– USA har fått den partipressa Norden kvitta seg med på 1980-talet

– I USA har pressa stadig blitt meir politisk medan media i Norden har overtatt objektivitetsprinsippet som tidlegare var ei rettesnor for amerikanske media. Det sa førsteamanuensis Bente Kalsnes frå Høyskolen Kristiania i ein debatt i regi av UiO: Norden.

Ei kvinne sit på ein stol og snakkar

BRYR SEG IKKJE: – Eg trur eigentleg ikkje det er så lurt av politikarane i USA å samanlikna seg med Danmark og Sverige, og i mindre grad Noreg. Veljarane bryr seg ikkje om det, for dei har ikkje kunnskap om det, konstaterte medieforskar Bente Kalsnes frå Høyskolen Kristiania i debatten om forholdet mellom Norden og USA. 

Foto: Martin Toft

I går kveld inviterte UiO:Norden til den første fysiske UiO:Norden-samtalen i Litteraturhuset i Oslo. Temaet var Norden i amerikansk politikk: Draum eller mareritt?  Eit femtitals personar kom for å høyra på økonomprofessor Kalle Moene frå UiO, Vårin Alme, kommentator i AmerikanskPolitikk, førsteamanuensis i kommunikasjon, Bente Kalsnes frå Høyskolen Krisitania og statsvitar og postdoktor Hilmar Mjelde frå Universitetet i Bergen. Heile debattmøtet blei sparka i gang av UiO:Norden-forskar Haldor Byrkjeflot med ein kronikk der han nettopp stiller spørsmål om korleis Norden ser ut frå USA. Dei to sistnemnde var med digitalt, medan alle dei andre var fysisk på plass i Litteraturhuset. UiO:Norden-direktør Tore Rem var debattleiar.

Brukte Norden på 1970-talet som skremmebilete

Haldor Byrkjeflot arbeider til dagleg i forskargruppa Sivilsamfunn i Norden. I innleiinga si peika han på korleis venstresida i Det demokratiske partiet med senator Bernie Sanders og kongressrepresentant Alexandria Ocasio-Cortez i brodden har gått ut og omfamna det som dei kallar for demokratisk sosialisme.

– Det fekk Det kvite huset i 2018 til å be om at det blei laga ein rapport om Norden som skulle visa korleis Norden på 1970-talet kan samanliknast med dagens Venezuela, Mao-Kina og Sovjetunionen. Slik kunne Det kvite huset stempla Sanders’ modell som Norden frå 1970-talet, sa Haldor Byrkjeflot.  

– Ein polarisert diskusjon

Samtidig drog Haldor Byrkjeflot også ei linje frå Donald Trumps slagord «America first» til Hilary Clinton og Barack Obama som heile tida brukte uttrykket «We are on the right side of history» og til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtlands berømte ord: «Det er typisk norsk å være god» etter vinter-OL på Lillehammer.

 – Verken USA eller Norden vil lata seg bli fortalt av andre kva dei skal gjera, meinte han. Men Haldor Byrkjeflot såg også eit klart dilemma i forholdet mellom Norden og USA. – Det er ein polarisert diskusjon. Og det er ikkje uproblematisk at sosialisme blir assosiert med Norden. Skal me lata vera å korrigera det amerikanske biletet av Norden? Det må gå an å visa at Norden er både sosialdemokratisk og marknadsøkonomisk, trudde han.

Og sjølv om Norden på 1970-talet blir brukt som eit skræmebilete av Donald Trump og tilhengjarane hans i dag, var det etter hans oppfatning eit viktig tiår for Norden.

– Politikken frå 1970-talet gjorde at me i dag skårar høgast på alle positive indeksar, slo han fast.

– Inspirerte av fagforeiningsleiarar i USA

Økonomprofessor Kalle Moene har forska på den nordiske modellen og minna forsamlinga om at den ikkje kom av seg sjølv.

– Den nordiske modellen er ikkje vedtatt, men er noko som har utvikla seg. Faktisk så var mange fagforeiningsleiarar i Norden inspirerte av fagforeiningsleiarar i USA. Etter 1945 hadde USA ein høg prosent av fagorganiserte i privat sektor. Og fram til 1970-talet var det mindre lønnsskilnader mellom arbeidstakarar i USA enn i Europa, peika han på. Grunnen til at den utviklinga stansa opp, hadde han også eit svar på. – Det handla i stor grad om rasisme. Velferdsordningane skulle koma alle til gode, men så blei det hevda at svarte kvinner utnytta systemet. Seinare viste det seg at det ikkje stemte, understreka han.

Kalle Moene ville også gjerne rydda opp i ei misforståing.

– USA har ein stor lukka økonomi og dei har sjølve rota den til. Landet har ikkje ein like open og utoverretta økonomi som dei nordiske landa. USA er kanskje for stort til det, trudde han.

PANEL I PANDEMIENS TID: Panelsamtalen om USA og Norden gjekk føre seg både fysisk i Litteraturhuset og digitalt.  I Litteraturhuset sat Vårin Alme, Bente Kalsnes og Kalle Moene. På skjermen kom Hilmar Mjelde frå Universitetet i Bergen og Haldor Byrkjeflot frå Copenhagen Business School. UiO: Norden-direktør Tore Rem leia debatten (Foto: Martin Toft) 

– Veljarane bryr seg ikkje om det

Bente Kalsnes trekte fram det paradoksale i korleis Sverige hadde utvikla seg i det amerikanske biletet av landet det siste året.

– Det har gått frå å vera eit sosialistisk skremmebilete til å vera eit land som er eit godt døme på korleis det går an å takla pandemien. Eg trur eigentleg ikkje det er så lurt av politikarane i USA å samanlikna seg med Danmark og Sverige, og i mindre grad Noreg. Veljarane bryr seg ikkje om det, for dei har ikkje kunnskap om det, konstaterte ho.

Vårin Alme meinte derimot at presidenten hadde det.

– Donald Trump veit godt skilnaden mellom Sverige og Noreg. Han veit at Noreg er eit rikt land og deler ut Nobels fredspris. Amerikanarane vil helst ha sin eigen politiske modell, peika ho på.

– Riv ned tilliten

Etter Bente Kalsnes‘ meining er det likevel polariseringa av media som er den viktigaste skilnaden mellom Norden og USA akkurat no.  

– President Donald Trump riv ned tilliten til CNN, New York Times og Washington Post ved å kalla sakene dei publiserer for «fake news». Norden hadde partipresse i mange tiår, men det blei slutt på det på 1980-talet. I USA har objektivitetsprinsippet vore viktig for media heilt sidan 1920-talet. No er det blitt ei meir politisk slagside på media i USA, og situasjonen er blitt meir slik som Norden var før, men ikkje slik som Norden er i dag. Kommentarorane I USA legg ikkje skjul på kvar dei står politisk, slo ho fast.

Statsvitar Hilmar Mjelde lanserte eit nytt omgrep for Norden i USA.

 – «Floating signifier» (flytande tyding/red.merknad), det er Norden i USA. For det kan brukast på ulike måtar. Den jamne amerikanaren har ikkje noko bestemt oppfatning av Norden, meinte han. Mjelde hadde også registrert at norske media er svært opptekne av stoff om Noreg i USA. – Med ein gong ei avis omtalar Noreg i USA, blir det eit oppslag i VG. Men mange amerikanske politikarar og samfunnstoppar har norske røter. Senator Hubert Humphrey var halvt norsk, Walter Mondale var halvt norsk og tidlegare høgsterettsjustitiarius Earl Warren var halvt norsk. Det siste eg høyrde, var at VG hadde intervjua kusina til den nye høgsterettsdommaren  Amy Coney Barrett berre fordi ho bur i Noreg og er gift her, hadde han notert seg.

Noreg var største utvandringslandet etter Irland

Vårin Alme meinte at interessa for USA og det amerikanske i Noreg har røter tilbake til då utvandringa starta frå Noreg til USA på byrjinga av 1800-talet.

– Etter Irland var Noreg det landet som i høve til folketalet ga frå seg flest folk til USA. Dei drog dit for å oppleve den amerikanske draumen. Mange av etterkomarane deira bur i dag i Iowa, Sør- og Nord-Dakota og i Wisconsin og dyrkar norsk matkultur som lefse og lutefisk. Den store norske utvandringa stansa  med Immigration Act frå 1924. Den skulle eigentleg hindra innvandring frå Aust- og Sør-Europa, men ramma også nordmenn. I dag er den høge tilliten til styresmaktene i Norden som mange trur skil landa mest frå USA, sa ho.

DEBATTLEIAR: Direktør Tore Rem i UiO:Norden fekk endeleg helsa folk velkomne til UiO:Norden-samtalen på Litteraturhuset. Denne gongen handla den om forholdet mellom USA og Norden. (Foto: Martin Toft) 

– Naivt

I dagens debatt om USA er det mange som meiner at den nordiske modellen også kunne vera bra for USA. Økonomiprofessor Kalle Moene avviste ein slik tanke

– Det er naivt å tru at det skal vera mogleg å eksportera ein modell til eit anna land. Me kan læra av kvarandre utan å imitera. USA kan læra at liten grad av lønnsskilnader og eit godt helsevesen for alle, vil vera bra for økonomien. I dag er alle helseforsikringar i USA knytte til arbeidsgjevaren din. Det hindrar mobilitet på arbeidsmarknaden, sa han.

I 2016 var Hilmar Mjelde den einaste norske USA-eksperten som spådde at Donald Trump ville vinna presidentvalet. Denne gongen er han ikkje like sikker:

 – Koronapandemien har øydelagt for Trump. Den største spenninga no knyter seg til korleis den sitjande presidenten taklar valprosessen. Det er viktig for verda. Og eg meiner at veremåten hans så langt, er riksrettsverdig, var sluttkommentaren frå Hilmar Mjelde. Om Donald Trump får halda fram som president i fire nye år eller må overlata Det kvite huset til utfordraren Joe Biden, får me svaret på tysdag 3. november. Det er den første tysdagen etter den første måndagen i november,dagen då det kvart fjerde år er presidentval i USA. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2020 23:42 - Sist endra 28. okt. 2020 23:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere