LEIAR: Bla opp 1 milliard ekstra til nytt Vikingtidsmuseum, Jonas Gahr Støre!

Når budsjettramma for nytt Vikingtidsmuseum er på 2,4 milliardar kroner, medan Nasjonalmuseet til slutt kom på over 6 milliardar kroner, så synest me regjeringa godt kan gi ei ekstraløyving på 1 milliard kroner til det nye museet på Bygdøy. 

Eit vikingskip i Vikingskipshuset

TAR ANSVAR: Dette er ei investering for framtida som også vil lønna seg økonomisk, men ikkje minst vil det visa at Noreg tar ansvaret for å ta vare på verdas best bevarte vikingskip på alvor, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.  På biletet Osebergskipet som saman med Gokstadskipet er verdas to einaste intakte vikingskip. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det blir ein stor internasjonal skandale om ikkje bygginga av nytt Vikingstidsmuseum kan bli sett i gang den 1. august som planlagt. Når Stortinget har vedtatt og løyvd pengar til nytt Vikingtidsmuseum, må Noreg kunna slå på stortromma når det gjeld å realisera eit storslått museumsbygg.  I forliket om revidert nasjonalbudsjett denne veka ber også dei finanspolitiske talspersonane for Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om at moglege innsparingstiltak, ikkje må føra til ei utsetjing av byggjestarten.

Noreg har dei einaste intakte vikingskipa i heile verda. Difor har me ikkje berre eit nasjonalt, men også eit internasjonalt ansvar for å ta vare på desse kulturskattane på ein best mogleg måte. Budsjettramma for nytt museumsbygg med inventar og andre investeringar er på 2,4 milliardar kroner, ifylgje Statsbygg.  I februar kunne Uniforum melda at byggjekostnadane låg an til å auka med 1 milliard kroner meir enn dette.  Det var det som fekk forskings- og høgare forskingsminister Ola Borten Moe til å setja på bremseklossen og be om at Universitetet i Oslo og Statsbygg  saman skulle leggja fram ein plan for korleis det ville vera mogleg å realisera nytt Vikingtidsmuseum utan at kostnadane skulle fyka i veret. 

Førre fredag gjorde Statsbygg kjent kva fire alternativ dei og UiO hadde sendt til Kunnskapsdepartementet. Berre alternativ 1 var mogleg å akseptera for  museumsdirektør Håkon Glørstad og UiO.  I det alternativet vil den opphavlege modellen for museet “Naust” vera nesten intakt, medan dei andre alternativa inneber drastiske reduksjonar i utstillingsareal og i det mest ekstreme tilfellet, vil dei gå heilt bort frå konseptet “Naust”.

30. september er det eitt år sidan Vikingskipshuset stengde dørene for publikum for å kunna pakka ned gjenstandar og gjera alt klart til den planlagde bygginga av eit nytt og utvida Vikingtidsmuseum på Bygdøy. Byggjestarten er sett til 1. august, men Statsbygg insisterer på at byggjestarten må utsetjast.  

Uniforum meiner at dei moglege innsparingane på kostnadane for nytt Vikingtidsmuseum ikkje må føra til at byggjestarten blir utsett.  Då vil det ta endå lenger tid før eit nytt Vikingstidsmuseum vil stå klart, og det vil ta endå lenger tid før det vil koma billettinntekter frå turistar frå heile verda. Det vil også gi færre inntekter frå turistar for Oslo og truleg også for andre turiststader i Noreg.  Aksjonen som nyleg blei sett i gang for å redda vikingskipa, har så langt fått nærmare 20 000 underskrifter frå inn- og utland.  Og initiativtakar førstelektor Marie Amundsen  ved IAKH sa til Uniforum denne veka at dei var overvelda av responsen.  Det viser kor stort engasjement det er for vikingskipa og nytt Vikingtidsmuseum.  

Når budsjettramma for nytt Vikingtidsmuseum er på 2,4 milliardar kroner, medan Nasjonalmuseet til slutt kom på over 6 milliardar kroner, så synest me regjeringa godt kan gi ei ekstraløyving på 1 milliard kroner til det nye museet på Bygdøy.  Trass alt blir det verdas einaste vikingtidsmuseum med to heilt intakte vikingskip i tillegg til mange andre fantastisk flotte gjenstandar frå vikingtida. Saman med Munchmuseet, Holmenkollbakken, Operaen, Deichman Bjørvika, Vigelandsparken og Ekebergparken skulpturpark, kan både nytt Vikingtidsmuseum og Nasjonalmuseet trekkja endå fleire turistar frå inn- og utland til Oslo og Noreg.

Dette er ei investering for framtida som også vil lønna seg økonomisk, men ikkje minst vil det visa at Noreg tar ansvaret for å ta vare på verdas best bevarte vikingskip på alvor. Egypt tar ansvaret for Kheops-pyramiden, Hellas tar ansvaret for Akropolis, Italia for Colosseum, Peru for Machu Picchu og Kina for Den kinesiske muren. 

Då må Noreg kunne ta ansvaret for Osebergskipet, Gokstadskipet og Tune-skipet og dei andre gjenstandane som skal inn i eit nytt Vikingtidsmuseum. Bla opp 1 milliard ekstra, statsminister Jonas Gahr Støre!

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Økonomi. Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. juni 2022 10:50 - Sist endra 17. juni 2022 10:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere