Donald Trump er ein notorisk løgnar

– Donald Trump er den mest populære guten i klassen, medan Hillary Clinton er den flinke jenta med hornbrillene. Derfor heiar så mange på Donald Trump, meiner retorikkprofessor Cheryl Glenn ved Penn State University.

HALVSANNINGAR OG LØGNER: – Alt som Hillary Clinton seier, er teknisk sett sant, men ho fortel ikkje heile sanninga. Folk meiner likevel at løgnene hennar ikkje er like store som Donald Trump sine, seier retorikkprofessor Cheryl Glenn frå Penn State University.

Foto: Ola Sæther

Cheryl Glenn er temmeleg sjokkert då me treffer henne i Eilert Sundts hus på Blindern.

– Veit du at i går heldt eg ei førelesing på Handelshøyskolen BI i Nydalen om retorikken i den amerikanske presidentvalkampen, og fleire av studentane meinte at Donald Trumps innvandringspolitikk var heilt rett. Det hadde eg ikkje trudd eg ville oppleva i Noreg, seier ho tydeleg rysta.

Uniforum møter henne like før ho skal halda foredraget Rhetorical struggles and the 2016 U.S. presidential campaign under eit seminar for medie- og retorikkforskarar ved UiO.

– Historias best kvalifiserte presidentkandidat

Cheryl Glenn er ein av USAs mest kjende retorikkforskarar. Ho samarbeider nært med retorikkforskarar ved Universitetet i Oslo og ved Örebro universitet i Sverige.

Sjølv legg ikkje Cheryl Glenn skjul på at ho er ein glødande tilhengjar av Det demokratiske partiet sin presidentkandidat, Hillary Clinton.

– USA har aldri hatt ein betre kvalifisert presidentkandidat enn henne. Heldigvis ser det ut til at ho vil koma til å vinna. I alle fall om me skal tru meiningsmålingsbyråa som har rekna ut at det er over 80 prosent sjanse for at ho gjer det. Eg håpar dei har rett, men eg har tatt feil før, for eg var mellom dei som spådde at Donald Trump aldri ville koma til å bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

– Skaffar seg gratis TV-tid

– Kva trur du er grunnen til dette?

– Først og fremst er grunnen at han appellerer til alle dei som er imot dei etablerte politikarane i Washington D.C. Dessutan seier han akkurat det som mange tenkjer, men ikkje torer å seia.  Og kvar gong han seier noko sensasjonelt, oppsiktsvekkjande og sjokkerande, kastar massemedia seg over saka, og då får han heilt gratis TV-tid. Han er også flink til å gripa sjansen til å senda ei twittermelding med ein kort kommentar til noko, like etter at det har skjedd, og også på den måten skaffar han seg ekstra plass på TV-nyhenda, fortel ho.  

– Han er ein patologisk løgnar med stort patos, ei sinnsrørsle som er prega av høgtid og sterke kjensler. I retorikken sin brukar han aldri argument for eller imot ei sak. Det handlar heller ikkje om å ha personleg karakter. Alt handlar om å få ut bodskapen med høgast mogleg volum. Og tilhengjarane hans elskar han på grunn av det, og bryr seg ikkje om at han serverer dei løgner og halvsanningar. Han kan seia at klimaendringane er noko Kina har funne på og at Russlands president Vladimir Putin er heilt ok. Det einaste dei bit seg merke i er at han vil gjera Amerika stort igjen, konstaterer ho.

– Hillary Clinton argumenterer

Kontrasten er svært stor til motkandidaten, Hillary Clinton frå Det demokratiske partiet.  

– Hillary Clinton argumenterer for sine politiske synspunkt og for dei tinga ho vil gjennomføra. Ho prøver å få god kontakt med publikum. Men Hillary Clinton står fram som ein slags advokat. Folk stolar ikkje på henne og hennar patos eller sinnsrørsle. Alt som ho seier, er teknisk sett sant, men ho fortel ikkje heile sanninga. Folk meiner likevel at lygnene hennar ikkje er like store som Trump sine. Samtidig brukar ho mange hundre millionar dollar på å få reklametid hos dei store amerikanske TV-selskapa. Tilhengjarane til Donald Trump ser på henne som ein del av det etablerte politiske miljøet i Washington D.C. Då hjelper det ikkje at ho har hatt stor suksess både som utanriksminister og som senator, slår Glenn fast. 

Etter hennar oppfatning bør presidentvalkampen handla meir om kva som skal gjerast for å løysa utfordringane det amerikanske samfunnet strir med. – Presidentkandidatane må bli flinkare til å fortelja veljarane korleis dei vil løysa desse problema om dei vinn valet, peikar ho på.

Håpar på tilhengarane til Bernie Sanders

Cheryl Glenn synest det var fantastisk å sjå kor mange unge som kom på valmøta til den største utfordraren til Hillary Clinton i kampen om å bli presidentkandidaten til Det demokratiske partiet, altså Bernie Sanders. – Håpet mitt er at dei stemmer på Hillary Clinton i staden for å sitja heime. Om ho hadde vald Bernie Sanders som visepresidentkandidat, ville det ha vore lettare å dra i land sigeren, trur ho.  

Den 8. november skal presidentvalet i USA avgjerast. Cheryl Glenn er heilt sikker på at Hillary Clinton vil vinna. – Ja, det er eg. Mange republikanarar vil truleg heller stemma på Hillary Clinton enn på Donald Trump, fordi dei er redde for sin eigen plass i Kongressen. Samtidig er eg også sikker på at om han taper, vil Donald Trump påstå at heile presidentvalet var rigga.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2016 05:00 - Sist endra 26. sep. 2016 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere