Institutt for statsvitskap skal formidla kunnskap om USA-valet medan det skjer

– Me ynskjer å få forskarar til å visa korleis USA-valet påverkar deira forskingsfelt. Det seier UiO-professor i statsvitskap, Jens Jungblut. Han har sett i gang ein førelesingsserie som blir avslutta dagen etter presidentvalet i USA.

Portrett av Jens Jungblut

VANSKELEG Å FORSTÅ: – Det kan vera mange gode grunnar til at veljarar i USA støttar Donald Trump og ikkje Kamala Harris. Men for det norske folk er det generelt vanskeleg å forstå kvifor nokon vil stemma på Trump, konstaterer professor Jens Jungblut ved Institutt for statsvitskap.  Denne hausten set han i gang ei førelesingsrekkje om valet i USA for bachelorstudentar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 28. august går startskotet for innføringsførelesinga om USA-valet. Den skal haldast av initiativtakaren professor Jens Jungblut ved Institutt for statsvitskap på  UiO.

Etter attentatet mot Det republikanske partiets presidentkandidat Donald Trump, og etter at Det demokratiske partiets presidentkandidat, noverande president Joe Biden, trekte seg som kandidat og overlet stafettpinnen til visepresident Kamala Harris, har presidentvalet i USA fått ein annan dimensjon. Utfallet er truleg endå meir ope enn det var i starten på valkampen. Derfor er denne førelesingsrekkja brennaktuell for dei studentane som deltar.

Det tverrfaglege kurset er på engelsk, og har 70 plassar til bachelorstudentar frå heile UiO, og det er allereie fullt.

– Kurset gir 10 studiepoeng, og dei kan leggjast inn som ein del av bachelorgraden ved alle relevante studium på UiO, fortel Jens Jungblut til Uniforum. 

Fekk ideen frå Tyskland

Han viser til at Institutt for statsvitskap sette i gang med eit liknande tilbod før presidentvalet i 2020. 

– Eg kjenner det frå Tyskland. Der hadde dei det som me kalla for ring-førelesingar. Førelesarar frå ulike fagfelt skifta på å halda innlegg om korleis til dømes eit val i USA kunne påverka deira forskingsområde.

Han er godt nøgd med at førelesarar frå ulike institusjonar og fakultet har takka ja til å førelesa om ulike tema der resultatet av USA-valet kan få mykje å seia. 

– Me har mange flinke fagfolk her på Universitetet i Oslo, men også ved andre institusjonar. Kvifor ikkje bringa dei hit for å få dei til å fortelja om korleis valet i USA verkar inn på deira fagområde? spurte me oss, fortel Jungblut.

Får direkterapport frå Texas dagen etter valdagen

Han viser til synspunktet som ein av USA-ekspertane tidlegare i sommar kom med.

– I Aftenposten sa nyleg Hilde Restad frå Oslo nye høyskole at ingen er USA-ekspertar. Dei er berre ekspertar på eit spesifikt område, nokre på klimapolitikk og nokre på val. Me har tatt henne på ordet og invitert henne til å vera med på zoom den 6.november, dagen etter valet, for å fortelja om det moglege valresultatet i delstaten Texas.

Klokka vil vera 15.00 i Noreg då og 08.00 i Austin i Texas. Det er slett ikkje sikkert at resultatet av oppteljinga vil vera klar då, men uansett skal ho kunna fortelja om moglege tendensar både i Texas og i andre delar av USA, fortel han. 

Får førelesingar om både demokratiutvikling og klimapolitikk

Før dei kjem så langt, skal studentane ha deltatt på mange andre førelesingar om korleis andre samfunnsområde som internasjonal tryggingspolitikk og klima kan bli påverka av valet i USA. 

– Professor Guri Bang frå NMBU på Ås skal halda ei førelesing om korleis den internasjonale klimapolitikken kan bli påverka av valet. Og vår eigen professor Scott Gates skal gå gjennom meiningsmålingane i USA og syna korleis dei kan varsla eit mogleg utfall av valet.

Tidlegare forskar ved Institutt for statsvitskap, og no førsteamanuensis i historie på HF, James Jerome John Cameron skal fortelja om atomvåpen og internasjonal tryggingspolitikk.

Professor Carl Henrik Knutsen her frå instituttet vil førelesa om den demokratiske utviklinga i USA, medan professorkollega Tobias Bach vil koma inn på korleis store delar av USAs sentraladministrasjon blir skifta ut når landet får ein ny president, listar han opp.  

Jacob Nyrup, Jamie Rae Withorne og Victoria Finn er tre andre frå Institutt for statsvitskap som skal halda innlegg.

– Det kan vera mange gode grunnar til at folk støttar Donald Trump

Jens Jungblut meiner sjølv at folk i Noreg veit mykje om Det demokratiske partiet og tilhengjarane til det partiet. Derimot tykkjer han det står dårleg til med kunnskapen om Det republikanske partiet og støttespelarane.

 

PRESIDENTKANDIDATANE: Tidlegare president Donald Trump er presidentkandidat for Det republikanske partiet medan visepresident Kamala Harris er presidentkandidat for Det demokratiske partiet. (Illustrasjonsfoto: Justin Lane-Pool/Getty Images, Gage Skidmore / CC BY-SA 2.0, European Space Agency.)

 – Det kan vera mange gode grunnar til at veljarar i USA støttar Donald Trump og ikkje Kamala Harris i dette valet. Men for det norske folk er det generelt vanskeleg å forstå kvifor nokon vil stemma på Trump, konstaterer han.

Jungblut meiner sjølv det var eit lurt trekk av Harris å velja Tim Walz som visepresidentkandidat.

– Han er lærar, fotballtrenar, jeger og tidlegare militær, er guvernør i Minnesota og kjem frå Nebraska. Han veit korleis ein skal snakka til folk i Midtvesten. Samtidig er Harris veldig sterkt forbunden med delstaten California, som saman med austkysten av USA, som til dømes New York og New England blir assosiert med politisk liberale haldningar samanlikna med andre delar av USA.  Og dei som kjem frå desse liberale delane av USA har også fordommar mot folk frå til dømes Wyoming og Wisconsin, trekkjer han fram. 

Jens Jungblut vurderer resultatet av presidentvalet som heilt ope.

 – Kvar veke vil me ha ei ny kjensle av kven som vil vinna valet. No ligg meiningsmålingane på 50-50, kanskje med ein litt betre skår for Harris dei siste vekene, er oppsummeringa hans av situasjonen så langt. 

Inga valvake 

Sjølv om Jens Jungblut er langt over gjennomsnittet interessert i presidentvalet i USA den 5. november, har han ingen planar om å delta på ei valvake.

– Nei, eg skal halda ei viktig førelesing om det moglege resultatet av valet den 6. november så då må eg vera utkvilt og opplagt. Derfor kan eg ikkje halda meg vaken til klokka 04.00 om natta,  forklarar han. 

Og når den siste førelesinga er over, står kanskje den viktigaste jobben igjen.

– Studentane våre skal ha eksamen om det som dei har lært gjennom førelesingane om valet i USA, den 19. november. 

– Og etter at dei har gjort unna den eksamenen, kan dei då kalla seg for USA-ekspertar?

– Ja, kanskje det, seier han med eit smil.

 – Men det er jo nok av dei som kallar seg for det allereie.  I alle fall håpar me at me kan gje studentane eit godt bilete av det som skjer før og under eit presidentval i USA.

Dette er heile lista over førelesingane

Les meir om val i USA: 

Sofie Høgestøl:  – Det er alles ansvar å skape den takhøyden vi ønsker i akademia

USA-ekspert Hilmar Mjelde: – Donald Trumps oppførsel kvalifiserer til riksrett

– Presidentvalet var ei røysting for eller imot Donald Trump

– USA har fått den partipressa Norden kvitta seg med på 1980-talet

USA-valg: – Ville ikke satt penger på det

Fullt hus då UiO opna Trump-seminar

Øyivnd Østerud: – Dei tilsidesette stemte på Donald Trump

– Donald Trump er ein notorisk løgnar

 

 

Emneord: USA, Val, Statsvitskap Av Martin Toft
Publisert 15. aug. 2024 04:30

Logg inn for å kommentere