Den nye kostnadsramma tar høgde for usikkerheit, blant anna knytt til å flytta skjøre, nærmare tusen år gamle kulturskattar, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. I nysalderinga av statsbudsjettet for 2023 ligg altså nytt vikingstidsmuseum på Bygdøy inne med ei utvida budsjettramme på over 3,7 milliardar kroner. Det heilt nøyaktige talet er 3 milliardar 770 millionar kroner.
Dermed er prisen 770 millionar kroner høgare enn det forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe varsla i ei pressemelding tidlegare i haust. Då rekna han med at kostnadsramma på rundt 3 milliardar kroner ville halda.
• Les meir i Uniforum: Regjeringen vil ha bedre kontroll på utgiftene til Vikingtidsmuseet
Tidlegare i år kom det fram at arbeidet med nytt vikingtidsmuseum ikkje kan gjennomførast innanfor dei rammene Stortinget har sett, og derfor blei prosjektet nedskalert. Prosjektet blei justert for å halda kostnadene under kontroll, og for å koma i gang med arbeidet som vert kravd for flytting av samlingane til nytt bygg.
For å skaffa eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om kontroll med kostnader og styringa av byggjeprosjektet etter avgjerda om nedskalering, henta Kunnskapsdepartementet inn ei ny vurdering frå ein ekstern kvalitetssikrar.
Tilrår større omsyn til det unike og komplekse
I sin rapport tilrår konsulentfirmaet Atkins å ta større omsyn til at dette er eit unikt og komplekst prosjekt med høg usikkerheit på fleire område. Blant anna er flytting og sikring av museumsgjenstandane i stor grad nybrottsarbeid. Basert på dette føreslår regjeringa no å leggja inn ein større usikkerhetsmargin i kostnadsramma, slik at samla ramme for prosjektet blir på 3,77 milliardar kroner, går det fram av pressemeldinga frå Kunnskapsdepartement.
I proposisjon 21 S frå Kunnskapsdepartementet til Stortinget, vert det vist til at planane for Vikingtidsmuseet ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo tek utgangspunkt i eit behov for oppgradering av uakseptable bygningsmessige forhold og utviding av areal for å ta vare på den unike vikingtidssamlinga på ein forsvarleg måte.
Der vert det også peika på at det viktigaste sikringstiltaket er å få på plass eit nybygg der samlinga trygt kan takast vare på. Då det blei gitt startløyving til rehabilitering og utbygging av Vikingtidsmuseet i 2020 var den gjeldande kostnadsramma for byggjeprosjektet på 2 237 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2022).
1,7 milliardar meir enn den opphavlege kostnadsramma
I regjeringas forslag til revidert budsjett for 2022, jf. Innst. 450 S (2021–2022), Prop. 115 S (2021–2022) blei Stortinget orientert om at kostnadsramma for Vikingtidsmuseet er truga og at regjeringa ville kome tilbake til Stortinget med forslag til ny kostnadsramme. Sikring av den unike vikingtidssamlinga har aller høgste prioritet.
No har altså Kunnskapsdepartementet justert prisen opp til 3,77 milliardar kroner. Det er 1,7 millardar kroner meir enn det som var planlagt då startløvyinga blei vedtatt i 2020.
UiO forstod allereie i februar i år at kostnadene ville bli 1 milliard høgare enn budsjettert, og det blei Universitetsstyret den gongen orientert om av universitetsdirektør Arne Benjaminsen.
• Les meir i Uniforum: Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrarer enn budsjettert
Sidan den gongen har Statsbygg og Universitetet i Oslo utført naudsynt arbeid med mellombels sikring av skip og sledar. Det er gjort for å unngå forseinkingar og ta vare på tryggleiken til samlinga, går det fram av budsjettforslaget Kunnskapsdepartementet har sendt til Stortinget.
Før sommaren 2022 konkluderte regjeringa med at eit nedskalert alternativ skal leggast til grunn for det vidare arbeidet. Prosjektet som no ligg til grunn for gjennomføring er justert for å halde kostnadene under kontroll, og å unngå ytterlegare forseinkingar for flytting av samlingane til nytt bygg. Dette inneber at nokre av funksjonane som ikkje påverkar tryggleiken til samlinga er tekne ut av prosjektet.
Får meir enn dei bad om
Før sommarferien bad museumsdirektør Håkon Glørstad og UiO-leiinga om at det blei løvyd 1 milliard ekstra til nytt vikingtidsmuseum. Til slutt kom det 700 millionar ekstra. Om forslaget om å utvida kostnadsramma til 3,77 milliardar får fleirtal i Stortinget, vil prosjektet ha fått over 1,3 milliardar ekstra, heilt nøyaktig 370 millionar meir enn den summen universitetsleiinga fekk nei til i juni i år.
• Les i Uniforum: Håkon Glørstad: – Glad for 700 millionar til nytt vikingtidsmuseum, men trur det kan kosta dyrt å ikkje gi ein milliard
Etter planen skal museet vere ferdig i 2027. Statsbygg har hausten 2022 utarbeidd kostnadsestimat for det reviderte omfanget og utført ein ny usikkerheitsanalyse av kostnadene. Dette underlaget har gjennomgått ekstern kvalitetssikring.
Rapporten frå ekstern kvalitetssikrar tilrår å ta sterkare omsyn til at prosjektet inneber nybrottsarbeid når det gjeld flytting og sikring av museumsgjenstandar. Det inneber mellom anna å leggja inn ein større usikkerheitsmargin i kostnadsramma. På bakgrunn av dei kvalitetssikra kalkylane tilrår regjeringa at kostnadsramma for byggjeprosjektet blir auka til 3, 77 millardar kroner (prisnivå per september 2022). Regjeringas forslag til ny kostnadsramme tek høgde for den usikkerheita som til no er identifisert, heiter det i proposisjon 21 S frå Kunnskapsdepartementet.
• Les meir om nytt Vikingtidsmuseum i Uniforum:
Regjeringen vil ha bedre kontroll med utgiftene på utgiftene til vikingstidsmuseet
– Vi må sikre at vikingskipene og vikingsledene ikke blir skadet i byggeperioden
Signerte byggjekontrakt framfor Osebergskipet
Starter bygging av nytt Vikingtidsmuseum i januar 2023
UiO ber regjeringa straks å setja i gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum
LEIAR: Bla opp 1 milliard ekstra til nytt VIkingtidsmuseum, Jonas Gahr Støre!
Dei har til no samla inn over 5000 underskrifter for vern av vikingskipa
Slik kan byggingen av nytt Vikingstidsmuseum revideres
No skal byggjekostnadene til Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane
Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet
Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert
UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum
Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene
UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve
UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere