Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy kan bli 1 milliard dyrare enn rekna med. Det opplyste universitetsdirektør Arne Benjaminsen i Universitetsstyret i dag. 

MILLIARDOVERSKRIDING: Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy kan bli 1 milliard dyrare enn den opphavlege budsjettramma på  2,14 milliardar kroner. Det viser nye tal som Statsbygg har lagt fram for UiO. (Illustrasjon: AART Arkitekter/Statsbygg) 

Vikingtidsmuseet på Bygdøy hadde i utgangspunktet ein samla kostnad på 2,14 milliiardar kroner. No viser nye utrekningar frå byggherren Statsbygg at prisen kan bli 1 milliard høgare, noko som vil gi ei sluttrekning på 3,14 milliardar kroner. Det blei Universitetsstyret på UiO orientert om av universitetsdirektør Arne Benjaminsen i dag.

– Dei meldingane me har fått frå Statsbygg viser at grunnane til kostnadsoverskridinga er kompleksiteten i prosjektet, kompleksiteten i bygget, koronasituasjonen og auken i marknadsprisen i innsatsfaktorane for å gjennomføra dette bygget, fortalde han til Universitetsstyret. 

– Ville ikkje innfri måla

Arne Benjaminsen peika også på at Statsbygg også ville rekna ut moglegheiten til å gjennomføra kutt som ville få ned byggjekostnadane til den gjeldande ramma på 2,14 milliardar kroner. 

– Det inneber så store kutt at prosjektet ikkje vil innfri dei måla som det skal ha som eit framtidig vikingtidsmuseum, slo han fast. 

Statusen for prosjektet er derfor  at det no er underlagt ein gjennomgang som Statsbygg har sett i verk.

– Planen er at det skal gjennomførast ei ekstern evaluering av byggjeprosjektet. Og arbeidet skal vera klart i god tid før revidert statsbudsjett i mai, opplyste Arne Benjaminsen. 

Konsekvensen av dette ville bli at byggjeprosjektet ville bli forseinka. Me vil koma nærare tilbake til kva konsekvensar dette får for den vidare bygginga av nytt vikingtidsmuseum, sa han. 

700 000 besøkjande

Rektor Svein Stølen var også lei seg for dette nyhendet frå Statsbygg.

– Vikingskipa er Noregs pyramidar, sa ein statsråd ein gong. I 100 år er dei blitt forsømde. Og vikingskipa er Noregs viktigaste turistattraksjon. Fylgjekostnadane vil vera at det vil ta endå lenger tid før turistane kan koma inn i eit nytt vikingtidsmuseum. I 2019 hadde museet 700 000 besøkjande. Det er svært beklageleg at prosjektet er hamna i den situasjonen, tykte han.

• Les meir om nytt vikingtidsmuseum i Uniforum: 

I dag er siste mulighet til å se vikingskipene

UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum

Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene

UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve

UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

Ikke penger til vikingtidsmuseum før neste budsjettår

Ingen pengar til nytt vikingtidsmuseum i revidert budsjett

Gokstadskipet fikk seks nye støtter for å hindre kollaps

Dei tok ein high five for nytt vikingtidsmuseum

Vikingtidsmuseet er på plass i regjeringsplattforma

Ikke prioritert av regjeringen: UiO frykter nasjonale ikoner vil kollapse

Iselin Nybø: - Vikingtidsmuseet blir vurdert i seinare statsbudsjett

UiO ber regjeringa om å prioritera vikingtidsmuseet i 2020

Vann arkitektkonkurransen om nytt vikingtidsmuseum

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2022 15:58 - Sist endret 8. feb. 2022 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere