No skal byggjekostnadane til Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Regjeringa vil gå gjennom prosjektet nytt vikingtidsmuseum for at det skal gjennomførast innanfor kostnadsramma på 2,14 milliardar kroner. Det opplyste finansminister Trygve Slagsvold Vedum då han presenterte revidert budsjett i dag. Livsvitskapsbygget får 600 millionar ekstra.

Portrett av ein mann i dresss og slips

KUTTLISTA: Her står finansminister Trygve Slagsvold Vedum framfor kuttlista for byggjeprosjekt i staten.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var 8. februar Uniforum  kunne melda at prosjektet  nytt vikingtidsmuseum ved UiO ville gå 1 milliard over budsjettet, Opplysninga kom frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei orientering til Universitetsstyret. Det nyhendet har også fått regjeringa til å reagera.

Har undervurdert kompleksiteten

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la i dag fram eit framlegg til revidert budsjett der det er klart at byggherren Statsbygg og oppdragsgjevaren Kunnskapsdepartementet må halda seg innanfor budsjettramma på 2,14 milliardar kroner for bygging av nytt vikingstidsmuseum på Bygdøy. Årsaka til prisauken er at dei har undervurdert kompleksiteten i tryggleiken til samlinga og i nytt bygg, går det fram av budsjettdokumentet. 

Det er grunnen til at regjeringa no vil gå  prosjektet etter i saumane for å finna ut korleis det kan halda seg innanfor den gjeldande budsjettramma. I mellomtida skal naudsynt arbeid for å sikra samlinga gjennomførast, lovar regjeringa og finansminister Trygve Slagsvold Vedum  

– Heile Noreg forlangar å få sjå vikingskipa igjen

UiO-rektor Svein Stølen meiner det er viktig å fylgja opp denne saka. 

–Eg tenkjer at me saman må alt me kan for å få redusert kostnadene. Det er samtidig viktig at me gjer alt me kan for å ta vare på den viktigaste kulturarven Noreg har, seier han til Uniforum.  Sidan i haust har Vikingskipshuset vore stengt for at arbeidet med bygging av nytt vikingtidsmuseum skal koma i gang. 

JUBEL PÅ FØDSELSDAG: 2. september 2019, på UiOs fødselsdag, kunngjorde dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø at regjeringa Solberg ville løyva pengar til oppstart av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Her har ho selskap av UiO-rektor Svein Stølen, museumsdirektør Håkon Glørstad og dåverande kultur- og inkluderingsminister Trine Skei Grande. (Arkivfoto: Martin Toft) 

– Heile Noreg forlangar å få sjå vikingskipa igjen. Dette er Noregs viktigaste og best besøkte institusjonen innanfor kulturturisme i Noreg.  I 2016 hadde Vikingskipshuset 590 000 besøkjande, peikar UiO-rektoren på.   

Svein Stølen viser også  til korleis museet er eit viktig trekkplaster for Oslo. 

– Eit nytt vikingtidsmuseum får fylgjer for Oslo når det gjeld å trekkja til seg internasjonale besøkjande, understrekar han. 

– Er milliardoverskridinga eit problem for UiO? 

– Det er eit problem for Noreg og eit problem for kunnskapsnasjonen Noreg  som vil visa fram vikingtida, som jo er  ei av dei viktigaste delane av historia vår, seier Svein Stølen. 

Sparer  mellom 4 og 5 milliardar av byggjekostnadene til nytt regjeringskvartal

SPARAR MILLIARDAR: Ved å kutta ut to planlagde bygg vil finansminister Trygve Slagsvold Vedum og regjeringa spara mellom 4 og 5 milliardar kroner på nytt regjeringskvartal. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Det er ikkje berre nytt vikingtidsmuseum innssparingane i revidert budsjett går utover.  Hardast ramma blir planane for nytt regjeringskvatal. Ved å kutta ut dei to planlagde nybygga i byggjetrinn 3. og ein reduksjon i omfanget av rehabileteringa av G-blokka, vil det bli spart mellom fire og fem milliardar kroner.

Måten regjeringa får dette til på er å dimensjonera nytt regjerningskvartal for 4100 tilsette som i dag og ikkje med 600 fleire, altså 4700 som det opphavlege budsjettet dimensjonerer med.  

Barberer megaprosjekt i Trondheim

Også ved NTNU i Trondheim brukar regjeringa sparekniven. Der legg regjeringa opp til at prosjektet NTNU Campussamling i Trondheim ikkje vert ført vidare slik det ligg føre no. Det er grunnen til at regjeringa har avslutta arbeidet med det forprosjektet som var sett i gang, og sett i gan eit arbeid med å greia ut alternativ for store nedskaleringar av prosjektet. For 2022 føreslår regjeringa å  redusera løyvinga til prosjektet med 196 millionar kroner.  Vidare arbeid med prosjektet vil regjeringa koma tilbake til i forslaget til statsbudsjett for 2023, heiter det i revidert budsjett for 2022.

Når det gjeld det andre kjempeprosjektet i Trondheim, Ocean Space Centre, ser situasjonen endå mørkare ut. Regjeringa føreslår å utsetja oppstarten av prosjektet til 2025. Etter planen skulle det kosta 8,6 milliardar kroner å realisera dette prosjektet.  Derfor blir det føreslått å redusera løyvinga til prosjektet med 405 millionar kroner i 2022. 

I budsjettdokumentet går det fram at tida fram til oppstart vil bli brukt til å omarbeida prosjektet, identifisera moglege kutt og vurdera kostnadsbiletet. I samband med statsbudsjettet for 2023, vil regjeringa gjera ei ny vurdering av moglegheitene for at prosjektet likevel kan setjast i gang i 2023. 

– Viktig at politiske styresmakter tenkjer gjennom sine tingingar av bygg

På dagens pressekonferanse viste Uniforum til at Statsbygg var byggherre i nesten alle dei statlege byggjeprosjekta som går eller har gått med milliardoverskridingar. Me trekte fram at den førre regjeringa opplevde at Statens vegvesen ikkje klarte å byggja riksvegar innanfor budsjettet, og derfor oppretta Nye Veier, eit statleg selskap som skulle konkurrera med Statens vegvesen. 

– Vil det vera aktuelt for regjeringa å etablera eit statleg selskap Nye Statsbygg som skal konkurrera med Statsbygg, ville Uniforum at finansminister Trygve Slagsvold Vedum skulle svara på.  

– Det er kommunalministeren som må svara på dette på vegner av regjeringa når det gjeld Statsbygg. Eg kan gi ein generell kommentar. Eg tenkjer at det er viktig at dei politiske styresmaktene tenkjer gjennnom sine tingingar på bygg også, og at dei er medvitne på kva dei vil ha. Det blir ofte mange visjonar. Og det blir ofte til at ein ikkje tenkjer nok risiko i prosjekta. Eg trur me skal ta ein diskusjon over kvart prosjekt og sjå på om me har vore nok medvitne på kostnadsrisikoen som ligg i dei. Det er heile tida eit politisk ansvar å ta det med. Vidare diskusjon om dette, kan du ta med kommunalministeren, var oppfordringa frå finansmiinister Trygve Slagsvold Vedum til Uniforum. 

600 millionar ekstra til Livsvitskapsbygget

Når det gjeld bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen held arbeidet fram som planlagt. Budsjettet er justert til  12,4 milliardar kroner etter at det blei klart at også Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus skal inn i det utvida bygget på nesten 100 000 kvadratmeter.

I revidert budsjett går det fram at "regjeringen har vurdert å stanse prosjektet midlertidig på grunn av den negative kostnadsutviklingen,men besluttet å fullføre prosjektet frem til tett bygg og ferdig utendørsanlegg." Lenger nede i budsjettomtalen står det derimot at regjeringa ikkje ser bort frå ei ny vurdering ved eit seinare høve. " Dersom det høye prisnivået vedvarer, vil regjeringen vurdere å stanse prosjektet midlertidig,herunder at det ikke inngås ytterligere gjennomføringsavtaler før kostnadene kommer ned på et akseptabelt nivå", skriv regjeringa i budsjettdokumentet.

Dagens tal var derimot gledelege for UiO og Livsvitskapsbygget. 

– I revidert budsjett gjer regjeringa framlegg om ei tilleggsløyving på 600 millionar kroner for å oppretthalda framdrifta i prosjektet, opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum. –  Det gjer at planlagt framdrift vert oppretthalde, og det er me godt nøgde med, legg han til.

Han har også registrert at Universitetet i Oslo saman med andre institusjonar i UH-sektoren har fått eit symbolsk reisekutt.

– Dessutan har me fått melding om at heile universitets- og høgskulesektoren vil få ein refusjon  på 61 millionar kroner  hbh  justert for  manglande kompensasjon for pensjonsutgifter, seier Arne Benjaminsen til Uniforum. – Me har rekna ut at manglande kompensasjon hos oss utgjer om lag 35 millionar kroner. Det er framleis uklart kor stor del av ekstraløyvinga UiO får, seier Arne Benjaminsen. 

(Oppdatert klokka 16:12 med kommentar frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen

 

• Les meir om nytt vikingtidsmuseum i Uniforum: 

Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum

Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene

UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve

UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

 

• Les meir om Livsvitskapsbygget i Uniforum: 

Milliardsprekk for Livsvitenskapsbygget - trolig ikke ferdig før 2027

Helse Sør-Øst gir grønt lys: Oslo universitetssykehus får lokaler i Livsvitenskapsbygget

Regjeringa vil at UiO og Oslo universitetssjukehus skal dela Livsvitskapsbygget

Livsvitenskapsbygget: Universitetsstyret vurderer partnerskap med OUS som beste løsning

OUS kan overta 20 prosent av Livsvitenskapsbygget

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2022 15:23 - Sist endra 2. juni 2022 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere