Håkon Glørstad: – Glad for 700 millionar ekstra til vikingtidsmuseum, men trur det kan kosta dyrt ikkje å gi 1 milliard

Onsdag denne veka kom gladmeldinga om at regjeringa utvidar ramma til nytt Vikingtidsmuseum frå 2,4 milliardar til 3,1 milliardar kroner.  – Det er grunn til å gleda seg over det, seier museumsdirektør Håkon Glørstad, som likevel ikkje er heilt nøgd.

GLADE: – Me er glade for at regjeringa i staden for å kutta ein milliard no gjekk inn og auka budsjettramma med 700 millionar kroner. Det er veldig flott, synest museumsdirektør Håkon Glørstad. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Både museumsdirektør Håkon Glørstad, styeleiar Ellen Horn og UiO-rektor Svein Stølen sende før helga eit brev til regjeringa der dei oppfordra den til å gjera alt den kan for å setja i gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum som planlagt, sjølv om det er behov for å revidera byggjeplanane ein del. Tre dagar seinare blei dei bønnhøyrde. 

Dette er løysinga til regjeringa: 

  • Grunnarbeida kan starta til hausten.
  • Statsbygg kan ta utgangspunkt i noverande konsept «Naust».
  • Det vil seia at dei kan gå vidare med den opphavlege planløysinga.
  • Nokre kvalitetar og funksjonar i museet og utomhus vert reduserte.
  • Utrekna kostnadsramme: 3,1 milliardar kroner.
  • Venta ferdigstilling i 2026. (Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

For 22.juni 2022 kom Kunnskapsdepartementet med gladmeldinga om at regjeringa hadde bestemt seg for å utvida ramma til prosjektet med 700 millionar kroner til 3,1 milliardar kroner. Rett nok 300 millionar kroner mindre enn det UiO og museet meinte var nødvendig for å kunna byggja eit nytt museum heilt i samsvar med intensjonane i vinnarutkastet «Naust». Det blir derfor skore ned på publikumstilbod spesielt retta inn mot barn og unge.

– Me får fortgang i byggjeplanane

Då Uniforum møter Håkon Glørstad  utanfor Vikingskipshuset på tomta til nytt Vikingtidsmuseum er han mest nøgd med at dette vil seia at bygginga kan koma  i gang nesten etter planen.

– Det er grunn til å gleda seg over tre ting. No blir det ikkje fleire forseinkingar og me får fortgang i byggjeplanane. Samlinga blir også tatt vare på på ein ordentleg måte og sikringa blir tatt godt vare på no.  Det tredje er det er valt eit konsept som sørgjer for at me ikkje treng gjera grep som ikkje er irreversible og som ville blokkera for gode løysingar i åra framover. Me er veldig glade for at ein har falle ned på dette alternativet, seier Håkon Glørstad til Uniforum.

– Mykje billegare for staten å ta heile prosjektet no

Derfor er han trass alt glad for denne sommargåva frå regjeringa til Kulturhistorisk museum og UiO.

– Me er glade for at regjeringa i staden for å kutta ein milliard no gjekk inn og auka budsjettramma med 700 millionar kroner. Det er veldig flott, synest museumsdirektøren.

Håkon Glørstad ser ikkje bort frå at dei 300 millionane som manglar for at den samla ramma skulle bli utvida med 1 milliard, vil bli lagt på bordet seinare.

– Det er klart at ein kan etterinvestera desse 300 millionar kronene, men poenget vårt er at når me no først er i gang med bygginga, blir det truleg mykje billegare for staten å ta heile prosjektet no i staden for å ta det stykkevis og delt i etterkant.  Det blir billegare byggjeøkonomisk, men det blir også billegare ved at inntektsgrunnlaget blir etablert raskare, Med eit komplett operativt vikingtidsmuseum vil staten ha gode inntekter frå billett- og butikksal. Det er klart at det berre i løpet av nokre år, vil denne investeringa vera tent inn for staten, understrekar han.

Ynskjer dei skal få full utteljing for denne investeringa

Museumsdirektør Håkon Glørstad står fast på at den opphavlege byggjeplanen for nytt Vikingtidsmuseum var den beste.  – Me meiner at det hadde vore god økonomi i å ha valt det byggjeprosjektet som ein i utganspunktet hadde bestemt seg for å gjera, slår han fast.

– Kvifor har ikkje  statsminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe forstått det?

– Det må du nesten spørja dei om. Det kan ikkje eg svara på. Men me har gjort vårt aller beste for å prøva å få fram aspekta i denne saka. Me er einige med regjeringa i at den gjer ei stor ekstrainvestering i denne saka. Me me ynskjer sjølvsagt på vegner av både staten og regjeringa at dei skal få full utteljing for denne investeringa. Det meiner me at me hadde fått om me hadde lagt dei 300 millionane på toppen av 700 millionar. Då kunne ein ha starta med full gevinstrealisering frå dag 1.

 HAR SEGLA OM EIT STORT SKJER: – Når det gjeld vikingskipa så finst det alltid skjer i sjøen, så det er me vande med, men no er det eit svært stort skjer me har klart å segla om denne gongen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Håpar Statsbygg kan teikna kontraktar relativt raskt

Då Håkon Glørstad brukte det same argumentet overfor forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, slo statsråden tilbake og meinte at Glørstad burde vera  glad for dei 700 millionar kronene.

– Det er eg jo det, men jobben min er jo å ivareta museet på ein god måte, og det jobbar eg for kvar dag. Eg synest også det er viktig å fortelja regjeringa om heilskapsperspektivet i dette prosjektet frå vår ståstad. Det er der eg meiner at det er ingen grunn til ikkje å vera einig med Borten Moe i at me skal vera glade, men på vegner av staten tenkjer eg at staten ville ha kome betre ut av dette reint økonomisk, om ein hadde gjort heile investeringa på ein gong.

No ser  Håkon Glørstad fram til  at byggjearbeidet kan koma i gang så fort som mogleg utan forseinkingar.

– Me håpar at Statsbygg kan teikna kontraktar relativt raskt for å starta arbeidet med byggjegrop, og me håpar at den forseinkinga me hadde i vår, kan etast inn med ein effektiv prosess vidare.

– Så no reknar du med at det ikkje blir fleire skjer i sjøen for vikingskipa?

– Når det gjeld vikingskipa så finst det alltid skjer i sjøen, så det er me vande med, men no er det eit svært stort skjer me har klart å segla om denne gongen. Me håpar at det er mykje smult farvatn framfor oss i åra som kjem. Rektor Svein Stølen var inne på det. For det å ha ei god prosjektstyring vil også seia at ein styrer ressursane godt.

– Døra vår er alltid open

– Skal du invitera Ola Borten Moe hit på omvising i Vikingskipshuset?

– Han har allereie vore og kika på vikingskipa, men han er hjarteleg velkommen tilbake når det måtte vera. For det er fantastiske ting å visa fram, og då er døra vår alltid open for forskings- og høgare utdanningsministeren.

Onsdag var det ikkje mogleg for Kulturhistorisk museum å feira regjeringa si avgjerd om å utvida budsjettramma til nytt Vikingtidsmuseum.

– Det rakk me ikkje, men det skal me få  til i dag torsdag, avslører Håkon Glørstad overfor Uniforum.

• Les meir om nytt Vikingtidsmuseum i Uniforum: 

Byggingen av et nytt Vikingstidsmuseum starter i august, men publikumsopplevelsen kan bli betydelig svekket

UiO ber regjeringa straks å setja i  gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum

LEIAR: Bla opp 1 milliard ekstra til nytt VIkingtidsmuseum, Jonas Gahr Støre! 

Dei har til no samla inn over 5000 underskrifter for vern av vikingskipa

Slik kan byggingen av nytt Vikingstidsmuseum revideres

No skal byggjekostnadene til  Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum

Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene

UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve

UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2022 04:30 - Sist endra 24. juni 2022 09:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere