Dei har til no samla inn over 5000 underskrifter for vern av vikingskipa

– Me har sett i gang denne kampanjen fordi me er djupt urolege for Universitetet i Oslo si vikingtidssamling som er truga  av kostnadskutt. Det seier førstelektor Marie Amundsen om underskriftsaksjonen som har base på Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO. 

Eit vikingskip i eit museum

KREV FULLT VERN: Ein underskriftsaksjon krev at nytt Vikingstidsmuseum blir bygd som planlagt for å gi best mogleg vern til Osebergskipet, dei andre vikingskipa og gjenstandane frå vikingtida. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Underskriftsaksjonen har som ambisjon å gi vikingskipa det museet dei fortener. Så langt har aksjonen samla inn 5100 underskrifter. Målet til nettsida er å få 7500 personar til å skriva under, går det fram av nettsidene til aksjonen

Førstelektor Marie Amundsen ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO er ein av initiativtakarane til aksjonen. Det har kome inn underskrifter både frå forskarar ved norske universitet og ved danske og svenske universitet.
 

– Me har sett i gang denne kampanjen fordi me er djupt urolege for Universitetet i Oslo si vikingtidssamling som er truga  av kostnadskutt. Sikringa av vikingskipa og publikum sin tilgang til samlinga er i spel, og det er fare for at ein endar med å bruka mykje pengar på eit bygg som er ueigna til å ta vare på skipa og samlinga, seier Marie Amundsen i eit epostintervju med Uniform.

Ho opplyser til Uniforum at initiativet til underskriftskampanjen kjem frå forskarar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo, saman med internasjonalt anerkjente arkeologar og vikingtidsekspertar.

– Synleggjer den store interessa

No håpar Marie Amundsen at endå fleire skriv under på bøna om å lata ei nytt Vikingtidsmuseum bli bygd slik det var tenkt for å gi best mogleg vern for både vikingskipa og andre gjenstandar frå vikingtida.

– Underskriftskampanjen synliggjer den store interessa og det store engasjementet for denne eineståande kulturarven både i Noreg og internasjonalt, synest ho.

Større engasjement enn dei hadde trudd 

Både Marie Amundsen og dei andre forskarane som har sett i gang aksjonen, er overvelda over responsen. 

– Me hadde håpa på 500 underskrifter, men har runda 5000 på eit døgn. Og dei strøymer inn frå heile Noreg og heile verda saman med mange personlege historier og minne om museumsbesøk og håp om å få sjå vikingskipa i framtida, fortel ho entusiastisk. 

– Engasjementet var endå større enn me hadde trudd. Folk bryr seg verkeleg om den eventyrlege kulturarven som Noreg har eit nasjonalt ansvar for, legg ho til.  

Kan bli ståande bak låste dører

Iniativtakarane fryktar at samlinga kan bli ståande bak låste dører, utilgjengeleg for alle dei som vil oppleva verdas best bevarte vikingskip.

Når det gjeld dei auka kostnadane som vil føra til at den opphavlege budsjettramma på 2,4 milliardar truleg vil auka med ein milliard, meiner dei at dette i hovudsak skuldast pandemien, auka materialkostnader og den dårlege tilstanden til gjenstandane. 

Dei peikar på at Kunnskapsdepartementet trass i dette, likevel vil redusera kostnadane for det nye museet.  Underskriftsaksjonen viser også til ein rapport utarbeidd av Statsbygg og Universitetet i Oslo og kvalitetssikra av Holte Consulting, som konkluderer med at prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor reduserte rammer om gjenstandane skal sikrast for framtida og gi gode opplevingar for publikum. No krev dei som står bak aksjonen at bygginga av nytt Vikingtidsmuseum må halda fram utan forseinkingar. 

• Les meir: Slik kan byggingen av nytt Vikingtidsmuseum revideres

Aksjonen er i første rekkje retta mot norske politikarar. 

  – Kampanjen er eit rop til regjeringa, og me held på til politikarane forstår kor stort ansvar dei har, lovar Marie Amundsen. 

Mogleg avklaring i Stortinget

Den første sjansen regjeringa har til å vurdera kva som skal bli den endelege løysinga på finansieringa av bygging av nytt Vikingtidsmuseum, er i samband med behandlinga av revidert budsjett i Stortinget denne veka.

Så langt er det heller ikkje klart om det blir eit budsjettforlik mellom regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet og støttepartiet Sosialistisk Venstreparti. Før ein budsjettavtale er i boks, vert det ikkje klart kva finansieringsalternativ som blir valt til bygginga av nytt Vikingtidsmuseum. Det som er klart, er at den planlagde byggjestarten 1. august i år blir utsett. Det går fram av rapporten som Statsbygg og Universitetet i Oslo la fram før helga,

 

• Les meir om nytt Vikingtidsmuseum i Uniforum: 

Slik kan byggingen av nytt Vikingstidsmuseum revideres

No skal byggjekostnadene til  Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum

Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene

UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve

UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

 

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 13. juni 2022 15:03 - Sist endra 13. juni 2022 19:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere