Det viser at det er håp for han også, meinte Vebjørn Selbekk.

Gjennomslag med vrengte kofter og bålpanner

Mari Skurdal trekte fram korleis tradisjonell aktivisme nyleg har fått gjennomslag i media. 

– Fosen-aksjonistane har koma seg fram med vrengte kofter og bålpanner. Det har vore ein vellykka aksjon. Og no vil alle vera med. Det viser at det er meir kraft i Fosen-gjengen enn i Twitter, noko eg aldri har brukt sjølv, avslørte ho.

 

• Les meir om ytringsfridom i Uniforum: 

UiO sier nei til flere av Kierulf-forslagene

Anine Kierulf:  Overraskende at akademia ikke har tenkt mer over dette

Anine Kierulf:  – Det vil vera forbunde med eit visst ubehag å ytra seg

Midtausten ikkje noko stort problem for Europa

VIl oppheva blasfemiparagrafen

Vil ha etisk debattt om karikaturtrykking

Emneord: Akademisk fridom, Menneskerettar, Religion, Demokrati Av Martin Toft
Publisert 2. mars 2023 16:59 - Sist endra 2. mars 2023 16:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere