UiO ber regjeringa om straks å setja i gang bygging av nytt Vikingtidsmuseum

– Dess lengre tid det tar før bygginga av nytt Vikingtidsmuseum tar til, dess dyrare blir byggekostnadane, samtidig som staten kan gå glipp av store publikumsinntekter.  Det seier museumsdirektør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum. No ber både museet og UiO regjeringa om å ta grep.

To kvinner og to  menn står framfor Osebergskipet

KJEMPAR FOR BYGGJESTART: Både UiO-rektor Svein Stølen, museumsdirektør Håkon Glørstad og styreleiar Ellen Horn ved Kulturhistorisk museum har sendt brev til regjeringa med oppfordring om å setja i gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum så fort som mogleg. Dette er prosjektet "Naust" som vann arkitektkonkurransen. (Illustrasjon: AART Architects)

Oppfordringa til regjeringa kjem i eit felles brev som museumsdirektør Håkon Glørstad, styreleiar for museet Ellen Horn og UiO-rektor Svein Stølen har sendt til regjeringa.

Der understrekar dei tre kor viktig det er at samlingane frå vikingskipsgravene blir sikra for framtida. «Prosjektet har kommet altfor langt til at det er mulig å gjøre store innsparinger. Forsinkelsene spiser av midlene avsatt til bygging», står det i brevet.

Det vert avslutta med ei oppfordring til regjeringa om at grunnarbeida må startast opp medan nye rammer blir fastsette. Samtidig understrekar dei at dei er einige i at det må utarbeidast nye sikre kostnads- og styringsrammer for å sikre føreseielege rammer for ferdigstilling.

– Det skaper store problem å spara i eit slikt bygg

Museumsdirektør Håkon Glørstad stolar på regjeringa.

– Eg har tillit til at regjeringa utviser dømmekraft og kan ta den rette avgjerda.  Og akkurat no ligg saka hos regjeringa, konstaterer han.

Sjølv synest han at konseptet «Naust» er eit godt val for eit nytt Vikingtidsmuseum.

– Det er eit godt kvalitetssikra prosjekt som sikrar samlingane og publikums-opplevingane. Det skaper store problem og har liten innsparingseffekt å kutta i konseptet, seier Håkon Glørstad til Uniforum. 

– Vil det hjelpa å senda eit brev til regjeringa?

– Me håpar brevet vil tydeleggjera tilrådinga vår og dei negative konsekvensane av å velja eit nedkutta prosjekt, seier Glørstad.

Mogleg byggjestart først ut på hausten

Nyleg blei det også sett ein gong ein aksjon for å redda vikingskipa. Den har så langt fått samla inn om lag 20 000 underskrifter frå folk over heile verda. Sjølv om mange no støttar forsøka på å få bygginga av nytt Vikingtidsmuseum i gang etter planen 1. august, tvilar Håkon Glørstad på at det er mogleg.

– Eg trur ikkje det vil no vera klart for bygging før ein gong ut på hausten, men sjølvsagt så snart som mogleg, er håpet hans.

– Er de ikkje redde for å auka utgiftene til staten?

– Det blir endå større utgifter for staten om bygginga av bygget ikkje blir sett i gang. Også utgreiingar og vurderingar av alternative byggjeforslag kostar pengar, peikar han på.

– Dess lengre tid det tar før bygginga av nytt Vikingtidsmuseum tar til, dess dyrare blir byggekostnadane, samtidig som staten kan gå glipp av store publikumsinntekter., trekkjer Håkon Glørstad fram. 

Samtidig viser museumsdirektøren til alle dei gode ringverknadene Vikingskipshuset har hatt for både Oslo og Noreg.

– Vikingskipshuset var ein viktig beveggrunn for at folk besøkte Oslo. Det har ringverknader både for hotell, transport og serveringsbransjen. Alle tapar pengar, så lenge museet med vikingskipa er stengt, konstaterer han.

Håkon Glørstad står fast på at det i det store og heile ikkje er så store summar som skal til for at eit fullstendig og funksjonelt nytt Vikingtidsmuseum skal bli realisert. 

– Totaløkonomien i prosjektet utgjer ikkje så store kostnader for Noreg. For verda og for Noreg inneber eit nytt museum ei sikring og tilgjengeleggjering av store og unike kulturverdiar.  I eit  slikt perspektiv er det både ei nødvendig og riktig investering,  slår Håkon Glørstad fast.

– Når reknar de med å få svar frå regjeringa?

– Me reknar med å høyra frå regjeringa seinast i løpet av fredagen. 

• Les meir om nytt VIkingtidsmuseum i Uniforum: 

LEIAR: Bla opp 1 milliard ekstra til nytt VIkingtidsmuseum, Jonas Gahr Støre! 

Dei har til no samla inn over 5000 underskrifter for vern av vikingskipa

Slik kan byggingen av nytt Vikingstidsmuseum revideres

No skal byggjekostnadene til  Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum

Haugesund-selskap skal sikre og flytte vikingskipene

UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve

UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2022 22:33 - Sist endra 21. juni 2022 22:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere