USA-ekspert Hilmar Mjelde: – Donald Trumps oppførsel kvalifiserer til riksrett

– USA treng no ein president som veit korleis statsapparatet kan setjast i sving. Alt Biden har sagt og gjort hittil høyres svært lovande ut. Det seier USA-eksperten Hilmar Mjelde etter at det no er klart at demokraten Joe Biden blir USAs neste president.

Ein mann i blå skjorte er ute og går medan mangle ber på valplakatar

BLIR PRESIDENT: Senator Joe Biden blir USAs president frå 20. januar 2021. I går blei det endeleg klart at han hadde vunne presidentvalet 3. november.  

Foto: Gage Skidmore/Wikimedia Commons

Litt før klokka 17.30 laurdag 7. november blei det endeleg klart at demokraten Joe Biden hadde fått dei 20 valmannsstemmene frå Pennsylvania, og dermed hadde han fått 274  valmenn, nok til at han kunne kunngjerast som vinnar av presidentvalet i USA 2020. Seinare blei det klart at han også hadde fått fleirtal i Nevada og i Arizona og han er no oppe i 290 valmenn, medan Donald Trump har fått 214. For å vinna valet i USA, må ein presidentkandidat ha 270 valmenn.

Det amerikanske presidentvalet 2020: 

Kandidatar: President Donald Trump  (Rep) (74) vs. senator Joe Biden (Dem.) (77)

Resultat per 7. november kl 17.30: Trump 214 valmenn vs. Biden 290 valmenn. BBC gir Biden 279 valmenn, og det er nok til å bli vald som president. 

Joe Biden vert tatt i ed som president 20. januar 2021, medan Kamala Harris blir tatt i ed som den første kvinnelege visepresidenten i USA.  Donald Trump sit som president fram til den datoen. 

(Kjelder: NRK, VG; CNN, BBC)

Dermed får USA også sin aller første kvinnelege visepresident, Kamala Harris, som no er senator, men som tidlegare har vore både justisminister og statsadvokat i USAs folkerikaste delstat California.  Den sitjande presidenten Donald Trump har enno ikkje vedgått nederlaget og har varsla søksmål mot delstatane som Joe Biden vann, med krav om omval og med skuldingar om at presidentvalet har vore rigga. Så langt har han og advokatane hans ikkje klart å leggja fram prov for det.

– Eit direkte brot på presidenteden

Seniorforskar Hilmar Mjelde ved forskingssenteret Norce i Bergen er svært sjokkert over Donald Trumps veremåte både under og etter presidentvalet. 

– Det gjekk ikkje greit for seg når det gjeld oppførselen til presidenten som gjekk til frontalangrep på det viktigaste aspektet ved demokratiet: valprosessen.  Det Trump gjorde kvalifiserer til riksrett. Det var eit direkte brot på presidenteden han har avlagt, skriv  han i ein epost til Uniforum.  

Derimot skryt han av organiseringa av presidentvalet

– Logistisk har valet eigentleg gått veldig fint føre seg, er dommen hans. 

– Meiningsmålingane gav eit feil bilete

Hilmar Mjelde var den einaste USA-eksperten i Noreg som trudde at Donald Trump kunne vinna presidentvalet mot presidentkandidat Hillary Clinton frå Det demokratiske partiet i 2016. Då fekk han rett. Denne gongen såg han det som sannsynleg at presidentkandidatane Donald Trump og Joe Biden ville fylgja kvarandre til målstreken.   

SOM EIN GERALD FORD: – Biden kjem no inn som ein Gerald Ford som skal roa ned stemninga etter ein omstridd president, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde. (Foto: Universitetet i Bergen)



– Ja, fordi landet er delt på midten. Republikanarane overpresterte i Kongressvalet. Meiningsmålingane gav openbart eit feil bilete då dei synte at Biden kunne vinna med 10 prosentpoeng. Det stemte eigentleg ikkje med det me på førehand visste om polariseringa i landet, slår han fast. 

Kva tykkjer du om at begge presidentkandidatane gjekk ut og kommenterte valet før resultatet var offentleg kjent?

– Adam Przeworski sin kjende definisjon av eit demokrati er at det er eit system der parti taper val. Demokratiet fordrar at aktørane handlar i god tru. Derfor var Trump sin tale antidemokratisk. Han prøvde å seie til veljarane at dei vart fråstole valet når dei ikkje vart fråstole valet.

 

– Han overlet pandemien til delstatane

Hilmar Mjelde er heller ikkje i tvil om kva som var dei viktigaste grunnane til at Donald Trump ikkje klarte å vinna presidentvalet og halda fram som USAs mektigaste mann i fire år til.

– To årsaker: pandemien og utmattelsen. Trump gav ikkje det nasjonale leiarskapet folket hadde rett til å forventa i ei nasjonal krise. Han overlet pandemien til delstatane. Det ville aldri Lincoln eller Roosevelt gjort. Folk er no utslitne etter fire år med kaos under Trump. Biden kjem no inn som ein Gerald Ford som skal roa ned stemninga etter ein omstridt president, fortel han til Uniforum. 

– Den mest erfarne, innkomande presidenten sidan George Bush

For Hilmar Mjelde trekkjer fram fleire kvalitetar ved den valde presidenten Joe Biden som gjorde at han til slutt tok innersvingen på Donald Trump.

– Kompetanse og statsmannskunst vart attraktivt igjen i denne situasjonen. USA treng no ein president som veit korleis statsapparatet kan setjast i sving. Alt Biden har sagt og gjort hittil høyrest svært lovande ut. Men så er han også den mest erfarne, innkomande presidenten sidan George Bush i 1988, minner Hilmar Mjelde om.

-Behald sterke parti

Han meiner det også er ein lærdom som Noreg kan ta med seg etter det amerikanske presidentvalet.

– Ja, behald sterke parti. Det er svake parti som gjorde det mogleg for ei realitystjerne å verta president. Ingen norske parti ville slept gjennom ein type som Trump, for i Noreg må ein gå gradene i partiet først, avsluttar Hilmar Mjelde. 

Senator Joe Biden blir innsett som USAs president den 20. januar neste år. Fram til den dagen vil Donald Trump framleis vera USAs president.  

 

 

Emneord: USA, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2020 14:31 - Sist endra 10. nov. 2020 09:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere