Akademisk forum: Gjennomsnittsalder i styret over 70

No etterlyser styret yngre krefter som vil engasjera seg i Akademisk forum. Styreleiaren håpar dei yngre kan vera drivkrefter for å få sett i gang fleire debattar om aktuelle tema i framtida.

Johan Storm, Nina Witozsek og Trine B. Haugen sit i styret for Akademisk forum

MÅ SLEPPA TIL: – Dei yngre må sleppa til også i våre styrande organ. Og dersom me får på plass eit møte om det omstridde IT-prosjektet IAM, trur me at fleire yngre forskarar vil koma, seier styremedlemane Johan Storm, Nina Witozsek og Trine B. Haugen. 

Foto: Martin Toft

Då Unforum møter dei tre styremedlemane og professorane Johan Storm frå UiO og Nina Witoszek frå UiO og Civitas-universitetet i Warszawa og Trine B. Haugen frå OsloMet, er dei i godt humør etter at debatten mellom historieprofessor Hilde Henriksen Waage og utanriksminister Espen Barth Eide i Georg Sverdrups hus kunne skilta med eit svært godt oppmøte. 

Les også:  Utanriksministeren lova Hilde Henriksen Waage innsyn i Terje Rød Larsens arkiv

Dei ynskjer ikkje å kvila på laurbæra, så difor er dei i gang med å planleggja eit nytt debattmøte som skal appellera til den yngre forskargenerasjonen, og ikkje berre til den eldre garde blant forskarane. 

– Dei yngre må sleppa til også i våre styrande organ

For det er nettopp denne utviklinga som gjer at Akademisk forum kjem med eit naudskrik til alle i akademia på UiO.

– Dei yngre må sleppa til også i våre styrande organ. Me håpar at dei vil engasjera seg i styret for Akademisk forum og vera drivkrefter for å få sett i gang fleire debattar om aktuelle tema i framtida. Og me vil minna dei om at me er ein del av Forskarforbundet, seier medisinsprofessor Johan Storm den mangeårige leiaren for Akademisk forum. Forutan han, Nina Witoszek og Trine B. Haugen sit også jussprofessor Hans Petter Graver og fagdirektør og molekylærbiolog Sissel Rogne i styret. 

Johan Storm slepper også eit ferskt nyhende. 

– Me skal snart oppretta eit råd for styret for Akademisk forum. Der kan mange fleire aktive forskarar vera med og bidra med innspel utan å bruka så mykje tid. Også yngre krefter frå blant andre Akademiet for yngre forskarar og ulike andre fag og organisasjonar kan bli med. Fleire har allereie sagt seg interesserte, fortel han.

– Det neste møtet  i februar skal handla om det omstridde IT-systemet IAM som Kunnskapsdepartementet no vil tvinga alle universiteta og høgskulane til å å ta i bruk. Om me får det til, trur me at fleire yngre forskarar vil koma,  seier Storm. 

Hald deg oppdatert! Motta Uniforums nyhendebrev 

– Ein stad alle tilsette kan møtast  

Førebels er ikkje alle korta på plass i kortstokken, men det håpar han og resten av styret å få til om kort tid.

Han og dei to andre styremedlemane understrekar at det no i vår tid er eit svært sterkt behov for ein slik open møteplass som Akademisk forum. 

– Det er ein stad på universitetet der alle tilsette kan møtast for å drøfta viktige og aktuelle spørsmål ut frå sine eigne synsvinklar i eit «nedanfrå og opp»-perspektiv. Det er spesielt sentralt i ei brytningstid som no, då ei lang rekkje, nye brennande og kontroversielle spørsmål står i kø, frå åtak på akademisk fridom og aukande forskingsfusk i fleire land, til publiseringskrise og heilt nye problem og moglegheiter med kunstig intelligens, seier dei. 

–  Det meste av kompetansen finst på grunnplanet

Dei peikar på at det då ikkje held at nesten alle initiativ og møte vert organiserte frå toppen, frå leiarnivået. For etter deira meining er det svært viktig at forskarar sjølve kan løfta fram og diskutera problem ut frå eigne behov og premissar.

– Dette er spesielt sentralt ved akademiske institusjonar for dei skil seg frå mange andre organisasjonar ved at det aller meste av kompetansen, initiativet og skaparkrafta finst på grunnplanet, slår dei fast.

All dei tre styremedlemane er opptekne av ytringsfridomen for alle dei tilsette på universiteta og høgskulane. 

– Det er stadig folk som gruar seg for å ytra seg. og kjenner at dei må vera svært varsame med kva dei seier for ikkje å risikera å koma på kant med leiarar. Derfor er me også opptatt av å få debatt om kva akademisk leiarskap inneber, seier dei.

– Institusjonane er nesten blitt som bedrifter

Alle meiner at talet på profesjonelle leiarar har ekspandert i akademia og mange faglege leiarar driv ikkje sjølve med fagleg aktivitet. 

– Men det finst unntak og nokre leiarar publiserer mykje, seier Trine B. Haugen.

Ho viser til at fusjonar av institusjonar eller interne samanslåingar også har ført til fleire lag med leiarar, det vil seia ein meir hierarkisk struktur.

– Ja, utdanningsinstitusjonane er nesten blitt som bedrifter, seier Nina Witoszek. Ho meiner dei i aukande grad blir tvinga til å forsvara økonomiske interesser framfor demokratiske verdiar.

Trine B. Haugen synest diskusjonen om akademisk leiing er viktig og ynskjer meir debatt om korleis leiarstrukturen påverkar den daglege aktiviteten.

– Me har mange ressursar på universiteta, og dei må forvaltast på ein god måte i samsvar med det som er oppgåvene til universiteta, slår ho fast. 

– Det blir ofte fleire leiarar i rektoratet

Haugen meiner det må leggjast til rette for at dei tilsette kan levera undervisning og forsking av høg kvalitet.

– Med institusjonelle strategiske satsingar ser ein ofte at det blir fleire leiarar, til dømes fleire i rektoratet, og utviding av staben, medan det ikkje er ei tilsvarande satsing blant dei faglege tilsette, seier ho.

– Me føler på mange måtar at debattane våre får ingen konsekvens. Men me forsikrar kvarandre om at debattar er demokrati, og at dei vil få konsekvensar, seier Johan Storm.

Urolege for dei vitskaplege publikasjonane

No er både han, Nina Witoszek og Trine B. Haugen redde for den krisa dei vitskaplege publikasjonane er i .

– Til dømes er mange av dei leiande tidsskrifta innanfor biomedisin overtatt av det mektige nederlandske forlaget Elsevier som «mjølkar» desse veletablerte tidsskrifta med vekt på maksimal profitt, samstundes som kvaliteten vert uthola. Det er ei alvorleg utvikling, seier Storm.

Alle er urolege for kva som skjer vidare med utviklinga av kunstig intelligens i Silicon Valley der teknologimogulane har fått frie hender av president Donald Trump. 

– Derfor blir det spennande å sjå kva som skjer vidare slik den politiske situasjonen er no, seier Haugen.

 

Les i Uniforum: 

Utanriksministeren lova Hilde Henriksen Waage innsyn i Terje Rød Larsens arkiv

Dag O. Hessen: – Eg er blitt skulda for å vera aktivist

 

Emneord: Forskingspolitikk, Akademisk fridom, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2026 16:40 - Sist endra 10. nov. 2026 16:40

Logg inn for å kommentere