– Presidentvalet var ei røysting for eller imot Donald Trump

– Om Joe Biden vinn presidentvalet, er det fordi han ikkje er Donald Trump, og om Trump vinn, er det fordi han er Donald Trump. Presidentvalet var eigentleg ei røysting for eller imot Donald Trump. Det seier UiO-professor Scott Gates.

Ein mann står på ein talarstol

TOK SIGER PÅ FORSKOT: I dag tidleg kunngjorde Donald Trump at han hadde vunne presidentvalet mot Joe Biden og kunne halda fram i fire nye år, men at nokon ville frårana han sigeren. Den talen tok også politikarar i Det republikanske partiet avstand frå.  UiO-professor Scott Gates meiner presidentvalet var ei røysting for eller imot Trump. (Arkivfoto)

Foto: Natasha Singh/flikcR/

Då Uniforum er i kontakt med Scott Gates onsdag formiddag, er ikkje valresultatet klart. Scott Gates kjem frå USA, og er professor ved Institutt for statsvitskap på UiO og har ein doktorgrad frå University of Michigan og ein økonomigrad frå University of Minnesota.

Det amerikanske presidentvalet 2020: 

Kandidatar: President Donald Trump  (Rep) (74) vs. senator Joe Biden (Dem.) (77)

Resultat per 4. november kl 18.40: Trump 213 valmenn vs. Biden 227 valmenn

Resultat frå 44 delstatar er sikre. Manglar resultat frå vippestatar som til dømes Pennsylvania og Wisconsin 

(Kjelder: NRK,VG og CNN

 

Gir skryt for gjennomføringa av valet

Sjølv om det enno ikkje er endeleg klart om det blir Donald Trump som skal halda fram med å bu i Det kvite huset i fire år til, eller om det er Joe Biden som skal flytta inn, er Scott Gates nøgd med gjennomføringa av presidentvalet.

– Eg var letta over at det ikkje var noko vald. Det frykta eg. Alt i alt og med tanke på pandemien og talet på førehandsrøyster, så synest eg at gjennomføringa av valet gjekk fint føre seg. Faktisk gjekk det utruleg bra, trass i pandemien, , uttrykkjer  han i ein epost til Uniforum.

Også professor emeritus Øyvind Østerud frå Institutt for statsvitskap på UiO synest valprosessen har gått greitt føre seg.

– Fram til nokre timar etter at vallokala stengde, har gjennomføringa av valet stort sett gått greitt, med dei avgrensningane koronaepidemien har sett, skriv han i ein epost til Uniforum rett før klokka 11.00 onsdag 4. november. 

– Meiningsmålingane verre enn i 2016

Scott Gates hadde ikkje tenkt seg at presidentvalet skulle bli så jamt.

– Nei, eg trudde meiningsmålingane ville ha vore meir nøyaktige. Eg tenkte at Biden hadde eit større forsprang. Det kan henda at meiningsmålingane tar endå meir feil denne gongen enn det dei gjorte i 2016. Det beste meiningsmålingsbyråa i 538 og the Economist stolar absolutt på at meiningsmålingane skal vera nøyaktige. Desse resultata er verre enn den vanlege feilmarginen på +/-3 % på meiningsmålingar. Når det er sagt, så hadde eg tenkt at valet anten ville bli ein stor siger for Biden eller eit heilt jamt og nervepirrande val. Resultatet kan bli 270 mot 268 i tal på valmenn, spår han. 

Statsvitskapskollegaen hans, Øyvind Østerud var sikker på at presidentvalet uansett ville ha blitt svært jamt.

– Ja, eg hadde rekna med at det ville bli svært jamt, utifrå korleis det gjekk føre seg under valkampen og dei veljargruppene kandidatane kan mobilisera, skriv han i ein epost til Uniforum.

 

– Ein uting å ta valsigrar på forskot

Ingen av dei er heller begeistra for at dagens sitjande president Donald Trump gjekk tidleg ut i dag tidleg og hevda at han allereie hadde vunne presidentvalet.

– Det var ikkje bra. Trumps kommentar var over alle grenser, noko som ikkje var overraskande.  Bidens kommentar var meir moderat og etter mi meining ikkje problematisk sidan han berre uttrykte optimisme og ikkje siger. Bidens kommentar sette heller ikkje noko spørjeteikn ved legitimiteten til valprosessen, seier Scott Gates til Uniforum. 

For Øyvind Østerud er det først og fremst veremåten til president Donald Trump han har bite seg merke i.

– Det er ein uting å ta valsigrar på forskot; det gjer det vanskelegare å akseptera eit nederlag, understrekar han.   

– Trump har store veljarskarar blant utsette grupper

Om Donald Trump tar heilt feil, og likevel ikkje har vunne presidentvalet, trur Øyvind Østerud at han veit grunnen til det.

– Viss Trump ikkje vinn, er det først og fremst handteringa av korona-krisa som har svekka han. Viss han vinn, er det fordi han har mobilisert kraftig i dagane før valet, etter at førehandsstemmer er gitt. Økonomien er også viktig og gjekk relativt bra før korona-krisa. Trump har store veljarskarar blant utsette grupper med låg utdanning og usikre arbeidsplassar i dei statane der industriproduksjonen er flytta ut til lågkostland, peikar han på. 

– Biden har fleire vegar fram til ein siger

Også Scott Gates har ein teori om kva som vil vera utslaget om Donald Trump til slutt taper presidentvalet, og må overlata presidentstolen til Joe Biden. 

– Meiningsmålingane har bomma, så Trump kan framleis vinna presidentvalet. Likevel, så har Biden fleire vegar fram til ein siger. Det kan bli ein hårsbreidds margin for Biden, noko som vil føra til at domstolane må inn i biletet. Det er aldri bra, synest han.   

Ein fordel å vera den sitjande presidenten

Etter hans meining er den største fordelen til Donald Trump at han er den sitjande presidenten.

- Den sitjande presidenten, til og med når det er Donald Trump, har ein kjempestor fordel. Det er derfor så få sitjande presidentar har blitt slått i presidentvalet. Så om Trump vinn, så er det nettopp fordi han er dagens president, og samtidig kan den relativt gode helsa til økonomien, spela inn, trur han. 

– Om han likevel taper, vil det vera på grunn av covid-19-pandemien, og evna han har til å splitta folk vil også skada han, resonnerer han.

– Ingen karismatisk veljarmagnet

Øyvind Østerud har også gjort seg tankar om kva som vil vera grunnen til at Joe Biden til slutt går av med sigeren i presidentvalet.

– Viss Biden vinn, er det først og fremst på grunn av misnøye med Trumps handtering av korona-krisa. Vinn han ikkje, er det økonomien og økonomisk politikk som forklarar mykje. Biden er heller ingen karismatisk veljarmagnet, poengterer Østerud.

For eller imot Trump

Og Scott Gates meiner det er ein heilt klar grunn til det, dersom Joe Biden vinn presidentvalet.

– Om Joe Biden vinn presidentvalet, er det fordi han ikkje er Donald Trump, og om Trump vinn, er det fordi han er Donald Trump. Presidentvalet var eigentleg ei røysting for eller imot Donald Trump, slår han fast. 

Men samtidig kjem han også med ein annan viktig grunn.

– Det demokratiske partiet har denne gongen lykkast i å mobilisera langt fleire av veljarane sine enn det dei klarte sist då Hillary Clinton var presidentkandidat, forklarar han. 

Pandemien var eit viktig tema

Scott Gates meiner også at ein utanforståande ting har spelt ei viktig rolle i denne presidentvalkampen.

– Covid-19-pandemien og økonomien er blitt sette opp mot kvarandre. Også rasismen , både i positiv og i negativ forstand, har verka inn, meiner han.

På det området deler Øyvind Østerud vurderinga til fagfellen sin. 

– Pandemien kan ha vore den viktigaste enkeltsaka. Utan den ville økonomien ha vore mest utslagsgjevande, og for mange talar den økonomiske politikken til Trumps fordel, seier Øyvind Østerud. 

– Noreg har lite å læra

Etter hans meining er det lite Noreg kan læra av det amerikanske valet.

– Noreg har lite å læra av det amerikanske presidentvalet. Me har eit parlamentarisk system med forholdstalsval, heilt ulikt det amerikanske topartisystemet med separat presidentval i fleirtallskrinsar der vinnaren tar alt. I USA blir politikken langt meir polarisert, tykkjer han.   

Scott Gates synest det er ting rundt det amerikanske valet som Noreg må passa seg for. 

– Det gjeld spesielt rolle til sosiale media, og lat-det-skura-media som til dømes Fox News som er heilt utan standardar.  Og dessutan må ein ta seg i vare for innblanding utanfrå, som til dømes frå Russland, er rådet hans. 

Håpar valresultatet snart er klart

Både Scott Gates og Øyvind Østerud håpar at det endelege resultatet av presidentvalet snart blir klart. Østerud håpar at det ikkje skal vera naudsynt å overlata alt til valresultatet frå Pennsylvania.

– Det vil forenkla situasjonen om det ligg føre eit endeleg resultat utan at me må venta på oppteljinga i Pennsylvania, der resultatet først ligg føre om fleire dagar. Om utfallet står og fell med Pennsylvania, blir det mykje uro, demonstrasjonar og rettslege skritt, sidan Trump har gjort det klart at han ikkje stolar på poststemmene, seier Øyvind Østerud. 

Også Scott Gates håpar at valresultatet skal vera klart så snart som mogleg.

– Kanskje i morgon, eller kanskje på fredag. Uansett vil det bli krav om omteljing og innblanding frå domstolane. Det er ikkje bra, synest Scott Gates.

Emneord: USA., Demokrati, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2020 18:55 - Sist endra 4. nov. 2020 18:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere