Dette semesteret er Kevin Leander gjesteprofessor ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet på UiO. Der arbeider han med forskargruppa (LiDA) Living and Learning in the Digital Age, som Fullbright-forskar. Den brasiliansk-amerikanske kona Ana Christina da Silva leier eit forskingsprosjekt som ser på fleirspråklege innvandrarfamiliar i USA.
Etter å ha vore nesten to månader i Noreg ser han korleis president Donald Trump og folka hans frå Maga-rørsla saman med teknologimogulane er i ferd med å endra det landet han vaks opp i og lærte seg å bli glad i.
– Både kona mi og eg har eit livslangt forhold til offentleg utdanning. No føler me at me er i ferd med å bli både undertrykt og overvaka når det gjeld bruk av tekstar og av kva som kan bli sagt på offentlege lærestader. Ideen om å utdanna folk for demokratiske idear er også under åtak, meiner han.
– Det er verre enn rein vondskap
Sjølv synest han det er trist at den første statlege instansen som har fått merka at pengestraumen frå den amerikanske staten har stansa opp er USAID.
– Historisk har dette blitt kopla til ideen om mjuk makt og å auka USAs påverknad og respekt blant andre land. Samtidig handlar det også om å vera gåvmild og bry seg om og gjera noko med det som skjer i verda. På ein måte har det vore ein reiskap for å visa korleis leiaren for den frie verda kan påverka land i ei meir demokratisk retning, trur han.
Kevin Leander prøver å finna eit ord som kan skildra det han opplever som bakhaldsåtak på USAID.
– Det er verre enn rein vondskap, seier han.
– Føler oss brydde og skamfulle
Kevin Leander og kona har alltid hatt ei kritisk tilnærming til det amerikanske samfunnet.
– Men me har alltid trudd at me kan skapa eit betre samfunn. No føler me oss brydde og skamfulle over den retninga det amerikanske samfunnet er på veg, fortel han.
Ikkje minst føler han stor uvisse for framtida til dei seks barna og det einaste barnebarnet sitt.
– Korleis vil samfunnet sjå på deira identitetsmangfald og bakgrunnar? spør han.
– På eit krosstog mot liberale verdiar
Kevin Leander er einig med dei som meiner at verken Donald Trump eller handlangaren hans, teknologimilliardæren Elon Musk har nokon klar politisk strategi.
– Trump og oligarkiet hans er på eit krosstog mot liberale verdiar og alt som dei kallar for "woke", er han overtydd om.
Etter hans meining er alle dei fleire hundre presidentfullmaktene som er blitt utførte i løpet av den første månadene, ein viktig del av den einaste strategien president Donald Trump og administrasjonen hans har.
– Det er å overvelda folk med så mange avgjerder at dei til slutt ikkje klarer å fylgja med og finna ut kva dei skal gjera med det som er blitt bestemt. Resultatet blir at dei gjer ingenting, konstaterer han.
– Tildelte pengar blir blokkerte
Når det gjeld framtida for forsking og høgare utdanning i USA, veit han ikkje kva som vil skje, men han trur dei akkurat no er inne i ein skjebnetime.
– Det vil i alle fall bli overført langt mindre pengar enn før på kort sikt. Spørsmålet er også kor fort det vil bli mogleg å øydeleggja dagens ordningar med statlege pengeoverføringar til forsking og høgare utdanning, trur han.
Kevin Leander meiner det vil vera mogleg å koma til hektene igjen for denne sektoren om det er ein kortvarig reduksjon av overføringane. Det er mykje verre om den perioden blir forlenga. Då fryktar han det kan få store ringverknader. Leander viser til det private universitetet der han jobbar, Vanderbilt University.
– Universitetet opplever at føderale pengar som allereie er tildelte, blir blokkerte. Det har vore nedskjeringar i føderale fond og ein stor grad av finansiell uvisse. Eit døme på kva det fører til, er at nokre av institutta, mellom dei mitt eige, ikkje vil ta opp ta opp nye doktorkandidatar neste år. Mitt institutt tar kanskje opp sju til ti doktorstudentar i året, fortel han.
– Det uroar meg verkeleg
For sjølv om dette ikkje høyrest så veldig alvorleg ut, peikar han på at dette kan få store fylgjer over lengre tid.
– Det vil gå ut over studietilbodet universitetet kan gi til ordinære studentar, og det vil gå utover dei som jobbar med å skaffa ekstern finansiering av doktorgradsprogramma til universitetet. Til slutt vil det bli vurdert å skjera ned på talet på vitskaplege tilsette på universitetet. Det uroar meg verkeleg, seier han.
Kevin Leander ser likevel nokre få veksande teikn på motstand av den politikken Trump fører for å kutta overføringar til samfunnsinstitusjonar i USA. Det gjeld føderale dommarar som blokkerer ordrar, offentlege protestar og ein handfull med valde leiarar som tar til motmæle.
– Eg har observert nokre tilfelle innanfor domstolane på delstatsnivå, men også i akademia. Der har det vore ei viss undergrunnsverksemd der folk har diskutert korleis dei kan halda fram med eit intellektuelt liv og vitskapleg arbeid i eit fullstendig urettferdig, aggressivt og fascistisk system, seier han til Uniforum.
Trumps varsla nedskjeringar i forskingsoverføringar i USA:
- Vil avvikla 89 forskingskontraktar til ein samla verdi av 881 millioner dollar frå Utdanningsdepartementets budsjett, i hovudsak utdanningsforskning.
- 29 støtteordningar til mangfald til ein verdi av 101 millionar dollar.
- Det blir også kutt i alle forskingsprosjekt som handlar om mangfald og klima.
Dette er resultat amerikansk forsking har oppnådd sidan Den andre verdskrigen:
Donald Trump vann presidentvalet i USA med eit knapt fleirtal på rundt 49 prosent av stemmene.
– Trøysta mi er at nesten halvparten av amerikanarane ikkje stemte på denne regjeringa. Den andre ukjente faktoren er kva som vil skje når fleirtalet av Maga-rørsla som stemte på Trump finn ut at alle støtteordningane dei har vore avhengige av, vil bli raderte bort.
Då tenkjer Leander både på sosialtrygd, sjuketrygd og utdanningsstøtte. Samtidig trur han at prisane på basisvarer vil stiga.
– Vil dei då forstå at formålet med å få Trump til makta, aldri var å betra liva deira, men å hjelpa teknologioligarkane til å bli endå rikare? Eller vil dei berre bortforklara det med at det er ein del av kulturkrigen deira, og då er ikkje prisen på egg viktig? spør han.
Ser på hjerneflukt frå USA som sannsynleg
Mange amerikanske forskarar som oppheld seg på universitet utanfor USA vurderer no kva dei skal gjera i åra framover. Kevin Leander er ein av dei, og han trur fleire og fleire vil tenkja som han. Ei hjerneflukt frå USA er noko han ser som sannsynleg.
– Absolutt, og det har begynt å skje. Nyleg snakka eg med andre amerikanske forskarar i Europa og dei var i ferd med å undersøkja grundig korleis dei kunna forlengja opphaldet sitt.
– Vil du gjera det same?
– Ja, det vil eg. Eg har allereie budd seks år av vaksenlivet mitt i Europa, både i Italia og i Frankrike.
Og han grunngjev det ynsket med at det truleg ikkje vil vera mogleg å kunna driva med eit intellektuelt og akademisk liv som før i Trumps USA.
– Eg meiner at det finst eit svært nært forhold mellom intellektuelt liv, kreativitet og demokratiske idear. Derfor trur eg at folk som treng pusta fritt for å kunna gjera jobben sin, vil trivast svært dårleg i eit slikt miljø, slår han fast.
– Universiteta er symbola på alt som talar mot dette
Kevin Leander peikar på at Trumps politikk ikkje berre handlar om å kutta ned på dei statlege utgiftene.
– Det er ein kamp mot intellektualismen og mot universiteta. Dei blir sett på som motoren som driv «woke»-dagsordenen. Så innskrenkinga av universiteta si makt, har heile tida vore ein del av politikken til folka bak Trump. Dei ynskjer å visa makt og ein tøff politikk mot staden der dei liberale verdiane blir skapte, konstaterer han.
Ifylgje Leander ser heile Maga-rørsla med arge auge på universiteta som yrer av antirasisme, etnisk mangfald og respekt for både menn og kvinner, skeive og andre minoritetar.
– Dei er kvite nasjonalistar som drøymer seg tilbake til tida til grunnlovsfedrane som grunnla eit kvitt og kristent USA som nådde toppen på 1950-talet. Dei er tilhengjarar av eit samfunnssyn som sist blei representert av Ronald og Nancy Reagan på 1980-talet. For dei er universiteta symbola på alt som talar mot dette, konstaterer han.
• Les meir om USA og presidentvalet:
UiO-professor: – Ingen står klar til å overta Donald Trumps posisjon om han døyr
Scott Gates om USA-valet: – Det ser ut til å bli uavgjort
Institutt for statsvitskap skal formidla kunnskap om USA-valet medan det skjer
Sofie Høgestøl: – Det er alles ansvar å skape den takhøyden vi ønsker i akademia
USA-ekspert Hilmar Mjelde: – Donald Trumps oppførsel kvalifiserer til riksrett
– Presidentvalet var ei røysting for eller imot Donald Trump
– USA har fått den partipressa Norden kvitta seg med på 1980-talet
Logg inn for å kommentere